Artikkel i Klassekampen, 27.04.1994

Svein Lund:

Barentsregionen har to ansikter

STOLTENBERG sa at Barentsregionen skal bli ein kanal mellom ressursike Nordyest-Russland og det ressurshungrige Vest-Europa. Eg har iklqe truffe nokon som har lyst å bli ein kanal, sa Gunnar Album, leiar for Nei til EU i Nordland, da han innleia til diskusjon om Barentsregionen på Nordkalottkonferansen om EU i Luleå i helga.
Han viste korleis Nordkalotten gjennom århundra har vore eit offer for stormaktene sin maktkamp og hevda at opprettinga av Barentsregionen er ei fortsetting av dette. Barentsregionen har to ansikt: På eine sida blir han marknadsført som miljøvernområde med bærekraftig utvikling og omsyn til urfolka i området. På andre sida snakkar dei om eit framtidig vekstområde, særlig med tanke på olje, diamantar og turisme.
I ein rapport for EU, kalla Nordic Impact Study, omtalas Nordkalotten som Europas kommande Midt-Østen og Ruhr.
- Og det verste er at dei meiner det positivt! Eit av dei mest politisk betente og eit av dei mest forureina områdar verda skal vere førebilete for utviklinga her nord!
EU-orgariet for fiskerisamarbeid har ein logo med ein blekksprut med fangarmar rundt heile jordkloden. Dette er eit ærlig og talande bilete på EU sin fiskeri- og ressurspolitikk. Idag er: to internasjonale gruvekonsern på full fart inn over heile Nordkalotten. Rio Tinto Zink og Ashton Mining leitar etter diamantar, gull og koppar i Nord-Finland og Nord-Sverige, Karelen og på Kola. Begge selskapa har no fått løyve til å leite etter diamantar over 80 prosent av Finnmark utan at lokale styresmakter eller Sametinget har blitt høyrt.
Når storkapitalen skal utnytte ressursane er ei befolkning med ein eigen tradisjonell kultur eit hinder som må bort. Men få seier dette i dag så klart som utviklingsteoretikeren Sadie, Verdensbanken sa i 1960:
«Et underutviklet folk kan ikke skape økonomisk utvikling samtidig som de tar vare på sine tradisjonelle vaner og skikker. Et brudd med disse er en forutsetning for økonomisk framgang. Det som trengs er en revolusjon i helheten av sosiale, kulturelle og religiøse institusjoner og vaner, og der med i folks mentale innstilling, deres filosofier og levemåte. Utilfredshet og misnøye, i betydningen av å ønske noe mer enn det som er oppnåelig i ethvert øyeblikk, må skapes. Den lidelsen og rotløsheten som kan oppstå i prosessen kan være uheldig, men ser ut til å være prisen man må betale for økonomisk utvikling, en forutsetning for økonomisk framgang.»

- Barentsregionen er ein ressurssatelitt for EU. Men han er og ein del av regjeringa sin EU-strategi. Ein framstiller Barentsregionen som vegen til velstand og lukke for folka på Nordkalotten. Det er kopla ein masse pengar til Barentsregionen, meir pengar enn det nokon gong har vore i Nord-Norge. Også positive tiltal kan få støtte her, men dei blii direkte kopla til ei utvikling der Nordkalotten si framtid blir bestemt over hovudet på oss. Stoltenberg har sagt at vi vil få ei slik utvikling i nord at det sentrale Austlandsområdet kjem heilt i bakleksa. Men han har ikkje spurt om vi på Nordkalotten ønsker denne utviklinga.
- I det øvste rådet for Barentsregionen sit i dag EU med vetorett, mens urfolka og lokalbefolkninga forøvrig ikkje er representert. Det paradoksale i dag er at samtidig som russarane ber om hjelp til utvikling av småskalajordbruk og kystflåte blir dette lagt ned i Norge.

