Svein Lund:
Dei som har gått i spissen for å få kvinnene inn, både som familiemedlemmar og som arbeidarar, er utan tvil Longyearbyen Arbelderforening. Den første sigeren vann dei i 1929 da dei fikk gjennom kravet om kvinnelig messebetjening. Bedriften gikk da motvillig med på å forsøke med fire jenter, men det gikk så bra at dei raskt fikk tak i fleire. Seinare kom fleire til i ---or, skole, sjukehus osv., men ikkje før midt på ---talet begynte dei så smått å komme inn i dei tradisjonelle mannsyrkene.
- Du kan tru vi hadde ein stri tørn før vi fikk det til denne gangen, seier Agnes Kvilvang, som sjølv er første kvinnelige formann i Longyearbyen Arbeiderforening.
Det var problem med garderobe og bad som blei brukt som argument, men nå har vi fått ei bra ordning. Nå har vi jenter som rørleggar, elektriker og borslipar. Nå har Store Norske ----- spesielt for jenter og einaste hinderet for å få fleire er at det er få jenter som tar slik utdanning. Det er heller ikkje lenge sidan vi fikk dei første jentene inn i gruva som vaskarar, I grunnen har utviklingen gått fort dei siste åra.
Det var foreninga som tok opp at jenter måtte få prøve seg som gruvearbeidarar på linje med mannfolka. Da den første jenta skulle begynne på strossa i fjor var vi veldig spente. Den jobben ho skulle gjøre der er ein av dei aller hardaste som fins.
Eg var kry da ho var ferdig med opplæringa på stempla i Gruve 3. Du veit det er ingen som seier noko om alle dei guttane som gir opp i prøvetida, men hadde ikkje dei første jentene greidd det, så hadde vi nok hørt det.
I gruve 3 traff vi Anne Marie Haugen. Ho vaskar på opphalda (pauseromma) i gruva og går 3-sklft som dei andre arbeidarane her. Anne Marie kjem frå Gol i Hallingdal og har jobba her sidan februar i år.
— Eg trivas innmari bra her, seier ho. — Tjener bra og fine folk å jobbe blant.
Om det er tungt? Ja,det er ikkje noko problem å få vatnet skittent, seier ho og spring avgårde for å nå arbeidsbussen ned til Longyearbyen.
— Eg synes ikkje det er noko å snakke om, seier Dagrun Bakketun når vi ringer for å be om eit intervju med Svalbards og Norges første kvinnelige gruvebus.
— Avisene del skriv nå så mye rart da eg begynte i denne jobben. Alt var ikkje like sant. Så eg har ikkje lyst å komme i fleire aviser.
Men etter løfte om å ikkje skrive eit ord som ho ikkje har godkjent så får vi komme på besøk.
— Ei avis skreiv for eksempel at eg var aktiv kvinnesakskvinne, men det er ikkje sant. Eg tok bare jobben for å tjene bedre. Eg greidde den jobben, men eg syns ikkje det er noko å hause opp.
Dagrunn Bakketun kjem frå Senja og kom for første gang til Svalbard i 1978. Her har ho jobba på sjukehuset, på Stormessa og som brakkesjef før ho begynte i gruva i høst. Jobben ho har her er å vere kutthjelpar på stressa, der det er 60—70 cm mellom ligg og heng. som det heiter på gruvespråket. Her måkar ho unna kola med spade etter som ho kjem ut av kuttemaskinen.
— Sjølvsagt er det tungt. Det er det for alle, seier Dagrun. Det er mange som har gitt opp bare etter at eg begynte. Særlig er det tungt å dra dei svære kablane til kuttermaskinen innover strossa. Den første tida var eg heilt skutt når eg kom av jobb, men det kom seg etterkvart.
— Kva kunne gjøras for å gjøre arbeidet lettare?
— På så låge mektigheitar (høgda på kollaget) er det vanskelig å gjøre det på anna vis. Eg trur ikkje det er oppfunne noko slikt utstyr.
— Miljøet i gruva ?
- Det er eit tøft miljø. Er ein nærtakande har ein ikkje noko der å gjøre. Men guttan er grei, det er jo bare på skøy.
Og nå treng du ikkje skrive meir, seier ho Dagrun med ettertrykk.
Nei vel. Men la oss bare for eiga rekning legge til at når kvinnfolk kan jobbe på strossa i Gruve 3, da fins det ikkje den jobb som mannfolk kan gjøre som ikkje kvinnfolk kan gjøre like godt.