Artikkel i Klassekampen 18.04.1990

LOKALBEFOLKNINGA HAR RETTEN TIL FISKET

I dag blir kyst- og fjordfiskarar fråtatt retten til å fiske med at dei blir nekta torskekvote og mange blir stroke frå fiskarmanntallet. Men lokalbefolkninga i fiskeridiskrikta har ein rett til fiske som følge av alders tids bruk, ein rett som ikkje styresmaktene utan vidare kan ta frå dei. Det seier Steinar Pedersen, historikar og forskar ved Nordisk Samisk Institutt.

Av SVEIN LUND

Etter som ressurskrisa i fiskeria har utvikla seg, har det kome fram sterkare og sterkare krav om at Nord-Norge, Finnmark, samane eller lokalbefolkninga generelt må få kontroll med forvaltninga av ressursane i sitt område. Men fiskeriminister Munkejord hevdar stadig at fisken er ein nasjonal ressurs.

I fleire hundreår har fiskarar reist lange strekningar for å delta i dei store sesongfiskeria. Fisken lar seg ikkje stoppe av grenser av noko slag på vandringane sine. Er det da noko meining i å snakke om ein eksklusiv rett til fiske i sjøen for lokalbefolkninga? Skal ikkje havet vere fritt for alle?

Lovfesta på 1700-talet

Historia viser at havet slett ikkje alltid har vore fritt for alle, seier Steinar Pedersen. Han er ein av dei som har forska mest på retten til fiske i samiske område.

- Går vi 2-300 år bakover i tida, ser vi at vi alt dengang hadde både russiske fiskarar og såkalla "nordfararar" som fiska på Finnmarkskysten. Nordfararane var fiskarar frå Troms, Nordland og lenger sør. Men da var lokalbefolkninga verna mot konkurranse frå dei tilreisande fiskarane. Vi veit at på midten av 1600-talet hadde fiskarane i fiskeværa i Vadsø-området retten til bruken av området utafor sitt eige vær, og kvar fiskar hadde sitt område der bare han kunne sette lina. Denne retten kunne til og med gå i arv. I handelsforordninga av 1778 blir det sagt at tilreisande fiskarar kunne fiske ytterst på kysten, mens retten til fjordfisket var reservert lokalbefolkninga, enten denne var samisk eller norsk. Men vi skal merke oss at denne retten og gjaldt dei samane som ellers holdt til på det som no er svensk og finsk område. Fiskeretten deira blei forøvrig slått fast ved grensetraktaten av 1751 ("Lappekodisillen"). Det var mange, både reindriftssamar og andre f.eks. frå Enare-området som fiska i Finnmarksfjordane fram til grensa blei stengt i 1852. På den andre sida kom altså nordfararar og russarar, som måtte godta at lokalbefolkninga blei favorisert. Hadde dette prinsippet blitt opprettholdt fram til i dag, kunne nok situasjonen vært atskillig lysare i mange av fjordane i Finnmark og Troms.

Fortrengt på 1800-talet

- Men med Fiskerilova av 1830 fikk tilreisande fiskarar rett til å fiske på linje med finnmarkingane. Da varte det ikkje lenge før det strøyma inn til styresmaktene klager over at fjordfiskarane blei fortrengt. Denne opninga av fjordane var eit trugsmål mot livsgrunnlaget for sjøsamane, som enno var i stort fleirtal blant fjordfiskarane. Og verre blei det ettersom nye reidskapstyper blei tatt i bruk, slik at det blei mogleg å tømme ein fjord for fisk. Lokalbefolkninga kjempa mot dragnotfisket etter torsk og sildefisket med snurpenot. Alt i 1914 kravde Måsøy kommune forbod mot seisnurpenot. Men dei vann ikkje fram, og så seint som 1987 foregikk det eit vanvittig snurpenotfiske etter småsei på Varangerfjorden. I etterkrigstida blei det fiska så hardt på fjordane med nøter, snurrevad og reketrål at dei lokale fiskebestandane, f.eks. av kysttorsk blei så godt som utrydda.

