Artikkel i Klassekampen, 15.07.1988

-Ein gong skal vi flytte tilbake ?

Fiskeværet Hamningberg blei fråflytta under sentraliseringsbølga på 60-talet og ligg no øyde mesteparten av året. I løpet av få år kan vi få hundre Hamningberg langs Finnmarkskysten.

Av SVEIN LUND, HAMNINGBERG

Hamningberg er det mest kjente av fiskeværa som blei fråflytta på 60-talet. Folket i Hamningberg kjempa hardt for heimplassen sin, men blei holdt for narr og overkjørt av fylke og stat. Slik blei namnet Hamningberg eit symbol på sentraliseringspolitikken, og på kampen for å forsvare retten til å bu der ein hører til. No ligg Hamningberg heilt øyde mesteparten av året, men eit par korte sommarmånadar er her igjen liv, og gamle Hamningbergvågingar kjem strøymande frå alle kantar. Det gjør og turistane, og får kjøpe souvenirar med End of Europe.

Vi starta frå Vardø, austligste byen i Norge, byen med 25 prosent reduksjon i folketalet dei siste 10 åra. Vardø blir ikkje det neste Hamningberg, men ligg godt an til å bli Norges første avfolka by. Ishavstunnelen bringer oss 88 meter under havnivået i Bussesundet og etter 3 kilometer er vi på Svartnes. Så tar vit strake vegen nordover, nei vent litt, strake vegen var visst ikkje rette uttrykket. Han er både svingete og smal, men det er da veg. I 1962 sto han ferdig, to år før Hamningberg fikk dødsstøtet. Så dei siste hamningbergvågingar slapp å stue sofaen og spisebordet ombord i sjarken da dei flytta.

Landskap på ende

Langs store deler av dei fire mila utover til Hamningberg står landskapet på høgkant. Som snudd 90 grader i forhold til all sunn fornuft. Som sløve knivar stikk skiferen opp av jorda i retning mot sjøen. Eit månelandskap skriv dei i turistbrosjyra. Ikkje veit vi, har ikkje vore der oppe, men her på jorda har vi bare sett noko liknande ein stad, mellom Kongsfjord og Berlevåg, lenger vest på Varangerhalvøya. Og så rundt neste sving ein liten fjord med ei sandstrand like fin som noko ved Middelhavet. Om bare vatnet kom over fem grader. Opp av grasbakken innafor stikk tre sanddyner, slike vi har sett på bilete frå vestkysten av Danmark. Dei er freda, les vi på ein plakat. Vel og bra, kunne dei bare freda folket her og.

Royal Cafe

Så ser vi til Hamningberg. Over fjorden ligg 30-40 hus, med den raudmåla kyrkja som landemerke. Skolen er eit av dei første husa vi kjem til. Hamningberg skole på det velkjente blå skiltet som i 50-60-åra må ha blitt satt opp på alle skolar i landet. Men like ved sida eit nyare skilt som fortel om Hamningberg Royal Cafe. Men dei kongelige har visst ikkje kome i år, for her ser ut til å vere lenge sidan det var ope sist.

Årsaka til avfolkinga av Hamningberg er ikkje vanskelig å få auge på. Ein kort stubb av ein molo stikk ut frå land i eit fortvila forsøk på å ta litt av for storhavet. Det blei aldri løyva pengar til å bygge han lang nok. Hamningberg låg nær nokre av dei beste fiskeplassane, men dei dårlige hamneforholda gjorde at ein ikkje kunne bruke større båtar enn at ein kunne dra dei på land under vinterstormane. Kampen om Hamningberg var ein kamp om molo.

Ei historie om svik

Hamningberg var ein av dei få stadane i Finnmark som tyskarane ikkje nådde å brenne i 1944. Men like etter krigen var fylkesstyresmaktene frampå om ikkje det var like godt å flytte frå Hamningberg. Det ville ikkje befolkninga høre på. I staden satte dei i gang og fikk elektrisk straum, skole og kyrkje, men det viktigaste sto igjen; ei skikkelig hamn. Og her var ein avhengig av statlig finansiering. Men det drøydde med svar. I mellomtida søkte nokre om frålyttingsbidrag. Men svaret var nei, etter som Stortinget ikkje hadde tatt noko avgjerd om hamneutbygging eller ikkje. Så vedtok Stortinget i 1954 at det skulle byggas molo i Hamningberg. Gleda var stor, nå torde ein å satse. Men moloen lot vente på seg. Fylket satte Hamningberg aller nederst på ei lang prioriteringsliste, og arbeidet blei aldri satt igang. Mange blei lei av å vente og tenkte på å flytte. Dei søkte om frålyttingsbidrag, men nei, det var jo Stortingsvedtak på at det skulle byggas molo. Etter 11 års seigpining ga så Stortinget i 1965 dødsstøtet med vedtak om at "den tidligere godkjente plan for Hamningberg under kap. 1004 ikke kommer til utførelse". Til det siste kjempa befolkninga i Hamningberg, men etter stortingsvedtaket gikk det knapt eit år før alle yrkesaktive var flytta bort. Bare nokre få pensjonistar klora seg fast til litt ut i 70-åra.

