Artikkel i Klassekampen, 28.01.1987

(Artikkelen er noko ufullstendig, pga. skanning etter dårlig kopi)

Nei til sjukehussentralisering

Mads Gilberts framlegg om sentralsjukehus i Alta får motbør. «Vil bli alvorleg knekk for kysten og Aust-Finnmark», seier RV-ar

Av SVEIN LUND

— Bygg eit topp moderne sentralsjukehus i Alta. Dette foreslo RV sin fylkestingsrepresentant i Troms, Mads Gilbert i Klassekampen 20. januar. Dette forslaget har ført til sterke reaksjonar i Finnmark, både blant helsepersonell og RV-politikarar: Den vanlige reaksjonen er at dette ville bety nedlegging av sjukehusa i Hammerfest og Kirkenes, som er dei som står igjen i Finnmark etter at både Vardø og Vadsø sjukehus er lagt ned på få år. Ekstra sterke har nok reaksjonane vore fordi dette kjem i ei tid da Alta er einaste kommunen i Finnmark med klar folkeauke, og da er det forslag om å sentralisere stadig fleire ting dit. Blant annet går fylkesskolesjefen inn for å samle all teknisk utdanning i Alta.

— Det ville vere etn alvorlig knekk for kysten og for Aust-Finnmark, seier Arnt Johannessen, medisinstudent frå Seiland ved Hammerfest og 1. kandidat for RV i Sørøysund ved siste kommunevalg.
— Her jobbar vi og slit for distrikta, og så blir vi møtt med slikt frå RV-politikarar! Gilbert seier at Alta er ein sentral plass. For kem? Ikkje for folk frå øyane eller Aust-Finnmark. Det han tenker på er visst legar sørfrå som skal kunne reise raskt til Oslo med DC-9. Det vi treng er helsepersonell frå Finnmark som blir her. Målet er å gjøre seg uavhengig av slik import og gi folk her sjanse til utdanning. Forslaget om nedskriving av studielån for arbeid i Finnmark er bra. Skal vi få legespesiallstar, må dei få utdanne seg i Finnmark. Idag må ein som vil bli spesialist dra ut av fylket fordi her ikkje er godkjente utdanningsstillingar på dei fleste spesialavdelingane. Om ein fikk oppretta slike stillingar her, ville det og føre til mindre arbeidsbelastning på overlegane, og gjøre det lettare å få stabile overlegar. I det heile trur eg ein kan få dei 2 sjukehusa vi har til å fungere bra med langt mindre midler enn det det kostar å bygge eit nytt.

— Gilbert argumenterer tilmed at Alta er ein slik flott plass å bu. Det kan ein seie om mange plassar i Finnmark. Eg blir i alle fall ikkje med dit.

— I dag er det direkte helsefarlig å jobbe i mange stillingar i helsevesenet i ????? (manglar tekst) ???????? er sjukepleiar ved Hammerfest Sjukehus og har og jobba på Kirkenes sjukehus.

— I dag har vi 2 sjukehus med sterkt reduserte funksjonar i forhold til det andre sjukehus har. Dei heng saman på tvungen overtid og svenske og finske korttidsvikarar. Om ein bygger eit nytt i Alta vil minst eitt av disse falle saman.

Det er ikkje rart at spesialistar ikkje vil bli her når dei blir aleine om ansvaret. Det blir som å ha vakt 24 timar i døgnet, 7 døgn i veka.

— Ka meiner så du må gjøras ?
— Vi kan jo starte med å sørge for at alle som treng det får barnehageplass. Det viktigaste er kanskje retten til fritid. Overtid må bli sjeldne unnatak og arbeidstidsforkortinga reell. Nå rykker alle sjukepleiarar i Finnmark opp i minst lønnstrinn 20. Det kan nok hjelpe noko. Men eg trur ikkje svaret på problema er eit lappverk av tiltak for spesielle yrkesgrupper. Det som trengs er generelle stimuleringstiltak som bedrar levekåra for alle i Finnmark.

Styret i Finnmark RV har og reagert på utspelet frå RV sin fylkestingsrepresentant i Troms.
— Vi er sjølvsagt ikkje mot eit bedre helsetilbod i Alta seier Vigdis Korsnes Røsland i Alta.

— Men det må ikkje skje på bekostning av sjukehusa i Kirkenes og Hammerfest. Gilbert seier ein må satse på Alta fordi der er gode kommunikasjonar og skolar. Ka så? Det er vel ikkje for legane sitt ve og vel at ein bygger sjukehus, men for pasientane.

— Poenget mitt var ikkje akkurat plasseringa i Alta, seier Mads Gilbert. Det eg ville ha fram var at Finnmark treng eit sentralsjukehus så fylket sjølv kan ivareta ein del funksjonar som nå må gjøras her på Regionsjukehuset i Tromsø. Eg tenkar da på slikt som øye-, øre-nese-hals-, hud- og barneavdeling. Da ville ein i langt større grad kunne utdanna spesialistar sjølv og. I dag har folk i Finnmark eit liksom-tilbod, dei får illusjonar om at dei har noko dei ikkje har. Helsetjenesta i Finnmark balanserer på kanten av stupet. Noko drastisk må gjøras. Det eg har foreslått er eit offensivt krav. eg går ikkje inn for nedlegging av noko sjukehus. Om ein bygger eit sentralsjukehus i Alta bør Hammerfest og Kirkenes opprettholdas med eit noko lågare ambisjonsnivå.

— Nå ser det i alle fall ut til at eg har f ått igang debatten. seier Mads Gilbert til slutt. — Og det var igrunnen det eg ville.


Til startsida

sveilund@online.no