Av Svein Lund, ØKSFJORD
Innbyggartalet i Loppa har igjen passert 2000-talet, men denne gang på veg nedover. Det ville vere grov løgn å påstå at det som i dag pregar kommunesenteret Øksfjord er eit yrande liv og stor optimisme.
— Den einaste plassen her er aktivitet er på sildeoljefabrikken, seier ein sarkastisk. For der jobbar dei med å demontere utstyret for å selge det.
Vi sit på kafeen rett ved fiskebruket og ser utover. Ein sjark svingar som snarast innom hamna og sett kursen utover igjen.
I likheit med fiskarane hadde fiskebruket Sjøfisk dårlig med finansar etter den dårlige høsten, og etter nokre veker med langt meir sel enn fisk, stengte dei dørane 26. januar.
I dag er det stille på hamna i Øksfjord. Dei aller fleste båtane ligg i bøyane. Dei har rett og slett ikkje råd til å gå på havet. Selskadane på gama er større enn erstatningane, og om dei skulle få nokre få fisk, er det så langt å gå for å få levert at nettoen blir negativ.
Uke ved Loppa rådhus står ein bronsestatue inne i ein hage. Det er Njord, sjøguden i norrøn mytologi. Selskapet Njord er nå historie, men tidligare eigde Njord, dvs. nessekongen Giæver heile Øksfjord. Njord var i første rekke ein sildeoljefabrikk og eit fiskebruk med filetproduksjon. Mens havgåande båtar i 60-åra tømte fjordane for fisk, hadde Loppa bare kystflåten å leve av. Men i 1971 greide kommunen å få to trålkonsesjonar. I to år sørga trålaren «Øksfjord» for regelmessig levering, men så fann dei ut at trålaren gikk med underskot, og begge trålarane blei solgt, den eine før han var kome i drift. Resultatet var stadig større problem med råstoff til filetfabrikken. Seinare har Loppa aldri greidd å få nokon trålkonsesjon.
I 1979 gikk Njord konkurs, og sidan har sildeoljefabrikken og filetfabrikken kvar for seg blitt refinansiert og gått konkurs atskillige ganger under forskjellige namn og eigarar. Og kommunen har tapt pengar kvar gang.
Ved siste konkursen til sildeoljefabrikken, som da bar namnet A/S Loddeindustri, blei Tromsbanken eigar. «Hele Øksfjord på billigsalg», skreiv Finnmark Dagblad 10.7.85. Tromsbanken ga 14 millionar, dei solgte fleire eigedommar til kommunen. Så søkte dei om kondemneringsstøtte, og fikk 10.5 millionar. Nå har dei byrja å demontere maskinane. Dei skal selgas til Chile, for der er det enno fiskeressursar igjen som kan sløsas bort til dyrefor.
Og midt i Øksfjord står det igjen ein stor fabrikk som ingen veit om vil bli brukt til noko.
Når Tromsbanken har tatt ut det dei får solgt, vil kommunen få overta resten vederlagsfritt. Men ordførar Dagrun Riise Holten er ikkje sikker på at dette er så godt eit tilbud. For kommunen har ikkje pengar til å gjøre noko med anlegget. Og ein sildeoljefabrikk kan nå ein gong ikkje brukas til noko særlig anna utan ein god del ombygging. Ein idé er å bruke del store tankane til fiskeoppdrett. Nokon fantaserer om eitforretningssenter, «Øksfjords svar på Aker Brygge». Men kem skal gå og handle der? Kjøpekrafta her er det så som så med.
I mange år sto Øksfjord på to bein. Nå er det eine amputert, og det andre er brote av. Etter over ein månads stans er det ingen som kan seie ka tid Sjøfisk opnar dørene igjen. Og om dei i det heile gjør det.
— Nei, eg kan dessverre ikkje seie noko sikkert, seier advokat Bjørnar Leistad i Alta, som er styreformann i Sjøfisk. — Når bedriften måtte stoppe var det ein kombinasjon av dårlig økonomi i lang tid og den akutte situasjonen med råstoffmangel. Hadde vi hatt godt med fisk, kunne vi nok dreve, men vi hadde ikkje råd å sitte med store kostnader uten inntekter.