Nordkalotten = Sápmi

Anne Dalheim Eriksen, fylkespolitiker (SV) i Troms og samepolitiker, forsøkte å skissere eit alternativ til dagens Barentsregion under tittelen «Det moderne Nordkalotten - utafor EU».
I motsetning til verdisystemet i EU og Barentsregionen, der utnyttinga av ressurser er styrt av verdiar som effektivitet og avkastning, satte ho urbefolkningane sin nedarva forståing av rom og tid, ei forestilling om at landet og alle ressursane til den gaven frå, forfedrane som vi er satt til å forvalte på vegne av kommande generasjonar. Ho tok utgangspunkt i «en erkjennelse av at denne store regionen som de nordlige områdene danner, det er Sápmi, samefolkets kulturelle hjemland.»
- Eit samarbeid på Nordkalotten må ta utgangspunkt i behova til dei som bur her, og gi plass for folkenes mangfold. Samenes rettighetskamp - retten til land og vatn - må bli nordkalottfolka sin felles kamp for å sikre folkelig «ressurskontroll. Men vi må og sette søkelyset på oss sjølv og vår eigen tankegang. Har vi tradisjon i behandling av Nordkalottens interesser med nordkalottfolka sitt utgangspunkt? Er ikkje tradisjonen vår å bli styrt frå hovudstadane våre? Er ikkje tradisjonen vår å la oss bli styrt frå hovudstadane? Og ka gjør vi med det? Vi må ta utgangspunkt i den tradisjon av samhandel og kulturelt samkvem som har utvikla seg på Nordkalotten gjennom århundra og i Nordkalott-samarbeidet sidan 70-talet.
- Vår tradisjonelle samhandling er eit samarbeid mellom vanlige basert på forståinga av nuennesket som del av naturen. Samarbeidet med Russland må ikkje bygje på å sjå Russland som ein marknad og kjelde til utnytting av ressursar, men på solidaritet med det russiske folk. Samarbeidet mellom folka på Nordkalotten er eit alternativ til EU og dette samarbeidet er ein viktig del av organiseringa av kampen mot EU.
- Vi lever i mulighetenes region, men det krev ei økologisk bærekraftig utvikling vi sjølv har kontroll over, det vil seie det motsette av marknadskreftene sitt frie spel.


Nordkalottsamling mot EU

BORTIMOT 150 EU-motstandarar frå heile Nordkalotten samla seg i helga i Luleå for å samordne kampen mot finsk, svensk og norsk medlemskap i EU.
Dei kravde felles dato for folkerøystingane og diskuterte korleis eit samarbeid på Nordkalotten kunne utviklas utifrå nordkalottfolka sine eigne premiss - utafor EU. Dette samarbeidet vil fortsette framover mot folkerøystingane, og det er allereie planlagt ein ny konferanse i Finland i august.

Såg mot Norge

- EU-saka er det viktigaste spørsmålet i, vår livstid, sa Kjell Arne Johansoh, leiar for lokalavdelinga av Nej til EU i Luleå og ønska grasrøtene i Norden velkommen.
- Da den svenske regjeringa søkte medlemskap la det seg plutselig eit intellektuelt mørke over Sverige. Vi skulle få «EG-skattar», «EG-prisar» osb. Media snakka bare om «når vi kjem inn», ikkje «om vi kjem inn».
- Vi var som lamslåtte, men så såg vi mot Norge. Vår takk til dokker som ga oss tru og håp til å kjempe for å kunne styre vår eiga framtid.
Situasjonen i motstandsarbeidet er svært forskjellig i dei tre landa. Nei til EU i Norge er største politiske organisasjon, med langt fleire medlemmar enn den svenske og finske nei-rørsla til saman. Dette prega og konferansen, der fleirtalet både av deltakarar og innleiarar var frå norsk side.

