Svein Lund:

Internasjonale Tromsø

Artikkel i Klassekampen 31. mai 1988

- Vi vil ikkje vente til rasismen blir eit like stort problem her som i Oslo. Der er det fighting, her driv vi meir med fire protection, seier K.Sivarajah, medlem av interimstyret for Internasjonalt Fellesskap i Tromsø.

SVEIN LUND, TROMSØ

Troms er trulig den byen i landet som har den største aktivitet i internasjonalt og anti-rasistisk arbeid i landet. Gjennom mange år har her vore fleire aktive solidaritetsorganisasjonar. Særlig i Latin-Amerika gruppa har innvandrarar vore em stor del av aktivistane. Frå Tromsø har det reist mange helsearbeidarar til Libanon og Afghanistan. I april mobiliserte Palestinaorganisasjonane 300 demonstrantar mot volleyballkampen mot Israel.

Innvandrarar

Dei siste åra har det kome mange nye innvandrarar til Tromsø. Det er for det meste stu- dentar og flyktningar. I dag bur det omlag 1200 utanlandske statsborgarar i byen, av dei er ein fjerdedel frå den tredje verda. I tillegg kjem innvandrarar som har fått norsk statsborgarskap, og utanlandske ungar som er adoptert.

Tilsaman har innvandrarar og politiske aktivistar skapt eit allsidig internasjonalt miljø i Tromsø som knapt nokon stad i landet kan vise maken til.

Anti-rasisme

Her er fleire grupper som driv med anti-rasistisk arbeid. SOS-rasisme organiserer mest ungdom og har vore aktive i Tromsø i to år. Aksjonen Ja til et fargerikt fellesskap har ein fylkeskomite for Tromsø. Aksjon Stans Utlendingeloven er ein ungdomsaksjon med tilslutning frå 15 organisasjonar. Aksjonen har arrangert eige arrangement på 17. mal under mottoet Norge for alle. Sndag markerte dei seg under fotballkampen mellom TIL og Vålerenga med paroler på tribunane og etter kampen. Siste veka før Stortingsbehandlinga er det lagt opp til langspurt med ein eller anna aktivitet kvar dag, og demonstrasjon på laurdag.

Musikk og dans

På det kulturelle området blir og Tromsø meir og meir internasjonal. TRINFO, Tromsø internasjonale folkedansklubb, driv med folkedansar frå mange land.
TIFF, Tromsø Internasjonale Folkemusikkforening, har fest ein terdag i månaden, og virkar som eit samlingspunkt for innvandrarar. Gjennom TIFF har det oppstått fire grupper av innvandrarar eller invandrarar og norske i blanding: Forsane spelar musikk frå Marokko, Roots frå Gambia, Balkanensemblet og Rebels som spelar irsk musikk.
TROPICS er ei nystarta forening for afrikansk og latin-amerikansk musikk og kultur. Dei har nettopp arrangert gambisk veke.

Kyrkje og karneval

Det er omlag 200 utanlandske studentar i Tromsø, og dei har si eiga forening som har vore aktiv i å reise utanlandsstudentane sine interesser innafor Norsk Studentunion. Dei har og arrangert internasjonale festar med stor oppslutning.

Nord-Hålogaland bispedømme har eige innvandrarutval som har vore aktive til støtte for flyktningane og mot utlendingeloven.

Kommunen har oppretta permanent flyktningekontor, som har gjort ein stor innsats, bl.a. skaffa to vennefamiliar til alle flykningar i byen.

Og enno fins det fleire vi kunne ha nemnt. Framover sommaren og hausten kryr det av planar for politiske og kulturelle arrangement i Tromsø: Først er det karneval 5. juni, som sikkert blir prega av innslag frå mange nasjonalitetar. Troms fylke skal ha kulturkonferanse om Innvandrarkultur i september. Sjukepleiarane skal ha seminar om innvandrarar og helse, og Institutt for samfunnsvitenskap skal ha seminar om flyktningar og innvandringspolitikk.

Internasjonalt

Og som om dette ikkje var nok, er Tromsø i ferd med å få ein ny organisajon med namnet Internasjonalt Fellesskap. Vi har møtt fem medlemmar av interimstyret og spurt: Trengs det enno ein organisasjon?

- Vi treng eit senter for alle, seier Eva Gran, som arbeider i FN-sambandet og er ein av dei to norske i interimstyret. Dei organisasjonane som er frå før arbeider på kvart sitt område. Vi vil forske å bli ein fellesnemnar.

