Reportasje i Klassekampen, 05.11.1982

Tommelen ned for Vardø

Regjeringas framlegg til statsbudsjett har slått ned som ei bombe i Vardø. I fjor vår vedtok Stortinget å bygge nytt FiNoTro-anlegg på Svartnes. I år sier regjeringa stopp. Reaksjonane i Vardø er sterke og tverrpolitiske. Formannen i Vardø Høgre har trekt seg i protest. NNN og Samorg har engasjert seg sterkt for denne bygginga. Fleire og fleire spør seg nå: Ei noko håp for Vardø i framtida?

Tekst og foto: SVEIN LUND

Heilt sidan krigen har krangelen gått: Kor skulle Vardø byggast, på fastlandet eller på sjølve øya? Byen blei bygd opp på øya, men det blei fort klart at øya var for lita, om byen skulle ha sjanser til å vokse. --- Bilettekst: FiNoTro-anlegget i Vardø er gammalt og nedslitt. Framtida for denne hjørnesteinbedrifta er knytta til nybygg på fastlandsida. No vender regjeringa tommelen ned for desse planane. ---- Mellom anna var hamneforholda svært vanskelige. I 1959 vedtok derfor Stortinget å bygge hamn på Svartnes på fastlandssida, og bru over Vardø-sundet. Bruplanane vart seinare gjort om til eit tunnel-prosjekt, og om eit par månader skal tunnelen stå klar til bruk.

Ein gigantisk molo

Men mange spør seg no om tunnelen er laga for at det skal bli lettare å avfolke Vardø. For dei storstllte planane om utbygging på fastlandsida har det til no blitt lite av. Ein molo er bygd, så stor at nokre spekulerer på om han eigentleg er tiltenkt ein marinebase. Men stort meir blir det heller ikkje, om framlegget til statsbudsjett blir klubba. Der stryk regjeringa løyvinga til nybygg for hjørnesteinsbedriften FiNoTro, som skulle danne kjerna i Svartnes-samfunnet.

Patriotisme i motvind

Men vardøværingane er vane med motvind. Dei er til og med stolte over det. Vardø er den einaste byen i Norge med arktisk klima, dvs. at ingen månad i året har middeltemperatur over 10 gradar. «Når hurtigruta ræk i land og riv havna ned, da e det Vardøvær», heiter det i sangen. Likevel er Vardø ein plass der folk vil bu. Del fleste som reiser ut på skole eller jobb, kjem tilbake så sant dei kan. Og vardøværingane kan vere enormt patriotiske. Kjem du utafrå og klagar på veret, får du til svar at; — vi har i alle fall jamn temperatur.

Patriotisme og galgenhumor er imidlertid ikkje nok til å halde busettinga oppe. Frå -75 til -82 gjekk folketalet ned med nær ti prosent. Det elendige fisket i Aust-Finnmark dei siste åra må ta mye av skulda for at mange reiser ut for å sjå seg om etter sikrare levebrød.

Men haldninga til Vardø hos statlege og fylkeskommunale styresmakter tel og med. Offentlege institusjonar er blitt flytta frå Vardø den eine etter den andre. Sjukehuset blir nedlagt. Det blir ingen ny fabrikk på Svartnes. Dette blir av mange i Vardø tolka dit at styresmaktene ikkje ser noka framtid for byen ved Barentshavet.


«Etter en samlet vurdering er Regjeringen kommet til at den ikke kan tilrå bevilget offentlige midler til å bygge et nytt anlegg for FiNoTro på Svartnes. Etter Regjeringens oppfatning må FiNoTro gjennom de ordinære virkemidlene enten søke å ruste opp sin nåværende anlegg eller innlede samarbeid med andre industribedrifter i Vardø. Den formen som velges må bestemmes ut fra hva som etter en samlet vurdering er mest tjenlig for FiNotro A/S og fiskeindustrien i Vardø for øvrig.»

Vardø har basert mykje av framtida si på Svartnes-utbygginga på fastlandet. Vardø-tunnelen som opnar om eit par månader skulle knytte byen på øya saman med fastlandet. Men om framlegget til statsbudsjett blir vedtatt, vil det ikkje bli noko utbygging på fastlandet - Statsbedriften FiNoTro som skulle danne hjørnesteinen i Svartnes-samfunnet står i fare for å måtte legge ned om dei ikkje får løyvingar til nybygg.

- Ein skandale

Skal ein finne fram til FiNoTro i Vardø, må ein spørre seg fram. For einaste skiltet som er synleg på utsida står det «ESSO» på. Så legg da heller ingen skjul på at bedriften er lite å syne fram.

