Artikkel i Klassekampen 24.02.1988

Svein Lund:

TRÅLARKAPITAL LEGG FISKEVÆR ØDE

Skal kynisk spekulasjon fra eit trålarrederi bli dødsstøtet for fiskeværet Bugøynes i Sør-Varanger?

Fiskebruket er hjørnesteinsbedriften på staden og står stille etter konkurs i høst. På Bugøynes spør alle seg om bedriften blei bevisst kjørt konkurs av eigarane, Trygve Olsens Fiskebåtrederi i Havøysund. Bugøynesværingane anklagar og fiskeridepartementet for å sjå gjennom fingrane med at konsesjonsvilkåra for trålaren T. O. Senior har blitt brote.

Styrt konkurs

— Vi meiner dette er ein styrt konkurs. Olsen-rederiet har kjøpt fiskebruket bare for å få tak i trålaren, dei har aldri vore interessert i å drive bruket.
Dette seier Arve Buljo, hovudtillitsvalgt for dei omlag 40 som jobba på T. O. Products til konkursen i oktober. Han fortel om bakgrunnen for situasjonen i dag:
- I 1977 fikk fiskebruket på Bugøynes frysetrålaren «Bugøyfisk», med konsesjon for både torske- og reketrål. I konsesjonsvilkåra sto bl.a.: «At hele fartøyets torskekvote leveres til A/S Varanger Fiskeindustri eller til annen fiskemottaker i Øst-Finnmark dersom A/S Varanger Fiskeindustri ikke kan ta imot fangsten»
Eigar var da Gunnar Jensen, som og hadde ein bedrift i Mehamn. Da denne fikk problem, overførte han pengar frå Bugøynes dit. Og i 1985 gikk Varanger Fiskeindustri konkurs, mens bedriften i Mehamn berga seg. Bedriften med trålar (eller omvendt) gikk til høgstbydande, Trygve Olsens Fiskebåtrederi, for 21,5 millionar. Av dette var 18 millionar for trålaren, bare 3.5 mill. for fiskebruket. «Varanger Fiskeindustri» blei «T. O. Products», og «Bugøyfisk» blei «T. O. Senior». Olsen-rederiet har aldri før vist interesse for å drive fiskeindustri, og heller ikkje no. Anlegget var nedslitt og gikk på dispensasjon frå alle slags regelverk. Men vi såg aldri så mye som planar for skikkelig opprusting.
Trålaren gikk bra, men fiskebruket gikk med underskot. Ein av grunnane var at trålaren aldri leverte ferskt råstoff, bare rundfrosent. Det gir meir arbeid og dårligare utbytte for fiskebruket, men fordelar for trålaren som kan vere ute lengre turar.
— I fjor leverte trålaren her i januar, fortel Buljo.
— Men i februar gikk han på rekefiske, og vi blei permittert i 8 veker. Så går det bra utover sommaren og hausten, bedriften ser ut til å gå i balanse i 1987.1 september skulle trålaren levere, men det blei stadig utsatt. Den trålarfangsten kom aldri hit, men blei solgt til ein anna bedrift. Olsen påsto at vi ikkje kunne ta imot, noko som er blank løgn. Kommunen og DUF engasjerte seg nå f or å berge bedriften, og 2. oktober blei det lagt fram ei pakke for opprusting. 4. oktober var det generalforsamling, og vi trudde at alt skulle gå i orden. Men da vi kom på jobb dagen etter, får vi høre at Olsen er på veg til Hammerfest for å levere konkursbegjæring.
Bugøynes med fiskebruketFiske kan lett snu fra lykke til ulykke. Hovudtillitsvald Arve Buljo

Hemmelig avtale.

Etterkvart har det kome fram meir og meir som tyder på ein styrt konkurs:
• Da Olsen-brørne overtok i 1985 fikk dei endra konsesjonsvilkåra slik at anlegget ikkje lenger måtte ha aksjemajoritet i trålaren. Dermed var grunnlaget lagt for at fiskebruket kunne kjøras konkurs utan at trålaren fulgte med, slik den gjorde ved forrige konkursen.
• I januar 1986 blei det inngått ein leveringsavtale mellom Ola Olsen for T. O. Products og Hugo Olsen for T. O. Senior, som sa at fiskebruket hadde 1. prioritet til leveransar frå trålaren så sant ein betalte toppris. Denne avtalen visste ingen av dei tilsette om. Han blei heller ikkje praktisert, men holdt i bakhanda. I september i fjor oppdaga den nye disponenten denne avtalen, og informerte dei tillitsvalde.
Etter konkursen har bostyret forsøkt å drive bedriften vidare, men hår ikkje fått råstoff. Tre ganger har dei bydd på fangstar frå T. O. Senior, men kvar gang har andre bydd meir, og fått fisken. Ein gang blei til og med fisken solgt i Mehamn, til ein bedrift som ikkje trong han sjølv. Dei tok han bare rett over kaia og over på ein båt som frakta han til Danmark!
Dette er heilt etter avtalen mellom Olsen-brørne, men i strid med konsesjonsvilkåra, som seier trålaren skal levere på Bugøynes så sant dei kan ta imot. Men det fortvila er at vi ikkje får noko klart svar frå departementet om avtalen er gyldig eller ikkje. Bostyret har forsøkt å by gjennomsnittlig marknadspris, som ligg godt over Råfisklaget sine minsteprisar. Men dette er ikkje godt nok for Olsen. Bare maksimalpris er godt nok.
— Dei er heilt kyniske forretningsfolk, seier Buljo. Eig ikkje medkjensle med nokon. I desember var eg med på eit møte med Fiskeridepartementet i Oslo. Der sa departementet at trålaren måtte fiske etter fiskebruket sitt behov. «Vi kan da ikkje gjøre det», sa Olsen. «Kem skal dekke tapet vårt om vi ville tjent meir på å gå til Nordsjøen etter sei?» Så glømmer han heilt at det dei kjøpte var ein trålar som hadde fått konsesjon nettopp for å sikre arbeidsplassane og busettinga på Bugøynes.

