Artikkel i Klassekampen, 27.02.86

Brutte olje-løfter?

HAMMERFEST: Er det Nord-Norske «oljeeventyret» iferd med å dette saman? Det frykta i alle fall flesteparten av innleiarane på oljekonferansen i Hammerfest torrsdag 20/2. Konferansen var arrangert av Polarbase A/S såman med Norsk Petroleums-forening, avd. Nord-Hålogaland, og hadde titelen «Letevirksomheten i Nord-Norge — brutte løfter eller fornuftig styring?»

SVEIN LUND

Dei viste til at alle Stortingsmeldingar om leiteboringa i nord har grunngitt denne med behovet for arbeidsplassar, og det har vore snakka mye om alle ringvirkningane av oljeboringa. Men nå er aktiviteten nede på eit botnnivå, akkurat nå som heilårsboringa skulle sikre jamn sysselsetting både på sjø og land. Årsaka er at regjeringa ikkje har tildelt nye blokker i eit slikt tempo at det har vore mogleg for oljeselskapa å halde ein jamn aktivitet.

Oppskrytt

1. mai vil den nye forsyningsbasen i Leirvika ved Hammerfest stå klar til bruk, med kapasistet til 3 supplybåtar samtidig. Men basen vil ha langt mindre oppdrag enn den gamle på Fuglenes i Hammerfest som blei forlatt fordi han var for liten.

Dei oppskrytte ringvirkningane har i stor grad uteblitt. Leveransane til riggane på Tromsøflaket kjem fortsatt i all hovudsak frå utlandet og Sør-Norge, sjølv om den Nord-Norske delen har auka dei siste åra.

Av arbeidsplasser direkte tilknytta olja har Finnmark idag 50, av 63 000 i heile landet.

Lønnsam gass?

I Nordsjøen er det påvist gassreserver for 100 år med dagens utvinningstempo. For den nord-norske gassen er det derfor ikkje mogeleg å konkurrerre med Nordsjøgassen på verdsmarknaden. Så bedriftsøkonomisk lønsam vil gassutvinning ikkje bli om vi legg slike mål til grunn, slo Helmer Mikkelsen fast. Likevel meinte han at det kunne vere samfunnsmessig lønnsamt å vinne ut gassen, når ein så det ut ifrå behovet for å styrke næringslivet i Finnmark. Han siterte Kåre Kristiansen som for eit år sidan sa: «Letevirksomheten i nord må forseres for å sikre landsdelens eksistens og økonomi». Men praksisen er ikkje i samsvar med disse fine orda, hevda Mikkelsen, som ved sida av vervet som fylkesordførar i Finnmark og er formann i Nord-Norsk Oljeråd.

Ingen subsidier

Mens det tidligare har vore hevda at olje-og gassutvinning frå Tromsøflaket ville bli så dyr at ein heller kunnebruke av oljepengane sørfra å subsidiere Nord-Norge med, slo Kåre Krisiansen fast at ei slik subsidiering ikkje kom på tale. Regjeringa vurderer det fortsatt slik at ei utbygging verken er bedriftsøkonomisk eller samfunnsmessig lønnsom.

Men han kunne love ei kraftig opptrapping av konsesjonstildelingar i åra framover. Spørsmålet er bare kor interesserte oljeselskapa vil vere om dei låge prisane på olje og gass held seg.


Til startsida

sveilund@online.no