Sosialdemokrati forbode

Jonas Sjöstedt frå Umeå, nestleiar i Nej til EU, tok eit oppgjør med dei som vil inn i EU for å lage eit sosialdemokratisk Europa.
- EU-medlemsskap vil bety slutten på den nordiske tradisjonen med ein aktiv statlig industripolitikk, sa han. - Det vil ikkje lenger vere mogleg å motvirke lågkonjunkturer med statlige investeringar, for disse må no ut på anbud i heile EØS. I EU er det direkte traktatsstridig å føre ein sosialdemokratisk økonomisk politikk. Det overordna målet er prisstabilitet. Det er ein aukande kritikk, også frå borgarlege økonomar, av at denne politikken aukar arbeidsløysa. Men ein er rettslig bunde å føre ein slik økoriomisk politikk, Korleis skal våre heimlege sosialdemokratar kunne gå inn og få samrøystes vedtak i EU-organa om å endre dette?
- EU-medlemsskap vil måtte føre til ei svekking av den statlege og særlig kommunale sektoren. Dette vil særleg gå ut over utkantstrøka, der avhengigheten av den offentlege sektoren er størst. Sverige brukar i dag ni gonger meir på regionstøtte enn EU. Den regionstøtta vi vil kunne få frå EU er avhengig av at Uke mye skal betalas frå landa sjølv, i Sverige seier dei at det er dei kommunane som får støtta som skal betale dette.

Finland netto betalar

- Det er ikkje slik som den finske staten har forsøkt å framstille det, at Finland vil få meir igjen frå EU enn vi må betale, sa Asser Siuvatti, tillitsvald i Rautamukki-konsernet.
- Finland vil få 3,5 milliardar og betale 6,5-milliardar. Det er ikkje slik at den finske industrien må mn for å få solgt varer, i stålindustrien har EU allereie ein overkapasitet på 30 millionar, tonn. Nei, industrieigarane vil inn for å få ned prisen på arbeidskrafta. For det finske jordbruket vil EU-medlemsskap bli ei katastrofe, for prisnivået på jordbruksprodukt vil bli halvert.

Norsk eurosentrisme

Som innleiiar om EU og sikkerhetspolitikken hadde ein fått opp Erik Solheim frå Oslo SV.
- EU var ikkje svaret på dei sikkerhetspolitiske problema, sa han og som alternativ sette han opp KSSE og Natos partnerskap for fred.
- EU er på sida, irrelevant i forhold til Aust-Europa, meinte Solheim, som og sa at det ikkje kan vere fnugg av tvil om at marknadskreftene må inn i Aust-Europa i langt større grad, og at det ikkje er nokon ulempe for Aust-Europa å få utanlandske investeringar.
Mot dette blei det innvendt at EU med å subsidiere eksport av overskot frå landbruket er i ferd med å lage store problem for jordbruket i Aust-Europa, blant anna Polen.

Ikkje likeverdig

Eit mye brukt argument frå EU-motstandarar er at EU ikkje er eit likeverdig samarbeid, dei små folka og språka vil ikkje nå opp mot dei store.
Denne kritikken rammar nok og arrangørane av denne konferansen. Her var dei norske og. svenske dei store, mens finlendarar og samar blei lillebrør i Nordkalottsamarbeidet. Det aller meste foregikk i plenum på norsk/svensk, og bare det som blei sagt på finsk blei tolka for alle. Dei finskspråklige måtte ellers klumpe seg saman rundt ein improvisert tolk midt i salen for å få med seg ka som gikk føre seg. Til samisk blei det ikkje tolka i det heile.
Ein av initiativtakarane til konferansen var samepolitisk utval i Finnmark Nei til EU. Dei hadde ønska seg EU og samane som ei av hovudsakene, på konferansen, men dette blei redusert til ein gruppediskusjon samtidig med tre andre gruppediskusjonar. Når bare ein frå Sverige og ingen frå Finland valde denne gruppa, blei denne konferansen ikkje noko stort skritt vidare i samisk samanhang.
Gruppa slo fast at det er mye som manglar både på at EU-saka blir prioritert av samiske organisasjonar og på at samiske spørsmål kjem nok fram i EU-kampen.
Denne konferansen var og dessverre eit eksempel på redsla for å sette samepolitiske spørsmål på sakslista.
I Nei til EU sentralt har det vore stor velvilje, men lite kunnskapar om samiske spørsmål, og det trengs derfor å frikjøpe ein person i innspurten som kan arbeide med samordning av EU-kampen i samiske miljø. Motstandsorganisasjonane på Nordkalotten bør og kunne lage felles (firespråkleg) informasjonsmateriell om samiske spørsmål.


Til hovudsida.

sveilund@online.no