Gevinst: 15 mill.?

Fleire har vore og lukta på å overta fiskebruket. Men alle stiller som vilkår ein garanti f or at trålaren leverer der.
— Det mest aktuelle nå er at Frionor Polar Group overtar, eventuelt i samarbeid med Sør-Varanger Invest. Frionor forhandlar og med Trygve Olsenrederiet om å kjøpe trålaren.
Dette fortel ordførar i Sør-Varanger, Nils-Edvard Olsen til Klassekampen. Han kan og bekrefte at prisen på trålaren i dag kan bli om lag det dobbelte av det Olsen-reiarane ga for tre år sidan. I såfall vil brødrene Ola og Hugo Olsen kunne komme ut av dette med eit overskot på omlag 15 millionar.
— Feilen var at fiskeristyresmaktene i 1985 godtok ei endring av konsesjonsvilkåra så dei løyste på trålaren si tilknytting til Bugøynes, seier ordføraren.

— Kan ikkje svare

— Vi får ingen klare svar frå Fiskeridepartementet, klagar Arve Buljo. Og bedre blei det ikkje da Klassekampen ringte byråsjef Kvammen:
— Nei vi kan ikkje seie noko om konsesjonsvilkåra er brote. Anlegget kan ikkje ta imot fisk for dei har ikkje løyve frå Kontrollverket.
Slik prøvar Departementet å komme seg unna at Olsen-brørne fleire gonger braut konsesjonsvilkåra med å levere andre stader, lenge før nokon hadde brakt kjøpeløyvet inn i diskusjonen.
Og imens står fiskebruket stille. Dei 40 som jobba på bruket har gått ledige i fire månader. Siste månaden har 11 av dei vore sysselsett med oppussingsarbeid. Det tærar hardt på økonomien, men dei fleste klorar seg fast på Bugøynes. Det er her dei vil bu, men kor lenge går det?
Bustyret byrjar og å bli utålmodig, og har lenge truga med å «slakte» bedriften; selge maskinar og utstyr til høgstbydande.
Det hastar.

Fiskeværet Bugøynes

Frå gamalt av var Bugøynes ein sommarbuplass for eit par samefamiliar, og etterkvart slo nokre få nordrnenn seg ned her. I 1835 budde her 15 personar. Så kom den store flukten frå nauden i Finland til Havlandet i nord og i 1885 var det 351 innbyggarar på Bugøynes, av dei 286 finske. Bugøynes var da største plassen i Sør-Varanger kommune. Det finske språket har holdt seg opp mot vår tid. Enno går det mest på finsk blant dei over 30-40 år, mens ungane oftast bare snakkar norsk. Dei siste åra har ein etter rnange års fornorsking innført finsk i skolen, rnen bare som valfag.

Bugøynes var ein av dei få plassane i Finnmark som berga seg unna tyskarane si brenning under krigen. Det seias at den tyske kommandanten her ga melding om at plassen var brent, og tilbaketrekkinga skjedde så fort at ingen nådde å kontrollere det. Derfor finn vi enno garnle hus her, i typisk finsk byggestil.

Sjølv om Bugøynes ligg på fastlandet, fikk dei ikkje veg før i 1964, og enno ligg ein noko utafor allfarveg, med 103 km til kommunesenteret Kirkenes.

Folketalet har ikkje endra seg så mye dei siste hundre åra. Det har gått noko tilbake, men er fortsatt i overkant av 300. Her er bygd mange nye hus, og starta fleire nye bedrifter. Ein slipp sysselsetter åtte rnann, to bedrifter lagar gryteferdige rettar av reinkjett og laks. Her er fiskeoppdrett og to mindre maskinfirma. Men fiskebruket er hjørnesteinen. Utan det vil ikkje bygda overleve. Og så lite fisk det er igjen i Varangerfjorden, kan ikkje bruket greie seg utan trålar. Derfor er det ikkje snakk om bare dei 40 arbeidsplassane, men om framtida til heile fiskeværet. Derfor har og folk byrja å snakke om aksjonar orn bostyret gjr alvor av å selge vekk maskinane.


Til startsida

sveilund@online.no