Etter som dei aktive reidskapa kom meir i bruk har kampen om retten til fjordfiske mest tatt form som ein kamp frå fjordfiskarane for å frede fjordane mot visse reidskapstyper. Dei aktive reidskapane har vore brukt av fiskarar utafrå, mens lokalbefolkninga har helde seg til passive reidskap som juksa, garn og line, dei hadde aldri noko interesse av å tømme sitt eige spiskammers. I dag er det på tide å ta opp igjen diskusjonen frå 17-1800-talet og spørre om ikkje lokalbefolkninga har ein førsterett som igjen bør bli lovfesta.

Laksefisket

Steinar Pedersen har særlig forska på laksefisket, og synt kor viktig både elve- og fjordfisket har vore og er for samane. I alle fall frå 1500-talet har laksefisket vore ei basisnæring i Tana-dalen. I over hundre år har fisket med krokgarn og kilenot i fjordane vore ein viktig faktor i samisk næringsliv, og særlig stor betydning fikk det for kystsamane etter at pomorhandelen tok slutt i 1917. Men på 70-talet fikk vi eit veldig drivgarnfiske etter laks, noko som førte til ein drastisk nedgang i bestanden. Sasmtidig blei fisket i elvane og fjordane kraftig innskrenka. I ein artikkel i Syn og Segn i 1987 skreiv Steinar Pedersen: "så blei då også talet på lakseplassar på såkalla statsgrunn redusert frå 2700 til 1600 mellom 1976 og 1981. Samtidig velsigna dei same styresmaktene at drivgarnflåten auka fisket på nøyaktig den laksen som folk i Finnmark blei nekta å fiske. Det lokale fisket skulle reduserast fordi ein måtte spare laksestammen. Men det ein i røynda gjorde, var å ta ressursar frå ei gruppe for å gi til ei anna og sterkare. Dei som leid mest under dette var i stor grad samane ved fjordane og elvane. ... Denne utviklinga er medvite styrt og no er det berre eit spørsmål om tid før laksefisket som samisk næring, og som ein viktig del av det materielle grunnlaget for samisk kultur, er heilt borte." Etter hard kamp bl.a. frå dei samiske organisasjonane blei drivgarnfisket stoppa etter 1988-sesongen. Men ka har så skjedd med anna laksefiske?

- Først var det lagt opp til svært strenge innskrenkingar og for fastståande reidskap. Men protestar frå fjordfiskarar og samiske organisasjonar blei til ein viss grad tatt til følge, slik at det blei meir lempelige reglar for Finnmark enn for resten av landet.

- Har drivgarnsforbodet fått nokon verknad for laksebestanden?

- Så absolutt. Det ser mye lysare ut no enn for tre år sidan. I heile Finnmark har det vore ei betraktelig betring i både sjø- og elvelaksefisket.

- Men kan ikkje det skuldas rømt oppdrettslaks?

- Du er absolutt inne på noko der. Men det kan langt frå forklare heile auken. Dei undersøkingane eg kjenner til frå Finnmark syner at bare ei elv har ein andel oppdrettsfisk i fangsten på så mye som 20 prosent. I Tana-vassdraget fikk ein ifjor tilbake den middels laksen som ein hadde fått svært lite av mens drivgarnsfisket har foregått. Det ein kan trekke ut av dette er at lokal hausting og forvaltning er viktig og for bestanden. Disse røynslene må ein kunne overføre til anna fiske og ressursutnytting og.

Folkeretten

- Eg meiner det er grunnlag for å seie at når den samiske befolkninga blir fråtatt retten til fiske, er det i strid med internasjonal folkerett. Eg tenker da i første rekke på FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar av 1966. I artikkel 27 slår den fast at minoritetar har ei rett til å dyrke sin eigen kultur. Men ingen kultur kan eksistere utan eit materielt grunnlag, og Samerettsutvalet hevdar at retten til tradisjonelle former for næringsutøving er verna av artikkel 27. Dette blei og innrømt av regjeringa Brundtland i samband med opprettinga av Sametinget. Men reguleringa av torskefisket i år syner at denne tankegangen slett ikkje har slått gjennom i forvaltningsapparatet. Derimot kan dei siste endringane i reguleringane av sjølakseefiske tyde på at omsynet til samiske interessert har spela inn her, sjølv om det ikkje er sagt rett ut i dokumenta.

