Reportasje i Klassekampen, 15.05.1986

1. MAI PÅ 78° NORD

— Det som opptar folk mest på Svalbard idag er vel boligsituasjonen. Det er ei skam at folk som slit hardt på fæle arbeidsplassar skal måtte bu på 9 m2 på brakke og så gå 2 kilometer for å få seg ein matbit. Dette var også sentralt i 1. mai-feiringa her, seier Agnes Kvilhaug, formann i Longyearbyen Arbeiderforening.

SVALBARD (Klassekampen): Tekst og foto: SVEIN LUND

Årets l. mai-tog i Longyearbyen var ikkje av dei største. Men dei 30—40 som gikk i tog på 78° N var første toget på Svalbard siden 1978.

20 paroler var vedtattt, men bare 8 kom med i toget. Resten blir bare hengt opp på «Huset» der Jan Olav Ingvaldsen holdt tale. Ingvaldsen er tidligere fagforeningsformann i Sulis, nå stortingsrepresentant for DNA. Mange syntes det var bra å få ein talar frå bergverk, men ikkje alle var like begeistra for ein som sveik Sydvaranger så snart han kom på Stortinget.

Det var dei lokale sakane som dominerte toget. Krav om husbanklån, betalt reisetid til gruva, ungdomsplan for Svalbard, og politiske val til Svalbardrådet. Men det var og plass for «Solidaritet med Sør-Afrika» og «Nei til atomvåpen». Sovjet sto det derimot ingenting om i parolegrunnlaget. Ein hadde kanskje ikkje lyst å erte på seg naboane i Barentsburg og Pyramidens.

Arrangør var Longyearbyen Arbeiderforening i samarbeid med AUF, den einaste politiske organisasjon med noko aktivitet her for tida.

Agnes Kvilvang har nå starta på det tredje året sitt som formann i Longyearbyen Arbeiderforening, avd. 142 av Norsk Arbeidsmandsforbund. Da ho blei valgt blei ho intervjua av ein masse aviser, det er jo ikkje daglig kost å få kvinnelig leiar i ei gruvearbeidarforening.

Halve folketalet i ei fagforening

Men Longyearbyen Arbeiderforening er langt i frå bare ei for gruvearbeidarar og vedlikeholdsfolk. Her er arbeidarar frå alle verksemdene til Store Norske Spitsbergen Kulkompani, og det er ikkje lite, kontor, messe, kraftverk, kai, buss og reisebyrå, for å ta eit utval. I tillegg har dei organisert dei tilsette i Nordic som driv kafé og restaurant, ja til og med nokre medlemmer på sjukehuset.
— Nå har vi omlag 660 medlemmar, fortel Agnes. Det skulle bli halve den norske befolkninga på Svalbard med smått og stort. Vi er einaste LO-forbund med eiga avdeling her oppe, så vi har ingen samorganisasjon. Men innafor Store Norske har vi samarbeid med arbeidsleiarforeninga og ingeniørorganisasjonane.

— Og aktiviteten er på topp?
— Nei, desverre kan eg ikkje seie det. Mange tenker dei skal bare vere her ei kort tid og vil ikkje engasjere seg. Men eg synes vi jobbar bra gjennom ein del utval og organ innafor bedriften. Store Norske eig og driv jo omtrent alt her, så vi må engasjere oss på mange felt. Ved bygging av nye familieleilighetar har vi f.eks sørga for å få husmødre inn i planlegginga. Eg opplever at bedriftsdemokratiet virkar bedre her enn eg har sett på andre bedrifter. Det blir mest slike saker i bedriften og lokalsamfunnet vi jobbar med. Vi har ikkje hatt sjans til stort anna. Men vi er jo opptatt av framtida til bergverk, så vi har støtta Sulis og Sydvaranger.

Ny Svalbardmelding

— Viktige saker framover?
— Nå blir det særlig den nye Svalbardmeldinga frå regjeringa. Vi har akkurat fått ho, så eg kan ikkje seie noko meir.

— Kva med forholdet til russarane på Svalbard, er det mye diskutert?
— Nei, det har vore stille om det dei siste åra. Eg kan ikkje hugse vi har gjort noko vedtak sidan 1978, da vi protesterte mot at dei bryt norsk lov med helikoptertrafikken sin.

Nedlegging av gruve?

— Nå er jo snart alle gruver i Norge truga. Er dokka trygge her?
— Nei, for 2 år sidan bestemte Stortinget at gruve 3 skulle leggas ned i 1987. Men eg trur vi skal berge ho. For idag er det den gruva som går best. Om dei i Oslo kan å les tall, så må dei jo sjå.

Først var ikkje leiinga i Store Norske heilt med, men nå vil dei satse på Gruve 3. Nå brukar dei faktisk våre argument. Men når vi ser kva som skjer ellers i bergverk så blir vi jo i tvil.

Kvar skal vi bu?

— Det som opptar folk mest her i dag er vel boligsituasjonen. Etter planen skulle alle brakkene vere erstatta med nye hybelhus innan neste år. Men så stoppa staten husbanklåna. Da fikk vi virkelig sjokk. Etter at dei viste dette på TV så gikk nå lånet i orden på dei bygga som er igang, men for resten av boligane er det usikkert.

Ikkje rik på Svalbard

— Men dokker tjener da i alle fall fett her?
— Å nei, det går ikkje lenger å reise til Svalbard og tru at ein skal tjene pengar. Skal eg ta nokre tal frå overenskomsten? Messejenter 45.95, brakkesjef 45.80. Gruvearbeiderne har jo meir, men så slit del virkelig for det og.

— Men Svalbardskatten da, bare 4 prosent?
— Med folketrygdavgift blir det over 13 prosent. Og så har vi ikkje barnetrygd. Og ein masse ekstra utgifter. Mange må jo holde bolig både her og nede på fastlandet. Og ein masse varer er dyrare her enn nede.


Til startsida

sveilund@online.no