— Er Sjøfisk i realiteten konkurs?
— Eg kan ikkje seie anna enn at eigarane har lagt seg i selen for å unngå ein konkurs. Vi satsar på å få inn ny kapital. Nå er det avhengig av DU og bankane.
Grunnlaget for Loppa må fortsatt vere fisket og fiskeindustrien. Det er ikkje Haugen i tvil om. Og da står det heilt sentralt å få større båtar. Men det ser dårlig ut for at noen av dei nye smatrålkonsesjonane går til Loppa. Her fins både fiskarar og båtar, det einaste dei manglar er eit papir. Han syns det er bittert at Tromsbanken har fått over 10 millionar i kondemneringsstøtte for sildeoljefabrikken, mens kommunen sit igjen med ingenting. 10 millionar — det kunne vore bra å hatt til eit næringsfond i kommunen.
— Ja, om du nå fikk disponere 10 millionar, ka ville du gjøre da?
— Først ruste opp bedrlftane, og skaffe større båtar. Så begynne å tenke nytt. Eg trur på langtidslagring av fisk kombinert med oppdrett. Foringsforsøk med torsk viser at ein kan få han å doble vekta på et halvt år. Om ein fangar fisken levande i sesongen, matar han og slaktar han et halvt etterpå... Da må ein i såfall våge å bruke omdiskuterte reidskap som snurrevad og
not. Det måtte bli eit samarbeid mellom fiskarar, oppdrett og fiskebruk.
— Vi blir satt langt tilbake, seier Britt Marit Nilsen, lærar i Bergsfjord og kommunestyrerepresentant (A). — Særlig får vi mye dårliger samband med Hammerfest. Der er næraste sjukehus, og det er noko som teller når folk bestemmer seg for å bli her eller ikkje. Dei nye rutene til FFR (Finnmark Fylkesreder!) fikk vi tilsendt med ein høringsfrist på 9 dagar! Hurtigruteomlegginga er og tredd ned over hovudet på oss. Eg meiner gode kommunikasjonar er heilt avgjørande om vi skal stanse avfolkinga. Da går det ikkje an at her f.eks. manglar venterom i Øksfjord. Om nokon kjem med hurtigruta kl. 01.30 på natta og skal vidare med lokalbåt på morgonen er einaste alternativet å leige eit rom på hotellet for den som ikkje har kjentfolk å ta inn hos. Å gå ute om natta her om vinteren, kanskje med små ungar,er ikkje å tenke på.
Britt Marit Nilsen fortsetter: — Kommuneøkonomien? Den er bare alt for trang. I desember regulerte vi skatteanslaget opp for å få endane til å møtas på papiret. Med minimal inntekt i fiskeria dei to første månadene er det klart at det ikkje held.
I det nye inntektssystemet for kommunane kjem vi veldig dårlig ut, fordi vi er ein veglaus kommune. Vi har f.eks. 8 skolekretsar, mens Hasvik (nabokommune) har 3 med samme innbyggartalet. Inntektssystemet tar ikkje omsyn til slike problem som vi har. Da det blei innført blei vi lova vi skulle få beholde skoletilbodet, men nå er det fare for at vi blir nøydd å legge ned skolar. Ein står i fare alt frå hausten.
Geografien og dei dårligere kommunikasjonane er og eit hinder for samarbeid mellom bedriftene. «Loppa-prosjektet» blei satt igang av fem fiskebruk i Loppa og to i ytre Altafjorden. Dei skulle bl.a. drive overføring av fiskeråstoff slik at f.eks. ein bedrift produserte uerfilet, ein anna rognkjeksrogn osv. Men det blei for tungvint å føre fisk mellom bedriftane utan veg, så dette har ein lagt på is.
— For den som gjennom et langt liv har vært fanebærer og idealist for det parti som styrer landet idag, er det som skier for Øksfjord og kyststedene for øvrig en bitter pille å svelge. Jeg er meget redd for at vår politiske troverdighet blir vanskelig å forsvare når vi neste gang må på barrikadene — hvis det fra regjeringen ikke settes inn virkelige tiltak som monner noe for det enkelte menneske.
Til startsida