10.11.2019.

Finnmark i samhold og strid

For å seie det med ein gong: Eg er ikkje meiningsberettiga om noko når det gjeld Finnmark. Eg er nemlig verken fødd eller oppvakse i fylket. Heller ikkje er nokon av formødrene eller forfedrene mine, så langt tilbake eg kjenner slekta. Eg har bare forvilla meg hit fullstendig aleine og frivillig for 45 1/2 år sidan og ikkje hatt vett til å hute meg heim igjen.

På denne tida har eg ikkje klart å få inn i hovudet at i dette fylket skal ein anten vere same eller anti-same, ja kanskje helst begge delar på ein gong. Derimot forsøker eg fortvila å hevde at ein ikkje treng å vere mot det ein ikkje er sjølv. I tillegg er eg så uforskamma å skrive nynorsk, noko som sjølvsagt er å be om bråk.

Likevel har eg klora meg fast og lurar på kor mange år ein må ha for å bli godtatt som finnmarking. Tru om det held med eit halvt hundreår, så eg kan komme dit om vel fire år om eg har helse og levedagar? I mellomtida har eg i alle fall fått lov både å røyste nei til tvangssamanslåing og bli medlem av For Finnmark. Og tenker at eg vil våge meg på nokre ord om dette fylket vårt på godt – og vondt.

Da 87% røysta nei til likvidering av Finnmark fylke var det ei historisk hending på fleire måtar.

Det var det største nederlaget noko regjering i Noreg har lidd i forhold til sitt eige folk. Skiftande regjeringar har rett nok tapt to folkerøystingar om EU, men å få nesten 9/10 av folket mot seg og likevel tvinge det gjennom viser ein gjensidig mistillit mellom styrande og styrte som vi ikkje har sett maken til sidan 1945.

Det var også historisk i den forstand at eit så stort fleirtal av befolkninga i fylket klarte å stå saman om noko. Det har vel knapt skjedd sidan gjenreisinga. I alle fall har eg ikkje sett det i mine 45 år i fylket. Snarare har det vore dei indre stridane som har sett sitt preg på fylket. Det kan skrivast tilbake heilt til «tre stammers møte», der ein er stadig meir usamde om kven som kom først og sist. Dei sentrale styresmaktene sine systematiske prioriteringar av norsk busetting, kultur og språk på kostnad av samisk og kvensk gjorde at den norske befolkninga kjente seg, om ikkje som Gud sitt utvalde folk, så i alle fall som styresmaktene sitt, og det var heller ikkje å forakte. Kvenar og samar reagerte på si side med forskjellige reaksjonar frå sjølvutsletting og skam og til passiv og aktiv motstand. Mye vatn har rent ut i finnmarksfjordane sidan finnefondet av 1851 og jordlova av 1902. Vi har fått ein sannings- og forsoningskommisjon, men noka forsoning har ikkje skjedd og sanninga – ho finst det svært mange motstridande versjonar av.

Strid har det vore mellom næringar som jordbruk og reindrift, om retten til jakt og fiske, mellom store og små i fiskerinæringa, mellom innland og kyst, mellom aust og vest, mellom nabobyar og nabobygder, og i tillegg sjølvsagt alle dei stridane som gjeld for heile landet mellom politiske parti, om religion og moral, kjønnsliv og rus osv.osv. Ein stor del av striden har knytta seg til dei tiltaka som politikarar, forvaltning og privat kapital har sett igang for å «utvikle» fylket vårt, fra finneferder til monopolhandel, Finnmarksnevnden og Nord-Norge-planen, til Nordområdesatsing og Arctic Frontier. Felles for desse tiltaka er at dei er oppfunne, utvikla og styrt av krefter utafor fylket, men at fleirtalet av dei styrande meir eller mindre folkevalde i Finnmark i hovudsak har støtta opp om dei. Finnmark fylkesting har vore ein støttespelar for det sentrale maktapparatet, noko som seinast har kome til uttrykk i ønske om meir petroleumsaktivitet, meir gruver og meir vindkraft. Det har heile tida vore opposisjon i Finnmark mot regjeringa sin finnmarkspolitikk, anten det gjeld fornorsking eller olje, men denne har aldri slått gjennom i det fylkestingsbærande partiet – før no.

Kor lenge var så Adam eller finnmarkingen i Paradis? Det varte dessverre ikkje lenge. Tanken på godt betalte posisjonar i fylkesråd og forvaltning i Tromsø blei for fristande, og tanken på å ete seg heilt ut med statsapparatet for skremmande, så halen fann sin plass mellom føtene og på mest mogleg umerkelig vis luska ein seg tilbake i rekkene, dvs. til Fellesnemnda, som noko motvillig vedtok alt dei eigentlig var mot.

Som sagt har eg meldt meg inn i organisasjonen For Finnmark og ingen har enno kasta meg ut som agent sørfrå, eller «Hæstkuk fra Sør» som min kollega uti skriveribransjen, Per Lars Tonstad, uttrykker det. Noko meir har eg ikkje gjort der, men så får eg brev om å komme til årsmøte. Først da er det eg tar meg tid å lese formålsparagrafen i organisasjonen eg har meldt meg inn i:

1. Å styrke kunnskapen om Finnmarks historie, kultur og samfunnsliv.
2. Å heve bevisstheten om potensialet Finnmark har for å utvikle seg videre som egen region.
3. Stimulere til debatt om utfordringene som Finnmark står overfor.
4. Bidra til at flere engasjerer seg for at Finnmark skal bestå som egen region med eget folkevalgt organ basert på dagens ordning for valg av fylkesting og Storting.

