Innlegg i Klassekampen, ukjent dato

Jernbane til Kirkenes?

— Finnmark trenger utvilsomt jernbane, men den bør ende i Oslo og ikke i Moskva. Dette sto å lese i Klassekampen torsdag 27.2., og var uttalt av Per Gunnar Gabrielsen. Det kjem klart fram av avisa at han uttalte seg som forsvarspolitisk talsmann for AKP (m-1). Med andre ord må lesarane oppfatte dette som AKP (m-1) sin politikk.

Jaså, så AKP meiner vi i Finnmark utvilsomt treng jernbane. Bare da så rart at vi ikkje har oppdaga det sjølv. Verken AKP eller RV i fylket har eller har hatt på programmet ein jernbane gjennom Finnmark. Derimot gikk vi inn for jernbane til Tromsø, fram til Finnmark RV og seinare RV-landsmøtet gjorde opp med dette standpunktet våren -85.

Diskusionen om forlenging av Norlandsbanen har dreid seg om samferdselspolitikk, økonomi, arbeidsplassar og om samiske rettar. I AKP/RV er det det siste som har dominert diskusjonene, og det avgjørande argumentet som samla nesten heile RV-landsmøtet var: Vi må gå mot alle store inngrep i samiske område så lenge disse ikkje er godkjent av elt samisk folkevald organ. Seinare har Kjersti Ericsson her i avisa slått fast at dette gjeld som AKP sin politikk.

Ein jernbane over Finnmarksvidda vil utvilsomt vere ei stor ulempe for reindrifta. I tillegg er det høgst tvilsamt om det vil vere løysinga på komminukasjonsproblema i Finnmark. Da treng vi heller fleire hurtigbåtar, vegbygging på kysten og billigare flyprisar.

Det er nok av dei partia som snur kappa etter vinden, som tilpassar politikken etter forskjellige taktiske behov og dermed møter seg sjølv i døra. Vi kan bare tenke på DNA og Sør-Afrikaboykott.

Eit av AKP sine varemerke har vore at politikken skulle vere konsekvent å tjene folket, å støtte undertrykte grupper uansett om vi tapte meir enn vi tjente på det i stemmer og popularitet i storsamfunnet. Ein slik tankegang var det som fikk RV til å snu i jernbanesaka, og det var heilt rett, sjølv om det ikke var bare lett å vere RV-ar i det norske Nord-Norge etterpå. Om vi har ein forsvarspolitikk som ikkje tar omsyn til samiske rettar vil vi fort komme på kollisjonskurs med vår eigen samepolitikk. Her har vi mange uløyste spørsmål som må opp i diskusjonen om nytt sameprogram for AKP.

Desverre ser det ikkje ut for at intervjuet med Per Gunnar Gabrielsen var ein eineståande glipp. Det er ikkje lenge sidan ein av journalistane i Klassekampen skreiv i ein artikkel om jernbanen at han skulle gått lenger nordover. Eg ser dette som mangel på respekt for partiet sin samepolitikk og vil be dei ansvarlige i AKP/RV snarast avklare kva som gjeld. For framtida bør Klassekampen sørge for at AKP-talsfolk som ønsker å uttale seg mot partiet sin politikk held seg til debattsida.

Svein Lund, talsmann for AKP (m-l) i Finnmark


Til startsida

sveilund@online.no