Bare gammal tørrfisk

I dag er mange av husa heilt borte, bare murane står igjen. Andre står opne for vær og vind. mens ein god del er velholdte hus, der gamle Hamningbergvågingar kjem flyttande tilbake kvar sommar. Utafor eit av dei treff vi Anton Green. Han flytta til Vardø tidlig på 60-talet. men på sommaren må han tilbake.
- Her har eg vokse opp, og her har eg fiska i mange år. Her var godt om fisk, og eg skulle tru eg kjenner fiskeplassane. Men no. Eg var ute her om dagen. Ikkje eit bein på mange timar! Til slutt måte vi banke ein tørrfisk frå i fjor for å få oss litt fisk. Det kunne aldri hendt før. Nei. dei har tømt havet, det er heilt vanvittig. Tru meg, vi får sjå mange Hamningberg framover.

På eit stort, staselig kvitt hus stå det eit raudt skilt: 9959 Hamningberg. Og plakatar om butikk. Og jamen er ikkje butikken open, sjølv om det er godt utpå laurdags ettermiddagen.
-- Vi har akkurat opna for sommaren, seier Lilly Riise Hanssen bak disken. Her fins litt av kvart av mat og drikke, souvenirar og kort frå Hamningberg - End of Europe. Men posthusskiltet, det er nok bare gamle minner, seier ho Lilly på butikken. Om vinteren bur ho i Vadsø, men på sommaren er ho bak disken i Hamningberg igjen. Familien hennar har dreve post, handel, fiskekjøp og ekspedisjon her sidan 1850. Kor gammal ho er får vi absolutt ikkje lov å skrive. Som Hamningberg nektar ho å heilt la seg pensjonere.
Fram frå bakrommet kjem ein skjeggate kar som heller ikkje er i sin tidlige ungdom. Erling Sundve, presenterer han seg. Dreng på butikken. Opp- havelig drammensar, fugleforskar, fotograf, lærar, forfattar, budd i Hamningberg kvar sommar sidan 1966, ellers i Vadsø.

Russerorbuer

Eg ruslar ned på kaia. Eller kanskje det er rettare å seie kairestene. For siste skikkelige kaia tok stormen vinteren 1965. Opp for det siste fiskebruket ligg eit par låge, lange hus med torv på taket. Det er russerorbuene. Dei skal vere tømra i Russland, tatt frå kvarandre og ført med pomorhandlarar og satt opp igjen her. Pomorane nøydde seg ikkje med å kjøpe fisk i Hamningberg. Ein del budde og her om sommarane og fiska sjølve. Stadnamn som Russekeila fortel frå den tida. Her fins og russegraver etter pomorhandlarar som aldri kom tilbake.

Flytte tilbake?

Historia om Hamningberg blei kjent over heile landet da Bjørn Nilsen i 1968 laga to TV-program om fiskeværet, og seinare skreiv boka "Hamningberg - fraflytting og umyndiggjørelse". I 1974 skreiv han i diktet En gang skal vi flytte tilbake:
Tenk på det kamerater
den dagen vi kjører flyttelassene tilbake
til Hamningberg, Breivik og Bjørnsund
alle de forblåste hjemstedene
vi ble tvunget til å reise fra.

I dag snakkar knapt nokon på alvor om å flytte tilbake til Hamningberg. Bare på kyrkjegarden finn vi dei som har kome tilbake for godt. Her er gravlagt folk så seint som i 1986. Når folk i Finnmark snakkar om Hamningberg i dag er det om frykten for at mange fiskevær i løpet av få år skal bli som Hamningberg: ein stad for dauingar, sommargjester og turistar.
Men Bugøynes, Berlevåg, Skarsvåg og mange andre fiskevær er på god veg dit. Ikkje bare i Finnmark, men i heile Nord-Norge. Og deretter kjem turen til kysten lenger sør. Til saman er vi nokre hundretusener som enno klorar oss fast i utkantane. Vi treng ei folkerørsle som kan brøle inn i Stortingssalen og bankpalassa:
Aldri meir Hamningberg!


Til startsida

sveilund@online.no