Debattinnlegg, Nordlys 14.03.90

Har Forsvaret retten til Troms?

Av Svein Lund, Tromsø

Forsvaret er på offensiven i Troms. I løpet av få år skal dei bygge ut for fem milliardar, omtrent den einaste investeringa som er planlagt i heile landsdelen. Vi skal få radar på Njunis. skyte- og øvingsfelt i MaukenBlåtind og aminuniyonlager ved Skoddebergvann. Fleire og fleire spør seg kvifor Nord-Norge skal militariserast endå meir mens ein i resten av Europa snakkar om nedrustning.

Når folk protesterer, treng Forsvaret folk til å forsvare seg. Ein av dei er ein M.S. i Målselv som skriv i Nordlys 6.3.

«Forurensing og miljøskader har vært slagordene de fleste har brukt», skriv M, S. Det er altså bare slagord, når spor etter beltekjøretøy står igjen i terrenget etter 20 år, når vassverk må stengast pga. forureining frå Forsvaret, når reinbeiteområde blir øydelagte og gamle trekkvegar stengte.

Dei som derimot øydelegg miljøet, det er samane, hevdar M. S., derfor bør samane vekk. Det er Forsvaret som har rett når det blir konfliktår, for: «Forsvarets folk har vi hatt her i Indre Troms i ca. førti år, og vi vet hva de står for. Om jeg skulle velge mellom de to uniformerte gruppene — samene og det norske forsvar, ville jeg foretrekke det sistnevnte.» Det er klare ord for pengane. Tør vi spørre: Kor lenge har «vi» hatt samane her i Troms? Vi bør vel kanskje heller sjå litt på historia og spørre: Kor lenge har dei hatt oss norske her?

I 1776 skreiv amtmannen over Nordlandene: «Disse unyttige og skadelige lapper er del just som man ønsker at faa udryddet af landet». Da var det bare 24 år sidan grensa mellom Sverige og Norge ble trekt her nord, og på den tida starta koloniseringa av Bardu og Målselv, der kolonistane kom til eit «folketomt land, men merkelig nok straks fikk problem med «lappetrafikken». I amtmannen og M. S. si ånd har ein sidan forsøkt å utrydde sameproblemet gjennom fornorsking og fjerning av næringsgrunnlaget. Sidan dei enno ikkje har greid det heilt, fortsetter staten i år arbeidet ved å nekte å ta nokon del av Troms med under samisk språklov, og ved at sjøsaroiske fjordfiskarar i stor grad blir nekta torskekvote. Forsvaret er med på dette med utbygginga i Mauken-Blåtind og Skoddeberg, der dei klart seier frå at samiske næringsinteresser må vike.

Mens staten no raserer arbeidsplassane i fiskeri, jordbruk, reindrift og industri i landsdelen, bygger dei ut eit forsvar som er med på å øydeleggje næringsgrunnlaget. Vi treng eit forsvar, men korleis skal Forsvaret kunne forsvare folket når folket må forsvare seg mot Forsvaret?


Til startsida

sveilund@online.no