Artikkel i Klassekampen, februar 1986

Botnen ut av oljeeventyret?

Petroleumsverksnemda utafor Nord-Norge er ei historie om brotne løfter og mangel på fornuftig styring. Dette sa Johan P. Barlindhaug fra Studieselskapet for Nordnorsk næringsliv på oljekonferansen i Hammerfest torsdag.

Av SVEIN LUND, HAMMERFEST (Klassekampen)

I år vil boreaktlviteten bli kraftig redusert. Dette skjer samtidig som den nye oljebasen i Leirvika ved Hammerfest blir ferdig. Heilårsboringa som skulle ta til i vinter har blitt eit skodespel. Boreriggar har blitt sendt att og fram fordi sikkerhetskrava til heilårsboring ikkje har vore klare nok. Og Hydro's «Polar Pioner», som er spesialbygd for heilårsboring i arktiske farvatn, blir liggande sørpå fordi Hydro ikkje har fått oppgåver på Tromsøflaket. I tillegg er neste runde med konsesjonstildelingar blitt utsatt, så det kan gå langt ut i 1987 før aktiviteten tar seg opp igjen. Det er snart 5 år sia første gassfunnet blei gjort på Tromsøflaket, men alle utvlnningsplanar er enno i det blå. Næringsliv og kommunar i Nord-Norge har satsa mye på at oljeleitinga skulle gi inntekter og arbeidsplasser. Men det ser ut til at dei største ringvirkningane fort kan bli konkursar.

Gasspakke

Til vanlig snakkar vi om «oljeboring og oljeinntekter». Men det som er funne utenfor Troms og Finnmark er i all hovudsak gass. Til nå har ein funne gass som tilsvarar ein og ein halv gang Friggfeltet, det største gassfeltet i Nordsjøen. Men denne gassen har i dag ingen marknadspris, fordi ein ikkje finn marknad for han.
— Så får vi skapa ein marknad, sa Helmer Mikkelsen, fylkesordførar i Finnmark og formann i nordnorsk oljeråd. Han tok til orde for det han kalla ei «gasspakke»: Å planlegge samtidig fleire måtar å bruke gassen på på Nordkalotten, som tilsaman kan gjøre ei utbygging lønnsam. Han viste til muligheter som gasskraftverk, produksjon av ammoniakk og metanol, og rørledning til Kiruna for å bruke gassen i pelletsverk der.

Kritikken mot regjeringas leitepolitikk var samstemmig frå dei nordnordske representantane, som og fikk støtte av oljeselskapa. Olje- og energiministeren blei ståande nokså aleine i forsøket på å forsvare regjeringa, Han hadde forøvrig ikkje tid til å være til stades på stort meir enn sitt eige innlegg, men det å lytte til distrikta er jo heller ikkje så populært i dei kretsane. Klassekampen kjem tilbake med meir stoff frå konferansen.


Til startsida

sveilund@online.no