Debattinnlegg i Klassekampen 28.03.2007

Fiskeripolitikken: "Tilbake til fellesskapet"?

"Tilbake til fellesskapet". Dette var overskrifta på Klassekampens oppslag 17.03.2007, da regjeringa hadde lagt fram meldinga om strukturtiltak for fiskeria.

For Klassekampen er hovudsaka at trålarane ikkje får beholde kvotane sine meir enn 20 år. Dette er rett nok eit framsteg i forhold til fiskeripolitikken til den førre regjeringa. Men det viktigaste med strukturmeldinga var ikkje dette. Det var at regjeringa no, stikk i strid med det SV, SP og permittert fiskeriminister Helga Pedersen tidligare har stått for, går inn for "strukturering" også av kystflåten med båtar under 15 meter. For første gong opnar ein for samanslåing og salg av kvotar også for desse båtane, noko som har møtt sterke reaksjonar frå mange kystfiskarar og frå samisk hald. Sametinget meiner denne omlegginga fører til ei rasering av flåten under 15 meter langs kysten. Det vil igjen fjerne siste rest av grunnlaget for busettinga i mange sjøsamiske område. Sametinget rasar fordi regjeringa med dette bryt avtalen om konsultasjonar før regjeringa legg fram saker av stor betydning for samane.

Klassekampen har rett nok fått med denne sida av saka, med uttalelsar frå kystfiskarlaget og Bente Aasjord. Men den samiske sida av saka er ikkje nemnt, og dette svært alvorlige åtaket både på kystfiskarane og samane er i visa si framstilling gjort til ei underordna sak. Til samanlikning er det nettopp verknadane for kystflåten som er slått opp som hovudsak i nordnorske media, både dei norsk- og samiskspråklige.

Eg har registrert at det den siste tida har vore meir stoff frå Nord-Noreg og om samiske spørsmål i avisa. Det virkar som ein endelig har byrja å ta kritikken på alvor. Det er vel og bra, men ein må og kunne stille litt krav til kva ein skriv, og kva for side ein stiller seg på. I dette tilfelle synest Klassekampen å ha vald å prioritere rolla som regjeringsorgan framfor å ta standpunkt for kystfiskarar, samar og busettinga langs kysten. Eg vonar det ikkje gjentar seg.

Svein Lund


Til hovudsida.