Artikkel i Klassekampen, 05.03.1988

Stille på hamna i Smørfjord

- Her er heilt svart hav. Eg har ikkje fiska sidan 15. desember. Det var ein som prøvde for ein par veker sidan. Han satte 40 garn, men fikk ikkje ein fisk. Mange kyst- og fjordfiskarar vil ikkje tåle eit slikt år til. Dei må selge eller båtane går til auksjon.

Av SVEIN LUND, Porsanger

Bernt Wilhelmsen er formann i Smørfjord fiskarlag, eit av dei tre fiskarlaga i Porsanger i Finnmark. Han eig den 37 fot store Havdønn.

— Båten er frå 1947 og eg har lite gjeld. Det er derfor det går. Her er nå mest gamle vrak igjen. Det er nesten ingen som greier å sitte på nye båtar. Som dei andre fiskarane i fjorden har han nå bare garantilott som inntekt. Den er 1500 kroner i veka, og betalas bare i eit visst antall veker for kvar sesong. Garantilotten eller minstelotten skal bare betalas når ein driv aktivt fiske, men det kan gjøras unnatak når det beviselig er så dårlig med fisk at det ein kan få ikkje dekker utgiftene med å gå ut. Og ingen vil nekte for at det er tilfelle for Porsangerfjorden i vinter.

Selen hindrar gyting

— Det einaste ein kan få her er sel, seier Bernt. — Selen jagar torsken ut av fjorden og ned på djupt vatn. Han må ned på 3-400 meters djup for å komme unna selen, og der er det bare trålarane som får tak i han. Her er ein eigen lokal stamme av kysttorsk, såkalla dvergtorsk. Han blir gytemoden før han blir ein kilo. Men i fjor var det inga gyting fordi selen hadde jaga torsken til havs. Alt tyder på at det heller ikkje blir gyting i år. Fortsetter det slik vil heile stammen dø ut.

Tømmer fjordane

Som dei fleste fjordfiskarar er ikkje Bernt Wilhelmsen nådig mot dei som har tømt fjordane med aktive reidskap. Sjølv brukar Porsanger-fiskarane garn om vinteren, juksa om sommaren og line om høsten. Mens større båtar kjem utafrå med reketrål, snurrevad (rundfisktrål) og snurpenot.

— Fiskarane her i fjorden har vore fornuftige og holdt på ei maskevidde på 140mm (9 omfar), sjølv om fisken vi får har blitt mindre. Det kan ein dessverre ikkje seie om andre. Nå har maskevidda i snurrevad blittredusert frå 135 til 125mm etter press frå Norges Fiskarlag. Det er jo vanvittig. Snurrevadbåtane blir større og større, det er bare tråldørar som manglar så er det ein vanlig trål. Ein hypermoderne snurrevadbåt frå Ålesund har logge ute i havet i lag med stortrålarane, og taua i opptil fire timar. Og slike båtar får gå heilt opp i fjæresteinane. I Porsanger er gytefelta freda mot snurrevad delar av året, men det er ikkje nok. Dei har ingen ting på fjordane å gjøre. I Adamsf jorden greidde snurrevadbåtar for nokre år sidan å ta opp all storfisken. Sidan har der vore tomt. Det samme kan skje her.

Reketrål har vore forbode på Porsangerfjorden sidan 1975. Men nå pressar fiskarlag på kysten på for å få opna igjen. Før var her eit godt seigarnfiske. Men så kom seisnurparane og håva inn. Sidan -74 har her ikkje vore storsei igjen. Nå skal snurparane knekke småseien og. I sommar solgte dei til russiske fabrikkskip for 1 krone kiloen. Da må dei ha voldsomme kvantum for å få noka inntekt. Det må jo gå galt.

Porsanger bygdebok fortel at i 1865 var det 192 fiskarfamiliar i Porsanger, av disse dreiv 162 i kombinasjon med jordbruk. Fisket var den viktigaste næringsvegen i kommunen. I 1911 deltok 291 havfiskarar og 221 fjordfiskarar i fisket på Porsangerfjorden. 11988 eri det omlag 50 fiskarar igjen, og det vil nok ikkje vare lenge før dette talet er kraftig redusert.

Ingen foredling

Det er tre fiskebruk i Porsangerfjorden, men eit av dei har ikkje vore i drift på mange år. Eit driv bare med salting, mens fiskebruket i Smørfjord, der Bernt leverer, bare tar imot fisken og sender han til Frionor Polar. Det gir ikkje arbeid til meir enn 2-4 mann, når det da ikkje står heilt stille som det har gjort i vinter.

Rognkjeks

Det einaste lyspunktet for Porsangerfiskarane dei siste åra, er at dei har starta eit nytt fiske, garnfiske etter rognkjeks. I fjor var det nokre som gjorde 50-60000 pr.mann på sesongen, og i år vil Bernt og prøve seg. Men han er bekymra for at denne ressursen og kan bli utrydda om ein slipp til båtar sørfrå med teknologi og kapital. Han har hørt om båtar på opp til 150 fot med produksjonsutstyr ombord som har tenkt seg på rognkjeksfiske.


Til startsida

sveilund@online.no