Artikkel i Klassekampen, 29.05.1989

Finnmarkslista står på

Finnmarkslista stiller til stortingsvalget. Det blei vedtatt på fylkeskonferansen i Hammerfest i helga etter at alle forsøk på å få samarbeid med Folkeaksjonen Framtid for Finnmark (FFF) hadde stranda.

Av SVEIN LUND, HAMMERFEST

Møtet vedtok i staden at Finnmarkslista skal slutte seg til Fylkeslistene for miljø og solidaritet. Kampen for at finnmarkingane skal få kontroll med utnyttinga av eigne ressursar er den absolutte hovudsaka for Finnmarkslista. Det er i første rekke den katastofale tilstanden for fiskeressursane og dermed kystsamfunna som har ført til at folk frå alle parti i fylket har gått såman med uavhengige om ei tverrpolitisk liste for Finnmark. I programmet som no blei vedtatt blir det bl.a. krevd at Finnmark må få sin andel av fiskeressursane, at fabrikktrålarflåten blir bygd ned, mens nedbygginga av fiskeflåte og -industri i fylket blir stansa. Ein krev stans i oljeleitinga, at utnytting av mineralressursar skjer på lokalbefolkninga sine premisser, og at reindrift og foredling av reinprodukt må styrkas. Finnmarkslista seier ja til utvikling av samisk sjølvstyre og auka kontakt på Nordkalotten, og nei til EF. I motsetning til FFF sitt krav om 13 prosent skatt for alle har Finnmarkslista utvikla ein skattelette-modell som ikkje vil auke inntektsskilnadane, men sikre at alle finnmarkingar får meir å rutte med.

Nei frå Aune.

Arbeidet til Finnmarkslista har den siste tida vore sterkt prega av det uavklara forholdet til FFF som no stiller til val under namnet «Aune-lista» etter toppkandidaten, fylkesmann Anders Aune. Aune-lista var invitert til møtet i helga, men takka nei. Etter det var det klart at Finnmarkslista stiller aleine. Skepsisen til Folkeaksjonen var og blitt ganske stor etter kvart, særlig etter at dei tok namnet «Aune- lista» og dermed gjorde om lista frå ei tverrpolitisk liste til ei personlig liste for fylkesmannen.

Inn i Fylkeslistene

Finnmarkslista har samla dei 500 underskriftene som trengs for å bli registrert som sjølvstendig liste. Likevel vedtok konferansen samrøystes å slutte seg til Fylkeslistene for miljø og solidaritet etter at Nordlandslista sin l.-kandidat Einar Edvardsen hadde orientert om fordelane ved det. Med det er Finnmarkslista med i kampen om utjamningsmandat, noko som aukar mandatsjansane samanlikna med «Aune-lista». For Finnmarkslista stiller for å komme på Stortinget.


Til startsida

sveilund@online.no