Reportasje i Klassekampen, 05.06.1986

Barn og isbjørn

Svalbard har ingen kommunar, og ikkje noko fylke. Derfor er det heller ingen som har ansvar for mye av det som til vanlig er kommunale oppgaver. Lov om sosial omsorg gjeld ikkje her. Heller ikkje lov om barnehagar. Så gamle og uføre, dei er det bare å sende til fastlandet med første fly, og ungane dei får foreldra ta seg av. Det har dei da og gjort.

LONGYEARBYEN (Klassekampen): Tekst og foto: SVEIN LUND

Alt i 1965 blei den første barnehagen starta av husmorlaget i Longyearbyen. Seinare overtok ei foreldreforening og i 1976 blei dagens fine barnehage bygd, med 4 avdelingar. Ei avdeling er førskole for 6-åringar, den blir dreve av skolen. I sjølve barnehagen er det plass til 48 ungar.

— Nå har vi 40 ungar her, fortel styrar Anne Eva Haugland. — Da har vi full dekking for ungar over 3 år, for dei som er mindre fins det ikkje noko tilbod.
— Sjå her, seier ho, nå blir det fint. Nå får eg eige kontor. Før måtte eg bruke kjøkkenet, og det var jo litt vanskelig.

Kontorinnredninga har gått litt seint, for alt er gjort på dugnad. Det blir litt tungvingt med dette dugnadsarbeidet, men vi har ikkje råd å leige folk. Vi får jo noko statsstøtte, men siste tida har vi hatt veldig dårlig økonomi.

— Men burde ikkje staten ta ansvaret for barnehagen her, når her ikkje er noko kommune?
— Jo, det har vi sagt sidan 1976, men uten at det har gått i orden. For ikkje lenge sidan var vi ned i møte med departementet. Men det må visst opp i regjeringa, så det kan ta eit par år enno. Om staten overtar håper vi på normale opningstider og heilårsdrift. Nå følger vi skolen, 8.30—14.00 og 2,5 månads sommarstengt.

Dårligast ut av alle?

— Korleis ville ei statsovertaking virke inn for dokker som jobbar her?
— Det ville vere veldig bra for oss økonomisk. Nå fell vi mellom 2 stolar. Ikkje har vi nytte av fordelane til dei statstilsette som har fritt hus og Svalbardtillegg. Og ikkje har vi fordelane til Store Norske-tilsette med billig husleige og rabatt på mat. Nå har vi jo ikkje full lønn heller, fordi vi ikkje har full arbeidstid. Eg trur vi i barnehagen kjem dårligast ut av alle i Longyearbyen.

— Det ser ut som dokker er ganske bra utstyrt her?
— Ja, men det må vi da og vere i dette klimaet. Det blir jo mye å vere inne, når vi har 4 månader med mørketid. Men vi prøvar å vere ute hver dag, så sant det ikkje er storm. Du ser vi har fått nokre flotte nye leikestativ. Og så har vi fått oss gjerde. Men det måtte isbjørnbesøk til før vi fikk det.

Isbjørn i barnehagen

— Ka du seier, isbjørn i barnehagen?
— Ja det var ein dag i mørketida i 1982. Vi fikk telefon frå Sysselmannen:"— Hallo, er ungane inne eller ute?" "— Dei er inne alle saman"."— Det var bra, for det er ein isbjørn på veg opp til dokker." Men så gikk bjørnen ned til kyrkja, og der blei han skote.

Her tillet vi oss å gjenfortelle historia som går i Longyearbyen om kva presten sa da isbjørnen blei skote på kyrkjetrappa: "— Det var da for galt. Her kommer den første frivillige kyrkjegjengaren på fleire år, og så skulle han bli skote."


Til startsida

sveilund@online.no