Ein kan vel seie aktiviteten til no naturlig nok har dreidd seg mest om det 4. og dels 2. punktet. Tida bør no vere inne for å sjå meir på punkta 1 og 3. Dei heng nært saman md kvarandre, men også med dei stridane som eg har nemnd over.

Kva betyr det å styrke kunnskapen om Finnmarks historie? Ingen som har opna ei avis utgitt i Finnmark dei siste 20-30 åra kan ha unngått debatten om kva som eigentlig er Finnmarks historie. Det er kort sagt usemje om det aller meste unntatt kva år Hammerfest og Vardø fikk bystatus. Usemja gjeld i alle fall perioden frå finneferdene i vikingtida fram til og med vedtakinga av Finnmarkslova i 2005. Frå miljøet rundt organisasjonen med det svært misvisande namnet Etnisk og Demokratisk Likeverd kan vi lese at nordmenn kom først, før istida var riktig over, mens samar som eigentlig ikkje var samar, men kvænar, først kom på 1200-, 1500- eller 1700-talet og at det frå byrjinga av 1900-talet har vore ei samisk samansverging med sikte på eigen samisk stat og etnisk utreinsking av alle gode nordmenn, og at fylkeskommunale og statlige styresmakter ligg flat for denne og sviktar våre norske nasjonale interesser. Dette skjer trass i at det i røynda nesten ikkje finst samar igjen i fylket, da sjøsamar pr. definisjon ikkje finst, ettersom dei fiskar med dei same fiskereiskapane som sine meir eller mindre norske naboar, og befolkninga på innlandet bare er samifiserte kvenar. På andre ytterpunktet dei som snakkar om dei samiske helleristningane i Alta og at samane har vore einerådande til 1400-talet, da norske okkupantar koloniserte Finnmark, og at det store fleirtalet i fylket framleis eigentlig er samar, om dei bare innrømmer det. Og kvænane, dei er alt frå nesten fleirtal i fylket til nokre få forfinska samar. Så er den store utfordringa: Korleis kan ein i dette vepsebolet få styrka kunnskapen om Finnmarks historie?

Kulturen heng sjølvsagt nært saman med historia. Kva kultur eller kulturar skal ein da styrke kunnskapen om, når ein stridas om ein kan vere samisk på norsk, evt. Norsk på samisk og om finsk er kvensk eller var det omvendt?

Og samfunnslivet? Kva er no samfunnslivet i Finnmark? Er det dei formelle møta i fylkesting og Sameting og kommunestyre eller er det bygdelaget i Kiberg og idrettslaget i Kvalsund? Fram til styresmaktene si likvidering har desse institusjonane stort sett vore anerkjente både nedafrå og ovafrå. Med eitt unnatak – Sametinget. Dette er vi no daglig i media pepra med at er eit rasistisk apartheidorgan for den falsk-samiske samansverginga med sikte på undergraving av om ikkje Gud, så i alle fall Fedrelandet. Sett ovafrå er det eit brysamt organ det gjeld å sultefore mest mogleg i von om at det vil skrumpe inn og døy bort i lag med restane av den samiske kulturen. Korleis skal ein styrke kunnskapen om dette samfunnsorganet?

Historie, kultur og samfunn er viktig. Men eg saknar ein ting: Natur. Kvifor er ikkje kunnskap om naturen i Finnmark med på programmet? Naturen er grunnlaget for næringane våre, både fiske, jordbruk, reindrift, utmarkshausting, mineralutvinning og turisme. Men kjenner vi naturen vår? Veit vi kva artar av fugl, fisk, insekter, sopp, lav og blomsterplanter vi har? I den grad dette er registrert, f.eks. i Artsdatabanken, er det gjort av finnmarkingar eller utafrå?

Veit vi kva desse artane blir brukt til og kan brukast til? Veit vi kva samanheng det er mellom geologi og planteliv? Veit vi korleis klimaendringar kan virke inn på dette? Samerettsutvalet uttrykte det i 1997 slik: «Naturgrunnlaget for samisk kultur». Men det gjeld vel ikkje bare samisk kultur? Er ikkje kvensk og norsk kultur ogås avhengig av eit naturgrunnlag?

Finnmark er eit resultat av tre stammers møte. Men den «stammen» som fikk sitt språk og kultur som fylkesbærande språk og kultur, blei også den bærande i aksjonen For Finnmark. Eg kjenner ikkje organisasjonen så godt, men det eg har sett av mediautspel, nettside, fjasbokside osv. har heilt og halde vore på riksspråket. I styret for organisasjonen er det sikkert fleire som er resultat av nemnde tre stammers møte, men så vidt eg veit ingen som kan produsere noko vidare verken på samisk eller kvensk. Bør det framleis vere slik? Lukke til med årsmøtet!

Helsing / Dearvvuođat
Svein Lund
Telemarking i Finnmark, dáža i Guovdageaidnu


Til hovudsida.