LONGYEARBYEN (Klassekampen): - Tekst og foto: SVEIN LUND
Alt på 1600-talet kunne norske, engelske og nederlandske ishavsfararar fortelle om kolet som på Svalbard låg laust i fjellsidene. Med tida fann fangstfolk på ishavsskutene på å plukke med seg nokre sekkar kol heim å fyre med, men først i 1899 brakte Ishavsskipper Søren Zachariassen den første skipslasta med kol til Tromsø for sal. No starta eit villt kappløp. I fleire land skaut kolselskapa opp som paddehattar, sendte ein båt til Svalbard, sette opp eit par skilt og sa «dette er vårt».
Sjølv om norske fangstfolk og befolkninga særlig i Nord-Norge lenge hadde rekna Svalbard som norsk, hadde staten ikkje gjort noko for å gjøre norsk lov gjeldande. Det var derfor lovlause tilstandar som herska heilt til Svalbardtraktaten i 1921 slo fast at Norge hadde «den fulle høyhetsrett» over Svalbard.
Men da måtte Norge og anerkjenne dei forskjellige selskapa eigedomsretten til dei utmåla dei hadde tatt, dei såkalla traktateigedommane.
Gruve 3 driv etter den såkalla europeiske metoden, med rasbryting. Det vil seie at ein tar ut all kola og lar fjellet rase ned etterpå.
I Gruve 7 driv ein delvis rasbryting, delvis etter den amerikanske metoden, såkalle «rom og pillar-drift». Her blir 40—50 prosent av kola ståande igjen for å halde berget oppe. Gruve 7 har og meir mekanisert drift og har gjort store investeringar i moderne maskinar. Her går kola på transportband, mens Gruve 3 brukar jernbane.
Gruvesjef Terje Johansen forklarer situasjonen slik:
— I Gruve 3 har vi ikkje bare slik fløts (kollag) som vi driv på nå på 60—80 cm. Vi har og mye mektigare fløts opp mot 1.5 meter. Delar av denne er oppfart og klart til drift. Men skal den drivas lønnsamt må vi ha nye maskinar. Hadde vi hatt ein slik nå kunne vi greid oss lenge med ein ny maskin ved sida av den gamle formen for drift. Men jo lengre tid det går, jo meir minkar det på dei førekomstane som kan drivas på gammalmåten, og går det stort lengre tid vil ein måtte kjøpe dobbelt sett nye maskinar for å kunne holde oppe produksjonen. Derfor hastar det med ei avklaring.
I Stortingsmeldinga snakkas det om at Gruve 7 skal kunne overta produksjonen til Gruve 3 men alle vi snakka med frå gruve 7 sa det var heilt urealistisk.
Og administrerende direktør Ingvald Ohm sier det slik:
— Vi er nødt til å ha 3 gruver for å holde på kvantum og driftssikkerhet. Eg trur fullt og fast på at Gruve 3 skal fortsette.[1]
[1]
Til startsida