- Dei arbeidsforholda vi ha å by arbeidarane her er under kritikk, seier produksjonsleiaren, Roger Kofoed. - Det er ei skam at statens bedrift skal vere den dårlegaste i Vardø. Dei produksjonslokala vi har i dag er bygd opp på bygningar frå før krigen som sidan er lappa på og lappa på

Brann

— I 1980 var det storbrann her; heile 2. etg. brann ned. Da var vi redde for at brannen skulle bli brukt som påskott til å legge ned bedriften. Så vi fikk Vardø kommune til å invitere fiskerikomiteen i Stortinget hit. Dei sa da at dei ikkje hadde drøymt om at arbeidsforholda kunne vere så dårlege. Eg trur det at vi fikk dei hit for å sjå med eigne auge gjorde mykje til at Stortinget vedtok å bygge heilt nytt anlegg på Svartnes.

Ofra mye for arbeidsplassen

- Etter brannen var arbeidarane her sjølv med og avgjorde kva vi skulle bruke forsikringspengane til. Vi valde å satse på eit nytt produksjonsbygg for kvalkjøtt, lodde og lodderogn. Og i filetavdelinga er det investert i nytt kappe- og pakkeutstyr. Dette er slikt som er transportabelt og som vi kan ha med til Svartnes. Om det blir noko der nokon gong, da. Ein kan seie at vi satsa alt på å halde arbeidsplassen i gang, så fekk heller bedringar i arbeidsmiljø og velferd vente til vi fikk nytt på Svartnes. Nå hanglar og går det på dispensasjon frå Arbeidstilsynet.

Roger Kofoed serverer oss kaffe i det provisoriske formannskontoret. Det ligg i eit bygg like ved bedriften, som dei har leigd av kommunen. Det er ikkje plass til formannskontor i same bygget som filetproduksjonen! Mens vi sit og pratar, kjem arbeidsformann Ulf Lorentzen og klubbformann Rolf Hildonen og bidrar med sitt syn. Dei fortel at det er så dårleg med spiserom at i loddesesongen må dei bruke egnebuene. Ein skulle kanskje tru at det var store motsetningar mellom klubbformann, arbeidsformann og produksjonsleiar, men i denne saka, var i alle fall semja stor.

Ein hjørnesteinsbedrift

- FiNoTro i Vardø er ein hjørnesteinsbedrift både for FiNoTro og for byen. Mens fiskeindustrien i Vardø stort sett har gått med underskott del siste åra, har vi hatt eit betydeleg overskott. Nå krev vi at dette førast tilbake til Vardø. Trass i dei dårlege arbeidsforholda har vi ein stabil arbeidsstokk, samanlikna med andre bedrifter i fiskeindustrien. Det kjem vel av at vi har hatt lite permitteringar.

— Og så er det eit triveleg miljø blant arbeidarane, og godt forhold mellom arbeidarane og leiiinga, seier Hildonen. Men nå byrjar folk å miste tålmodet her. Arbeidarane stiller krav til arbeidsmiljø og velferd. Vi ser ingen annan sjanse for å betre tilhøva enn ei nybygging på Svartnes.

Bilettekst:

— Det er ei skam at staten si bedrift skal vere den dårlegaste i Vardø, seier Ulf Lorentzen og Rolf Hildonen, som ikkje legg skjul på at budsjettframlegget er eit stort vonbrot.

Tal-magi frå fiskeridepartamentet

Kva gjør så kommunen for å snu utviklinga? Nyttar det å drive planleggingsarbeid her?

Vardø har ein tiltakskonsulent. Jan Thyrhaug heiter han, innfødt vardøværing, men ganske fersk i jobben. Vi finn han på eit kontor i ein raud stor murklump av eit rådhus, kjent som «verdas største Narvesen-kiosk».

Thyrhaug trekk fram ei teikning over Svartnes slik kommunen ha tenkt seg det skal bli. Utanom FiNoTro er det serviceanlegg for fiskeflåten med verkstader og lineegnesentral, boligområde med posthus, barnehage osb. Boligområdet er teikna av ei gruppe frå Arkitekthøgskolen med spesielle husformer tilpassa klimaet. Dei er planlagt i grupper på åtte hus rundt eit tun. Og så skal det plantast skog. I sommar starta det med forsøk med furu frå Alaska.

- Men, seier Thyrhaug med eit sukk, kva hjelp det om vi planlegg aldri så bra når så staten kjem og slår beina under oss. Det er ein fortvila situasjon for ein kommune å ikkje kunne stole på eit stortingvedtak. I Alta var det så om å gjere å følge "lovleg fatta stortingsvedtak", men det gjeld visst ikkje for alle. FiNoTro var jo ein heilt sentral del av Svartnesplanen. Nå blir mudringa av hamna og stoppa, og det blir vanskeleg å få etablert serviceanlegget for fiskeflåten.

800 millioner er det investert i denne fiskerihamna, som er Norges største, utan at vi veit om vi får noko nytte av ho.