Eksklusiv samisk rett?

- Skal vi no få eit skille etter etnisk bakgrunn, slik at ein f.eks. må stå i samemanntallet for å få fiske?

- Det er eit svært viktig spørsmål. Men der må eg få uttale meg som politikar og ikkje som forskar. (Steinar Pedersen er medlem av Sametinget.) Eg syns det er naturlig å ta utgangspunkt i kva Sametinget har uttalt. Skal samisk kultur kunne opprettholdas i kyst- og fjordstrøka er første føresetnaden fiskerireguleringar som gjør at folk kan fortsette å bu der. Det vil seie ein fortrinnsrett for lokalbefolkninga og ein samla fiskeripolitikk som sikrar sjølve ressursgrunnlaget. Sametinget ønsker ikkje ordningar som skaper splid innafor dei enkelte lokalsamfunn med både samisk og norsk befolkning. Når eg tenker på den bygda ved Tanafjorden der eg kjem frå, ville det ikkje hørt nokon stad heime om samane i bygda skulle få fiske, mens dei norske måtte sitte på land. Når Sametinget stiller krav om reguleringar for ei bærekraftig utvikling i fiskeria, vil det derimot komme alle tilgode som lever av ressursgrunnlaget.

Norsk fiskeripolitikk må bli gjennomgått frå grunnen av. Det må komme inn som ei eksplisitt målsetting å sikre grunnlaget for fortsatt samisk kultur.

- Kem meiner du skal ha forvaltningsansvaret for fiskebestandane? Ka for rolle bør Sametinget spele her?

- Om dagens system fortsetter, må Sametinget få plass i Reguleringsrådet for fiskeria og i andre råd og utval som er med å påvirke ressursuttak i samiske område. Men det vi bør få, er ei form for regionalisert styring med ressursane. Ein kan diskutere kor store regionane bør vere, om f.eks. Nord-Norge skal vere ein region, eller fylkesregionar. Eg er ikkje i tvil om at eit regionalt styre aldri ville sluppe til det vanviddet som kystfolket no blir straffa for.

- Fiskeridepartementet har no bede om ei vurdering av dei minoritetspolitiske sidene ved fiskeripolitikken. Korleis ser du på det?

- Eg vil gå så langt som å kalle det ei historisk hending at Fiskeridepartementet som heile tida har vore så uvillig til å vurdere dette, no har oppnemnt ein folkerettsekspert. Det har klar samanheng med opprettinga av Sametinget og dei krav vi har kome med der. Dei minoritetspolitiske og folkerettslige sidene ved fiskeripolitikken vil kunne bli heilt avgjørande framover, særlig med tanke på EF. Eg ønsker ikkje norsk EF-medlemskap, men om det blir påtvunge oss, vil busettinga i Nord-Norge vere heilt avhengig av særordningar for fiskeria. Generelle distriktspolitiske argument vil her ha liten verknad, derimot vil ein minoritetspolitisk argumentasjon lettare slå gjennom. Men føresetnaden er da sjølvsagt at norske styresmakter anerkjenner at samane har rett til fiske etter folkeretten. Dette er ikkje bare aktuelt i tilfelle av fullt EF-medlemskap, men og ved EFTA-sporet, der EF krev tilgang til fiskeressursane som motyting for tollreduksjon på fiskeprodukt. Derfor hastar det med ei anerkjenning av at fjordfiske er ein rett for den samiske befolkninga.

______________________________________________________________________

Fleire artiklar om fiskeri og fiskeindustri eller samerett
Til startsida

sveilund@online.no