Artikkel i Klassekampen, 15.10.1987

Svein Lund:

Frå gruve – til «besøksindustri»

— Det heiter ikkje turisme nå lenger. Nå skal det heite «besøksindustri». Slik prøvar del å skjule at dei er i ferd med å legge ned heile det gamle industrisamfunnet Kirkenes. Dei er ikkje nådige i dommen over staten og kommunen sitt arbeid med å skaffe Sør-Varanger nye arbeidsplassar, Rune Rafaelsen og Hilde Noraas. Dei blir nå kommunestyrerepresentant og 1. vara for RV i Sør-Varanger.

I mars 1986 vedtok Stortinget nedleggingsplanen for A/S Sydvaranger, trass i sterk motstand. Sydvaranger blei ein prøvestein for regjeringa sin industripolitikk, for gjennomføringa av Buvik-utvalet si innstilling om einsidige industristader. Sydvaranger-arbeidarane tapte hovudslaget, men fikk mange løfter om nye arbeidsplassar.

1 1/2 år er gått. Ka har så skjedd på Sydvaranger og i resten av Sør-Varangersamfunnet?

Store løfter

Ein ting har gått etter planen, og vel så det: nedtrappinga av arbeidsstokken på Sydvaranger. Det er nesten 400 færre tilsette idag enn da kampen sto på som hardast våren 1985. Reduksjonen har til no skjedd utan oppseiingar. Tilstrekkelig mange har kjent det brenne under beina og dratt så fort dei fant arbeid andre stader. Dei aller fleste har forlatt kommunen, og familiane deira har reist med.

I Stortingsproposisjonen om Sydvaranger var det nemnt 10 prosjekt som skulle gi nytt arbeid:
1. Omstillingsløyving til Sør-Varanger Invest.
2. BarentsBase (oljebase)
3. Mellomriksveg gjennom Pasvik.
4. Kirkeneskontor for IPG (Industriprosjektgruppe Nord-Norge)
5. Forkurs for ingeniørhøgskolen.
6. Kraftoverføringslinjer.
7. Utbedring av flyplassen.
8. Reiselivskonsulent.
9. Ny bruk av dampsentralen.
10. Opprusting av kloakknettet.

Og her er resultatet:
Kloakken er fullført, ingen varige arbeidsplassar.
1 stilling som reiselivskonsulent er oppretta.
Dampsentralen er overført til KIMEK (sjå under)
Løyvinga til Sør-Varanger Invest var gjort avhengig av at ein fikk inn privat kapital, men denne har latt vente på seg. Derfor har SVI ikkje fått ut alle pengane som var løyva. Men dei har i alle fall skapt 4 heilt nye kontorarbeidsplassar - i Sør-Varariger Invest. (sjå eigen artikkel.)
Resten av prosjekta er enten lagt på is eller plassert heilt andre stader enn i Sør-Varanger. Altså er talet på arbeidsplassar ut i frå Stortingets vedtak pr. idag enno einsifra. Men noko har trass alt skjedd, og nå er det i første rekke to prosjekt som interessa konsentrerer seg om: Kimek og Grenseland.

Det mest konkrete som er skjedd til nå er skipsreparasjonsverkstedet Kimek, etablert i februar i samarbeid mellom A/S Sydvaranger og det finske storkonsernet Wärtsila. 250 arbeidsplassar skal her vere i 1991. Idag er det 85 tilsette. Dei aller fleste kjem frå Sydvaranger, og sidan det ikkje har blitt noko vidare skipsreparasjonar enno, er dei leigd ut til Sydvaranger og gjør sin gamle jobb. Dei har bare skifta kjeledress og fagforeningsbok.

Disneyland

Sør-Varanger kommune har sett seg ut turisme eller «besøksindustri» som det store satsingsområdet. 3 kilometer utafor Kirkenes skal det byggas eit gigantanlegg til vel 200 millionar, med hotell, hytter, utkikkstårn, konferansesenter, svømmehall, museum, «arktarium» osv.osv. Med det satsar ein på å tredoble talet på turistår som kjem hit og samtidig bli eit konferansesenter for Nordkalotten. I vår blei Grenseland-planen vedtatt av kommunestyret mot RV si eine stemme.