Fiskeridepartementet driv rein svindel med tal for FiNoTro-utbygginga. I ei pressemelding dei sendte ut nå den 6. oktober heiter det: «Fiskeridirektøren har vurdert forprosjektet og kommet til at de totalt konstnadene vil bli på 130 millioner kroner.» Men sjølve industrianlegget er bare 53 millioner av dette. Og så avviser del utbygging fordi det ikkje er bedrifteøkonomisk lønnsomt. Har du hørt andre plassar at nye bedrifter skal vere så lønnsame at dei dekker utgiftene til barnehage og post kontor?

FiNoTro ville kunne stått ferdig på Svartnes i 1985/86. Fiskeridepartementet spelar bare ballen tilbake til Vardø og ber oss finne på noko anna. Det er ikkje bare med dei krava dei stiller til lønnsemd for å få statsstøtte. Og noko alternativ å gi oss har dei ikkje. Eg er redd pessimismen nå spreier seg her i byen og enda fleire gir opp og flyttar herifra.

Bilettekstar:
1. - Det er tungt å planlegge, når planane våre plutselig blir sparka bein under slik regjeringa har gjort no, seier Jan Thyrhaug, tiltakskonsulent i Vardø.
2. Vardø slår vakt om kva dei har. Inni trekassa til høgre på biletet er det einaste treet i Vardø, godt innpakka for vinteren.

Tal-magi frå fiskeridepartementet

Kva gjør så kommunen for å snu utviklinga? Nyttar det å drive planleggingsarbeid her?
Vardø har ein tiltakskonsulent. Jan Thyrhaug heiter han, innfødt vardøværing, men ganske fersk i jobben. Vi finn han på eit kontor i ein raud stor murklump av eit rådhus, kjent som «verdas største Narvesen-kiosk».

Det er tungt å planlegge, seier han, når planane våre plutselig kan bli stoppa sånn som regjeringa har gjort nå.
— Nå får vi jo tunnel, og det er vel og bra. Men føresetnaden var heile tida at dette skulle fremme veksten på Svartnes. Hamneforholda har vore den store bøygen for utvikling av Vardø. Den hamna vi har nå er frå 1890-talet, og når nordausten står på har det hendt båtar har fått slått sund rekka mens dei låg ved kai. Eit resultat av det er at Vardø berre får fisk frå 4—5 framandbåtar. I Båtsfjord er det om lag 30 framandbåtar som leverer, sjølv om Vardø ligg vel så godt til rette i forhold til fiskefelta. Dei som ikkje har fast fortøyning sjølv tør rett og slett ikkje gå inn her.

Thyrhaug trekk fram ei teikning over Svartnes slik kommunen ha tenkt seg det skal bli. Utanom FiNoTro er det serviceanlegg for fiskeflåten med verkstader og lineegnesentral, boligområde med posthus, barnehage osb. Boligområdet er teikna av ei gruppe frå Arkitekthøgskolen med spesielle husformer tilpassa klimaet. Dei er planlagt i grupper på åtte hus rundt eit tun. Og så skal det plantast skog. I sommer starta det med. forsøk med furu frå Alaska.

— Men, sier Thyrhaug med eit sukk, kva hjelp det om vi planlegg aldri så bra når så staten kjem og slår beina under oss. Det er ein fortvila situasjon for ein kommune å ikkje kunne stole på eit stortingsvedtak. I Alta var det så om å gjere å følge «lovleg fatta stortingsvedtak», men det gjeld visst ikkje for alle. FiNoTro var jo ein heilt sentral del av Svartnesplanen. Nå blir mudringa av hamna og stoppa, og det blir vanskeleg å få etablert serviceanlegget for fiskeflåten.

200 millioner er det investert i denne fiskerihamna, som er Norges største, utan at vi veit om vi får noko nytte av ho.

Fiskeridepartementet driv rein svindel med tal for FiNoTro-utbygginga. I ei pressemelding dei sendte ut nå den 6. oktober heiter det: «Fiskeridirektøren har vurdert forprosjektet og kommet til at de totale konstnadene vil bli på 130 millioner kroner.»
Men sjølve industrianlegget er bare 53 millioner av dette. Og så avviser dei utbygging fordi det ikkje er bedriftsøkonomisk lønnsomt. Har du hørt andre plassar at nye bedrifter skal vere så lønnsame at det dekker utgiftene til barnehage og postkontor?

FiNoTro ville kunne stått ferdig på Svartnes i 85/86. Fiskeridepartementet spelar bare ballen tilbake til Vardø og ber oss finne på noko anna. Det er ikkje bare med dei krava dei stiller til lønnsemd for å få statsstøtte. Og noko alternativ å gi oss har dei ikkje. Eg er redd pessimismen nå spreier seg her i byen og enda fleire gir opp og flyttar herifrå.


Til startsida

sveilund@online.no