Artikkel i Klassekampen, 07.03.1990

Svein Lund:

TRÅLARAR STÅR BAK ENORME SMÅFISK-DRAP

Omlag 100 millionar småtorsk kan ha blitt drepne og kasta på havet i løpet av åra 1986-88, berre av norske trålarar. Tar vi med andre lands fiske i Barentshavet, kan dette truleg tredoblast.

Av SVEIN LUND, TROMSØ

Desse tala er berekna på grunnlag av Havforskningsinstituttets kontrollar av fangstar ombord og kontroll av ilandførte fangstar.
Ein del stikkprøver med lengdemåling av fangsten viser at gjennomsnittslengda på fangsten er mykje større når den blir tatt ombord enn når den blir levert i land. Dette må tyde at store mengder fisk under minstemål blir drept og kasta på havet før fangsten blir levert.
Havforskningsinstituttet meiner å kunne antyde at det berre i 1987 blei fiska opp 80 millionar småtorsk som aldri blei registrert. Dette talet omfattar både norske og utanlandske trålarar, mesteparten under eit «eventyrleg» fiske ved Bjørnøya.
Desse berekningane frå instituttet vart sterkt underbygde av vitneprov frå ei rekke fiskarar under ei høyring i Tromsø sist veke, arrangert av Naturvernforbundet i Troms med støtte frå Troms Fiskarfylking, både Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget i Troms, Tromsø Samiid Searvi og Studentutvalet ved Universitetet i Tromsø.
Det har lenge versert påstandar om ulovleg fiske og dumping av småfisk. Alle har høyrt det, men lite er bevist. Det er ikkje noko enkel sak å få fram fakta om ulovleg fiskedumping. Journalistar som har drive med fiskeripolitikk har ofte opplevd å få høyre historier frå fiskarar, men når dei spurte: «Kan eg skrive at du seier dette», var det alltid stopp. Ein fiskar som fortalde slikt var det knapt nokon skipper som ville ha ombord.
Men sist veke var det fleire som endeleg sto offentleg fram og fortalde om sine opplevingar.
Felles for alle vitna var at dei kunne fortelje dei verste historiene frå torskefisket ved Bjørnøya sommaren 1987. Fleire bekrefta at innblandinga av småfisk var så stor at opptil halve fangsten gjekk på sjøen igjen. Særlig var det fabrikktrålarane som sopa med seg.
I 1987 var det og ein klar topp i det registrerte trålfisket, både det norske og internasjonale trålfisket på norsk-arktisk torsk nådde ein topp i dette året, medan kystfisket var på botn. Inntekta til trålarane hadde og ein topp, for norske ferskfisktrålarar var lønnsevna pr. årsverk nesten kr. 500 000, for fabrikktrålarane rundt kr. 700 000.
Mengda av norsk-arktisk torsk er i dag under ein tredel av det han skulle vore etter prognosane frå 1986. Ka har skjedd, og kem har skulda? Er det havforskarane som er så uduglege, eller er det rett og slett slik at ein mengde fisk blir tatt, men kjem ikkje med i statistikken?
Desse opplysningane tyder på at det siste er riktig. Eit filter og dette bekreftst av andre forskarar. Kjell Olsen, rektor ved Fiskerihøgskolen i Tromsø, seier det slik:
- Trålfisket utgjer i dag eit filter som vi ikkje greier å få ein årsklasse gjennom slik at denne kan gje rekruttering. Midt i 70-åra fekk vi ein ekstrem auke i beskatning av 3-4-åringar. Dette trass i at ingen kapital forrentar seg så godt som torsken om vi lar han vekse fra 3 til 5 års alder.
- Om vi ikkje greier å legge om til fiske av eldre fisk, vil vi aldri få ein sunn økonomi i norsk fiskerinæring. Det er trålarane som tar mest småfisk, derfor må vi gjore noko med teknologien her om vi skal kunne tillate trålfiske i framtida.
- Vi har nok fått eit minstemål på 47 cm. Greier vi å handheve det, vil vi kunne ha ei sunn beskatning, seier havforskar Knut Sunnanå.

-KJEFT FOR Å TA VARE PÅ SMÅFISKEN

-Da jeg begynte på trålfiske, fikk jeg kjeft av de andre ombord fordi jeg prøvde å ta vare på småfisken, sa Torstein Hansen fra Sørvær. - Vi skulle bare ta vare på det som var best betalt.

- Jeg har vært med på at all fisken under 50 cm gikk på sjøen igjen. Noen ganger kunne det være halve fangsten, fortalte Stein Roger Kristiansen fråTønsvik.
- Det er for mye arbeid med småfisken, og lavere pris. Alle er enige om at det er for jævlig, men ingen gjør noe med det. Du vil jo helst tjene penger. Mest mulig. Kristiansen var ikke i tvil om sammenhengen mellom det rovfisket han hadde vært med på og ressurssituasjonen i dag.
- Vi var vel så blåøyde, nå kan vi angre, når vi ser resultatet. Nå er vi tre mann på en sjark og vi har fått en kvote på 10 tonn. Jeg kan regne med en inntekt på 20 000 i år. - Jeg var på snurrevadfisket det året maskevidda blei utvida fra 110 til 135 mm. Vi fikk ingen ting, for vi fiska med lovlig redskap. Mens alle båtene rundt oss fikk, for de brukte tjuvnett.
- Hva må gjøres for å stoppe det ulovlige fisket?
- Det må kontrolleres. Fiskerne klarer ikke å kontrollere seg sjøl.