— Korfor er RV mot dette, er det ikkje bra å få turistår til kommunen, spør vi Rune Rafaelsen.
— Vi har sterk tvil om at dei føresetnadane det bygger på held. Ein bygger på 90 mill. i privat finansiering, mens Sør-Varanger Invest har store problem med å reise 10 mill. Samtidig treng ein store statlige middel. Vi er redd ein med dette kan bruke opp det som er av politisk goodwill hos staten, på eit høgst usikkert prosjekt som gir svært få arbeidsplassar.
— Vi er ikkje mot turisme, legg Hilde til. Vi har ei rekke severdige stader i Sør-Varanger. Vi vil heller trekke folk dit istaden for å satse på Disneyland.

— Vi blir skulda for å vere negative til alt nytt, seier Rune. Men vi kjenner oss forplikta til å seie nei til urealistiske prosjekt. Dette minner mye om det som skjedde med Emden-skandalen. (A/S Sydvaranger og staten tapte fleire milliardar på eit svampjernverk i Vest-Tyskland som aldri kom i drift). I valkampen i 1979 var RV dei einaste her som gikk mot Emden-prosjektet. Da blei vi skjelt ut på gata. Vi mista sikkert stemmer på dette standpunktet da, og kom ikkje inn ved det valet. Men idag er vel ingen i tvil om at vi hadde rett.

Pr-jippo

Hilde har nylig representert RV på ein konferanse som Sør-Varanger kommune arrangerte om næringsutvikling.
— Eit PR-jippo for næringsavdelinga i kommunen, seier ho. Ingen ting nytt kom fram som kan gi arbeidsplassar. Det som var interessant var å sjå korleis dei tenker, dei som sitt på toppen og planlegg. Ein av innleiarane var Arne Selvik frå Industriøkonomisk Institutt. Han var sekretær for Buvik-utvalet, og innstillinga deira kom tydelig fram i det han sa: Ein må følge reint bedriftsøkonomiske prinsipp, og slutte å snakke om å bevare arbeidsplassane. Statsbedrifter skal ikkje få meir støtte enn private, omstillingsstøtte skal først bli gitt når ein nedtrappings- eller avviklingsplan for hjørnesteinsbedriften er vedtatt.

10 år for seint

I kontrast til dette sto Johan Petter Barlindhaug frå Nord-Norges største industrikonsulentfirma, som sa dette om føresetnadane for eit vellukka omstillingsarbeid: «Eg syns det er openbart ein mangel ved den (omstillingsløyvinga) at ein må ha kome så langt at ein har ein drastisk nedtrappingsplan før ein i det heile skal begynne å snakke om omstillingsløyvingar. Da har ein jo kome så seint igang at alle motkrefter er mobilisert, i staden for at ein kan starte med omstillingsprosessane mye tidligare. På Kirkenes burde ein starta med det for 10 år sidan og ikkje for 2 år sidan.»

- Det er som vi skulle ha sagt det sjølv, seier Hilde. Arbeidet med å skape nye arbeidsplassar må starte lenge før nedtrapping av hjørnesteinsbedriften. Derfor ligg det einaste håpet i dag i ei forlenging av levetida til Sydvaranger. Det vil idag seie at ein må satse på underjordsdrift, noko både stortingsvedtaket og bedriften sine planar er opne for. Men da hastar det. For det første trengs det lang tid å sette igang underjordsdrift, for det andre fortsetter folk å flytte bort så lenge Sydvaranger har dødsdommen over hovudet. Men industridepartementet vil heller forkorte enn forlenge driftstida til Sydvaranger. Derfor bestilte dei i sommar ei utreiing om verknadane av å drive kortare på Østmalmen enn planlagt. Kommunestyret synes og å vere meir opptatt av luftige idear enn å sikre at vi har ryggrad mens vi omstiller. Det vi har sett til no av tiltaksarbeidet viser at vi treng Sydvaranger som ei sterk ryggrad i mange år framover. Og kampen om Sydvaranger er langt ifrå slutt.


Til startsida

sveilund@online.no