Det skal ikkje vere ein innvandrarorganisajon, seier Arun Gadgil, tannlege frå India. Det er viktig at nordmenn og blir med. Sjølv om vi samlar folk av alle nasjonalitetar er ikkje det i motsetning til at kvar nasjonalitet dannar sitt eige miljø og bevarer sin eigen identitetet. l

- Korleis vil IF bli bygd opp?
- Vi driv nå og diskuterer vedtekter, derfor kan vi ikkje seie sikkert korleis det vil bli, fortel Kanapathipillai Sivarajah, Han er tamil frå Sri Lanka og jobbar som fiskerirettleiar i Tromsø.
- Vi tenker å bygge på individuelt medlemskap, samtidig som vi oppfordrar organisasjonar til å bli støttemedlemmar. Alle i styret har forskjellige idear om ka vi vil ha. Men vi vil i alle fall gjerne ha eit lokale som vi kan bruke som samlingsstad.

- Vi vil vere ein positiv faktor, seier Eva, ikkje bare ein pekefinger. Vi vil spreie informasjon om alt det positive med eit fleirkulturelt samfunn.

Det er mange nordmenn som gjerne vil bli kjent med folk frå andre kulturar, men dei veit ikkje heilt korleis del skal gjøre det, seier Arun. For dei vil Internasjonalt Fellesskap vere eit tilbod.

Rasisme i Tromsø?

- Er det mye rasisme i Tromsø?
- Eg har budd i Stavanger og Oslo, fortel Arun. Det var tøfft. Tromsø opplever eg som eit alminnelig menneskelig samfunn.
- Eg merka stor forskjell da eg kom hit frå Oslo for tre år sidan, seier Akthar Hussain, som er PPD- konsulent og kjem frå Bangla Desh. Vi merkar tendensen til meir rasisme her og, men det er enno mye bedre enn mange stader i Sør-Norge. Her er ingen organisert rasisme, men mange innvandrarar har dårlige erfaringar frå nattelivet i Tromsø.

- Det nifse er at rasismen er i ferd med å bli ein akseptert del av norsk kultur, seier Arun. Det må jo vere noko galt med eit parti som seier det ikkje er rasistisk, men som alle rasistane vil stemme på.

- Staten har skyld i mye av rasismen, seier Akhtar.
- Når justisministeren seier det er 85 prosent falske asylsøkarar, er det lett for Carl I. Hagen å følge opp. Vi vil ikkje ha spesialbehandling. Det er ikkje rart at folk reagerer på flykningar blir plassert på høgfjellshotell. Eg har gått mot oppretting av eigen flyktningebarnehage i Tromsø. Det vil vere å gi rasistane vatn på mølla. Staten legg planar, gode eller dårlige, men dei spør ikkje ka innvandrarane sjølve vil.

- Det er ikkje bare nordmenn som må vise toleranse, seler Sivarajah. Vi innvandrarar må og slå s mot rasismen i oss sjlv. Vi tamilar er vokst opp med kastesystemet, som er ein form for apartheid. Nokre tamilar som jobba i fiskeindustrien i Finnmark kunne for eksempel ikkje bruke av samme vaskemidlet fordi dei var av forskjellig kaste!

I høst var det fleire borettslag i Tromsø som gjorde vedtak mot å få gjennomgangsboligar for flyktningar. Etter diskusjon blei det omgjort, med eit unnatak, der dei framleis står på dette.

- Alle innvandrarane i styret her er menn. Kor er kvinnene ?
- Vi har da to varakvinner som er innvandrarar.
Men dei må innrømme at dei kjem frå Sverige og Austerrike. Frå den tredje verda er det mest menn i Tromsø. På festen IF arrangerte var det bare tre innvandrarkvinner av i alt 100 deltakarar. Men Akhtar seier at det er mogleg han blir å overlate plassen sin i styret til kona. Og innvandrarkvinnene sin situasjon står på planen over dei sakene dei vil jobbe med.

For eit par veker sidan, gikk kommunestyrerepresentantar i Tromsø frå alle parti med unnatak for Fremskrittspartiet ut i avisa Nordlys og sa at dei skulle slå ring om flyktningar og innvandrarar i Tromsø. Nå har dei fått ein god sjanse til å vise at dei meiner alvor: Skaffe eit lokale til Internasjonalt Fellesskap, slik at innvandrarar og nordmenn får ein møtestad.


Tilbake til Ugras - Vevstaden til Svein Lund

sveilund@online.no