Gjennom arktisk ørken - på veg til miljøfestival

«Welcome to the festival of peace». Så sto det på plakaten som møtte oss på stasjonen i Murmansk. - Var det ikkje miljøfestival vi skulle på, tenkte vi.

Av SVEIN LUND, MURMANSK

Så satte orkesteret igang å spele og vi strøyma ut av toget. Omlag tusen nordmenn, svenskar og finlendarar med spreidde innslag frå andre nasjonar. Gorbatsjov hadde invitert oss på festival, og vi hadde tatt han på ordet.

— Vi reknar med at Gorbatsjov kjem, for vi har invitert han, sa nokre av arrangørane på førehand. Eit utsagn i stil med den kjente norske «kanskje kommer Kongen». Men om han ikkje kom, sendte han helsing til festivalen. Der ønska han oss lukke til og sa at Sovjetunionen stør forslag om Norden som atomfri sone, felles utnytting av naturrikdornmane og ein samla miljøkontroll.

Og russarane stilte med atskillige prominente personar både på opninga og på seminar og høyringar. Det var den sovjetiske fredskomiteen som var arrangør frå sovjetisk side, og ofte kan det vere litt vanskelig å sjå grensa mellom fredskomiteen og SUKP/statsapparatet. Så hang da plakatane over omtrent heile byen med velkommen til fredsfestival på fleire språk og med merket til den sovjetiske fredskomiteen. Mens dei norske, svenske og finske arrangørane hadde eit felles festivalmerke, hadde russarane laga sitt eige med ein bjørn og raud stjerne over Murmansk på kartet.

Uavhengig miljørørsle

Eit par veker før festivalen starta, truga Natur og Ungdom (NU) med å trekke seg fordi det enno ikkje var klart om uavhengige sovjetiske miljøgrupper fikk delta. Frå sovjetisk side var det ikkje gjort noko for å invitere dei, men NU tok direkte kontakt, og til Murmansk kom dei, frå Latvia og Estland, Ukraina, Moskva og Leningrad. I Murnansk har det ikkje vore noka uavhengig miljørørsle fram til no, men trulig vil det bli som resultat av festivalen og den kontakten ungdom frå Murmansk dermed fikk med miljøaktivisar både frå andre delar av Sovjet og frå andre land.

Rundt i Norden

Men festivalen starta ikkje i Murmansk. For mange svenske og norske miljøakivistar starta det meir enn ei veke før vi nådde dit. Dei hadde kjørt buss på kryss og tvers gjennom Norden og undervegs hadde dei sett fingeren på ei rekke miljøøydeleggingar, som forureininga av Vefsnfjorden og rasering av fjellskogane i Sverige. Dei hadde besøkt den samiske ungdomsfestivalen i Kárášjohka og fått med tre dagar med seminar, diskusjonar og konsertar i Kirkenes.

Svovelmareritt

Frå Kirkenes bar det i mangeogtjue bussar over grensa ved Storskog. Bussturen til Nikel og togturen vidare til Murmansk blei eit mareritt ved lys dag. Dei svartaste framtidsvisjonane vi måtte ha om korleis kapitalismen kan øydelegge jorda sto her foran oss med sosialistisk stempel: Ein levande natur i ferd med å bli ein svart arktisk ørken.

Trass i russarane sine godt planlagte forsinkingar klarte Natur og Ungdom å gjennomføre ein kraftig demonstrasjon utafor nikkelverket og få direktøren i tale. Vel så nøgde var dei vel med at fleire av arbeidarane ved verket kom og slutta seg til demonstrasjonen.

Forureininga frå dei fire nikkelverka på Kola blei naturlig nok ei av hovudsakene på festivalen i lag med «Kola-prosjektet» den andre industrireisingsbølga på Kola, som blei lansert av Gorbatsjov da han var i Murmansk i 1987. Fram til 2005 skal det investeras over 200 milliardar kroner i 25 forskjellige prosjekt, mest gruver og vidareforedling. Det skal opnas for vestlig kapital, og både vest-tysk og svensk kapital står klar. Men kritikken mot Kola-prosjektet har etterkvart komme kraftigare fram, og fleire russarar sa høgt på festivalen at dei meinte helle prosjektet måtte stoppast.

Men det var ikkje bare russarane sine miljøsynder som fikk gjennomgå. Forureininga frå Sydvaranger, utfiskinga av Barenshavet og nedhogginga av skogane l Nord-Finland og Nord-Sverige blei tatt opp i seminar og diskusjonar, og finlendarane hadde laga eiga utstilling som synte dei ulike trugsmåla mot dei finske skogane.

Joik og ballett

Nordkalottfestivalen var og ein kulturfestival. Mens dagen gikk med til politiske seminar og diskusjonar, var det kvar kveld eit utrulig utval av konsert og teatertilbod. Frå utescenen kunne ein høre svensk fredskor, Mathis Hætta, Julie Felix, finske og russiske rockegrupper. Her var det samiske teateret Dálvadis, det finske Musta Laatikko, russisk ballett og opera, for å nemne eit lite utval. Kanskje vel så viktig var den meir spontane kulturen. Ved bålet midt i leiren drar to unge russiske guttar fram ein gitar og sett i gang å spele viser som ikkje sto på programmet, og med eit innhald som tydelig begeistrar dei som forstår det. På plassen foran matbodane set ei gruppe samar frå Lujavri på Kola i gang med sang og trekkspel og dreg tilhøyrarane med i dansen, så vi heilt gløymer den «offisielle» konserten like ved.

Fred og miljø

"Fred-miljø-utvikling. Handling for en felles framtid" var mottoet for nordkalottfestivalen. Kor er nå samanhengen, undrar vi oss i Norge. Men den er det visst bare vi som ikkje ser. For i mange andre europeiske land,både i aust og vest er det ein nær samanheng mellom freds- og miljørørsle. Kola-halvøya er ikkje bare eit av dei mest forureina områda i Sovjet, men og eit av dei mest militariserte. Og da er samanhengen klår. Det meste av nikkelen herifrå går nettopp til militært bruk.

Frå toget fikk vi eit par glimt. På to flyplassar sto det oppmarsjert enorme rader av militære kjøretøy og rakettar.

- Konsentrasjonen av atomvåpen på Nordkalotten er det aller største miljøtrugsmålet, sa .... Edvardsen i Kirkenes.

Samisk samling

På plakaten til festivalen står det øverst «Ráfi- ja birasfestivála», før det står på andre språk. Slik blir det markert at samisk er det opprinnelige språket på Nordkalotten. Den samiske delegasjonen frå Norge, Sverige og Finland reiste og som samla gruppe, ikkje som nordmenn, svenskar og finlendarar. Og for første gong kunne to bussar med samar frå vest reise til Lujávri for å møte sine frender på sovjetisk side. Det blei eit møte som ingen som fikk vere med vil gløyme. Trass i lang undertrykking i alle desse landa, fins det fortsatt eitt samisk folk. I Lujavri kunne dei møtas utan den skjemmande overvakinga av uniformerte politi som var overalt i Murmansk. Men Lujavri blei ein eindags festival, med sang og joik, fotball og pilskyting. Ikkje noko møte, det «lot seg ikkje ordne». Glasnost har enno sine grenser.


Til startsida

sveilund@online.no