Artikkel i Klassekampen, 23.04.1988

Ungfisk utan vern

— Ungfisken i Barentshavet har i dag ikkje noko vern. Denne konstanteringa kjem frå ein av dei som skulle ha mest solid grunnlag for å uttale seg; Arne Luther, distriktsinspektør for Troms og Finnmark i Fiskeridirektoratets Kontrollverk.

Av SVEIN LUND, TROMSØ

Luther er ein av dei som har gått hardast ut og åtvara mot rovfisket, men han har tala for døve øre.
— Vi har åpenbart intet lært. Ressurskrisene kommer nå så raskt på hverandre at de ikke gir oss muligheter til å glemme dem. Likevel gjør vi de samme tabbene om igjen. Vi nekter å se realiteten i øynene. Vi fortsetter å fiske til den siste pinne er oppe av havet.
Dette sa Luther til Fiskeribladet for vel eit år sidan. Siden har langt fleire blitt merksam på ka som foregår, men frå styresmaktene har det skjedd minimalt.

Lovlig rovfiske

— Vi kan ikkje seie at styresmaktene ikkje tar overvåkinga av fisket alvorlig, seier Arne Luther til Klassekampen. Dei brukar meir pengar på det enn nokon gang før innafor gjeldande regelverk. Men det hjelper bare så lenge regelverket ikkje strekk til. Hovudproblemet er det lovlige rovfisket. Vi har blitt så effektive at vi tar torsken straks han rundar minstemålet på 42 cm. Når det så er tillatt å ta 15 prosent undermåls fisk, blir det nesten ikkje noko fisk igjen som får vekse seg stor.

— Ka slags reguleringstiltak meiner du er viktigast å gjennomføre?
— Utan tvil er det mest effektive avstenging av område. Det brukas i stor grad i dag, men vi kan bare stenge eit område når fisken er så liten at det er ulovlig å fiske på han. I dag ovlig å fiske på torsk på ei vekt ned til under halvkiloen. Det hender at lovlig fanga fisk blir dumpa på havet fordi han er så liten at han er ulønnsam å produsere.
Derfor er det ei hovudsak i dag: Auke minstemålet. Reguleringsrådet har gått inn for 47 cm for torsk. Det må vere eit absolutt minimum. Samtidig må andelen av tillatt undermålsfisk reduseras, og fisket må kunne stansas når ein viss prosent av fangsten er f .eks mellom 47 og 55 cm. Med den størrelsessammensetninga torsken nå har i Barentshavet, ville vi da straks kunne sperre av større område for trålfiske.
I tillegg til at det er den einaste forsvarlige ressurspolitikken, vil eit utvida minstemål vere ei veldig gunstig investering for næringa. Større fisk gir bedre økonomi både på sjø og land.

— Ka med maskevidda?
— Den er ikkje noko stort poeng. Sjølv med større maskevidde blir det tatt mye småfisk, og vi veit ikkje kor mye fisk som blir drept når han blir pressa ut gjennom maskene. Med god overvåking veit vi kor stor og liten fisk står, og der det er småfisk bør han få vere i fred.

Full rett

— Men når så mange går inn at minstemålet skal aukas, kvifor skjer så ikkje dette?
— Styresmaktene meiner vi har avtalar med andre nasjonar som gjør at dei ikkje kan utvide over natta. Men det var jo eit av argumenta for å innføre 200 mils økonomisk sone at vi skulle ha den fulle råderetten der. Det skulle derfor ikkje vere noko til hinder for eit einsidig vedtak for norsk sone. Og vi har ikkje råd å vente.

Russarane har eit problem med at oppvekstområda for småfisken mest ligg på hans område. Skal det i det heile fiskas der, må det bli mye småfisk. Det gir han eit dårligare utgangspunkt, og gjør at russarane strittar imot utvida maskevidde. Men ellers er han ikkje verre enn andre. Når vi stenger av eit felt har vi ikkje problem med russarane.

— Nar russarane blir kritisert for å fiske småfisk svarar dei med at Norge fiskar på gytefelta på Lofoten. Ka seier du til det?
— Ein kan ikkje blankt avvise ein slik kritikk. Det er absolutt sider ved Lofotfisket ein må kunne sjå på. Spesielt i siste fasen når han skal gyte, da kunne vi med fordel ha spara han.
— Sjølv om vi må ha reguleringsbestemmelsar så fritar ikkje det fiskaren for eit sjølvstendig ansvar. Det er lite hyggelig at vi må gå til rettssak mot fiskarar som medvite bryt reglane. Vi er nå igang med rettssaker etter seislaget på Varangerjorden i fjor. Der blei det inndratt verdien av ein masse ulovlige fangstar. Det var til og med dei som fiska i avstengt område med den grunngiinga at dei ville vise at vi hadde feil, fisken var ikkje så liten. Dette illustrerer haldningar frå ein del av fiskarane som eg vil gå i rette med, seier Luther.
— Får seifisket fortsette som nå, er bestanden dømt. Det er eit heilt galt uttak, det fins ikkje økonomi i det verken for fiskar eller fiskeindustri. Norske fiskeindustribedrifter vil ikkje ha denne småseien. Derfor blir han gitt bort til russarane.
— Dette skjer samtidig som norske fiskeindustribedriftar importerer seiblokk frå Vest-Tyskland for videreforedling. Nå er seien fiska ned til minstemålet. Dette må snarast opp på 45 cm, og det må gjelde langs heile kysten.


Til startsida

sveilund@online.no