Reportasje i Klassekampen, 19.03.1987

På veg til Vestisen

— Den selfangsten vi driv i år hjelper ingenting for å få redusert selbestanden. Skal de monne noko, må vi få lov å ta opp igjen kvitungefangsten. Dette seier skipper på selfangstskuta «Kvitbjørn», Arvid Kristiansen.

Av Svein Lund, TROMSØ

Når dette lesas skal 5 norske ishavsskuter vere på plass på selfangstfelta i Vestisen og Austisen. Klassekampen var ombord i «Kvitbjørn» like før avgang frå Tromsø tirsdag 10. mars.

REDUSERT SELFANGST

Etter at aksjonane mot selfangstførte til at EF og USA vedtok forbod mot import av selskinn har norsk selfangst blitt drastisk redusert. For 5 år sidan var det slutt på fangsten på selungar, og da blei det og slutt på norsk fangst ved Newfoundland. Siden har det bare vært fangst på vaksne dyr, og dei siste åra har fangsten vært svært liten. 11984 blei det bare tatt 9—9000 dyr.

Norsk selfangstnæring var iferd med å forsvinne totalt. Men eit langt alvorligare resultat av dette er ein veldig auke i bestanden av gømlandssel. Og i år har fleire hundre tusen av disse gått til invasjon av norskekysten, med katastrofale følger for store deler av fiskeribefolkninga og mange samfunn langs kysten.

Sjølv om selinvasjonen og kan ha samanheng med matmangel pga. rovfiske, er det få som vågar nekte for at aukinga av selbestanden speler ei viktig rolle. Det er derfor heilt nødvendig med ein kraftig reduksjon av bestanden. Dette har også styresmaktene innsett, og gitt økonomisk støtte slik at fleire båtar vil vere med på selfangsten. Men er det nok?

Det var satt av 7 millionar til støtte for at 6 skuter skulle komme avgårde. Men ei har trukket seg, så nå er det bare 5 igjen. Av disse går 1 til Austisen og 1 til Vestisen, mens 3 går først ein tur til Vestisen, så ein tur til Østisen. Heile sesongen varar bare frå 18. mars til 5. mai, og det er små sjansar for at så få båtar greier å ta opp heile kvoten, som for Norge er 19000 grønlandssel i Østisen og 16000 grønlandssel og 16 800 klappmyss i Vestisen.

Vi går ombord i Kvitbjørn eit par timar før avgang. Det er 15 mann ombord, pluss ein forskar frå Havforskingsinstituttet i Bergen. Det er for det meste erfarne folk. Tilbakegangen i selfangsten har gjort at det har vore liten plass for rekruttering. Derfor er det heller ikkje bare å trappe opp raskt igjen.

— Ingen skipper vil dra i isen med halve mannskapet av heilt uøvde folk, seier Håkon Lippesen. Og han skulle vite ka han snakkar om, når han nå er igang med sin 28. sesong, den 20. ombord på «Kvitebjørn»

VI VEIT IKKJE

— Kor mye sel er det nå egentlig i Vestisen og Østisen?
— Nei, det vil eg ikkje våge meg på å seie noko tall på. I løpet av eit par år håper vi å kunne legge fram ein bestandoversikt. Det er også vanskelig å seie kor fort bestanden aukar, for vi veit for lite om kor mye sel det var før.

— Det har blitt sagt at norsk selforsking er så godt som lagt ned...
— Det er ikkje rett. Ved Havforskingsinstituttet er vi ei avdeling på 10 personar som forskar på sel og kval. I år har vi folk på 3 båtar i Vestisen.

Merking av ungar er det viktigaste arbeidet til forskarane ombord. 4 dagar er satt av til merking før fangsten begynner. I fjor merka dei 1500 «blueback» (klappmyssungar), men bare få grønlandssel. Merkinga må skje på ynglefeltet, og ein må satse på å merke ungar, om det skal bli noko av det. Å merke voksne dyr er svært vanskelig, fortel Fagerheim. Men det har hendt del har klart å merke nokre få.

— Kan dokker nå seie sikkert kor selinvasjonen kjem frå? Nokon seier Vestisen, nokon seier Østisen, nokon seier begge deler...
— Vestisen og Østisen er bare namn på yngleområda, der det samlas store mengder sel på seinvinteren. Resten av året er selen spreidd i heile Nordishavet, og disse stammane har trulig ei viss innblanding. Vi kan ikkje sjå på ein grønlandssel om han hører til Østis- eller Vestis-stammen. Det einaste sikre teiknet er merking. Vi har jo merka ein del i Vestisen, og nokre ganske få av disse har blitt tatt i garn på norskekysten nå i vinter. Problemet er at det ikkje blir merka i Østisen. Der skjer kastinga i Kvitsjøen innanfor sovjetisk 12 mils grense, der båtane våre ikkje får lov å gå. Og russarane har hittil ikkje vore interessert i merking. Så kor selen kjem fra, kan vi altså seie lite sik kert om.

INGEN FLYTELLING

— Det har vore krevd at Norge skal sette igang flytelling av sel. Blir det noko av det i år?
— Nei, det ser ikkje slik ut. Derimot telte russarane med fly i fjor, og det er snakk om at dei blir å flytelle i år og.

Norske og russiske selforskarar samarbeider og utvekslar opplysningar. I år skal norske forskarar vere med ein russisk båt i april-mai og undersøke hårfellande gømlandssel.

KA ETER SELEN?

— Det blir lagt fram så mange slags tall om kor mye fisk selen eter. Veit dokker det?
— Nokon har berekna selen sitt næringsbehov og rekna det ut i torskefilet. Det blir heilt feil. Selen er altetande, trulig et han mest av krill og smådyr. Men dette vil vi forske meir på. Til sommaren vil vi undersøke grønlandssel i det nordlige Barentshavet, og kystsel i Nord-Norge.

Vi har ingen problem med å bli einige om at selforskinga treng meire ressursar.

Ombord i Kvitbjørn har dei installert ensileringsanlegg for å utnytte selskrottane til dyrefor. Det er slutt på å bare dumpe skrottane i sjøen. Men enno kunne utnyttinga vore langt bedre. Det beste kjøttet av dei unge dyra tar fangarane sjølv vare på, og saltar i tønner. Det er fangstfolka sin eigedom etter gamal hevd, og reknas som ein del av lønna. Men mye 'kjøtt som kunne vore brukt til menneskemat ender istaden som dyrefor. Og skinnet, det blir slett ikkje fine pelskåpe for amerikanske og franske filmstjerner lenger. Nå blir det bare tatt voksne dyr, og skinnet går for det meste til skoindustrien.


Til startsida

sveilund@online.no