Tjuvnett respektert

- Da jeg begynte på trål i 1965 var tjuvnett en vanlig respektert redskap ombord. Jeg har vært med på mye galt, men nå vil jeg at sannheten skal komme fram, sa Johan Eide fra Torsken.
- En gang mens jeg var styrmann fikk vi så alt for mye småfisk. Jeg beklaga det til skipperen, men da fikk jeg klar beskjed at kunne jeg ikke godta det fiske jeg var på, fikk jeg gå på land. Mens vi var i Honningsvåg gikk jeg innom Finnmark Fiskarlag og spurte dem om jeg som styrmann måtte finne meg i sånt. Jeg fikk beskjed om at jeg måtte underordne meg øvrigheta.
- Sommeren 1987 ved Bjørnøya var det omtrent halve fangsten som gikk overbord. Da protesterte jeg, og så blei jeg bedt av flåtesjefen om å gå på land.

Desperate trålagenter

Hvor desperat fiskerikapitalen reagerer mot slike avsløringer, fikk vi tydelig demonstrert på høringa fredag, der flere i salen gjorde sitt beste for å ødelegge høringa. Fra salen kom det stadi sjikanering og mistenkeliggjøring av vitnene.
Det er Sjømannsforbundet som organiserer mannskapet på ferskfisktrålere og fabrikktrålere, og deres måte å forsvare arbeidsplassene på går ut på å hevde at ingen tråler noen gang har gjort noe galt, samt å gjøre narr av dem som måtte mene noe annet. Dette er reinhekla tullprat, ropte en mot en trålfisker som avslørte ulovligheter han hadde vært med på.

FAKTA OM TRÅLFISKE

1) Trålen er ikkje ei moderne oppfinning.
Egyptarane fiska med trål for 3000 år sidan. Til Norge kom trålfisket frå Irland midt i førre hundreåret. Men til norsk torskefiske kom trålen først etter 2. verdskrigen.

2) Trål er ikkje ein effektiv reidskap.
Ofte blir trålen framstilt som ein støvsugar som tar med seg alt som kjem i vegen. Det er ikkje sant. Ein stor del av fisken som går inn i trålen, kjem ut igjen. Det gjeld og for ganske stor fisk. Mesteparten av seleksjonen skjer i sjølve trålposen. Kor stor del av denne fisken som dør av skadene veit vi ikkje. Truleg er det mykje. Russarane har hevda at så stor del blir skada at det er bortkasta å ha stor maskevidde for å slippe ut småfisk.

3) Maskevidda seier lite.
Norge utvida maskevidda i torsketrål frå 125 til 135 mm i 1983. Frå mange kantar er det reist krav om auke til 155 mm. Island og Færøyane har 155 mm, mens Sovjet har 125 mm. Det er ikkje bevist at det er bedre utsortering av småfisk med auka maskevidde innafor disse rammene. Derimot har materialet trålen er laga av mykje å seie. Sovjet nyttår 3 mm dobbel tråd av mjuk nylon. Desse maskene er tøyelege og fisken kjem lett ut Norge nyttår mest 7 mm tråd som er stivare, og nokre land brukar opp til 10 mm tredobbel tråd. I prinsippet skal 135 mm maskevidde holde på fisk under 50 cm. Men i praksis er det ikkje så enkelt. Den vil både fange opp ein del mindre fisk og slippe ut ein del større. Om ein manipulerer med maskevid da med forskjellige knep treng det derfor ikkje vere for å få meir småfisk. Det kan vere for å beholde meir av den store fisken. Men da får ein sjølvsagt samtidig meir småfisk, som ofte blir kasta på havet, enten fordi den er lite lønnsom, eller for å skjule ulovlig fiske.

4) Det er lov å fiske undermåls fisk
Minstemålet for torsk blei i fjor auka frå 42 til 47 cm. Men både før og etter var det tillatt med ein innblanding av undermålsfisk på 15 prosent. Først når innblandinga blir større, kan kystvakta stenge .av eit område for trålfiske. Norge kan bare stenge område i norsk økonomisk sone og Svalbardsonen. Desse stengningane blir som regel respektert av russarane, men det er ikkje kjent at Sovjet har stengt av område i sin sone eller tatt initiativ til stenging i gråsonen. Dette trass i at jo lenger aust ein kjem, jo meir småfisk er det.

5) Trål mest brukt internasjonalt
Internasjonalt er trål den mest brukte reidskapen. Den norske fiskeflåten med mange båtar i forskjellig storleik skiller seg ut både frå EF-landa, frå store fiskerinasjonar som Sovjet og Japan, og frå små fiskerinasjonar som Island og Færøyane, som alle har større vekt på trålflåten enn Norge. Heile den sovjetiske fiskeflåten er bygd opp på trålarar.


Til startsida

sveilund@online.no