Artikkel i Klassekampen, 10.07.1986

SISTE KVAL TIL VARDØ?

Over kaikanten til Finotro i Vardø heises vagge på vagge fyllt med store kjøttstykker. Kjøttet blir tatt imot av raske hender, lempa i plastkar og kjørt unna med truck. For kvalfangstskuta «Reinebuen» av Svolvær er dette slutten på sesongen, for arbeidarane på Finotro er det nå det startar, for i morgon er kvalkjøttproduksjonen igang. Men produksjonen syng på siste verset: Neste år blir siste sesong etter at regjeringa ga etter for presset frå Greenpeace og USA og vedtok midlertidig stopp i vågekvalfangsten.

Tekst og foto: SVEIN LUND

I tre veker har «Reinebuen» nå vore ute frå dei gikk frå Lofoten. På 1,5% veke tok dei heile kvoten på 11 vågekval oppe på nordsida av Svalbard.

Like mykje kval som før

— Dei veit ikkje kva dei snakkar om dei som er mot kvalfangsten, seier Åme Andersen. Han er skyttar ombord og det har han vore sidan båten var ny for 26 år sidan. Tilsaman har han vore på kvalfangst i 35 år.
— Det er like mye kval å sjå nå som da, seier han. — Vågekvalfangsten har vore så strengt kvoteregulert at bestanden har holdt seg bra. Sånn sett har kvalfangsten vore eit førebilete for fiskerinæringa. Der har det virkelig vore-rovdrift. Først silda, så torsken, nå reka og lodda. Lodda skulle vore toralfreda nå i 2—3 år.
«Reinebuen» har sjølv dreve med loddetrål, men etter som loddebestanden har blitt redusert er det ikkje lønnsamt lenger. Nå går det på torskefiske med snurrevad utanom den korte kvalfangstsesongen. Før hadde dei omlag 0,75 av årsinntekta frå kvalfangsten, nå blir det atskillig mindre med dei låge kvotane, men enno betyr det eit godt bidrag når denne turen ga 25 tonn kvalkjøtt til 24 kr. kiloen.

Påskott

— Du må skrive om amerikanarane, seier Arne.
— Sjølv så drep dei tusenvis, ja titusenvis av delfinar kvart år, uten å nytte dei til noko som helst. Og så skal dei boikotte lille Norge fordi vi har ein ærleg og open fangst av 400 vågekval. Nei, at dei bryr seg om kvalbestanden, det er bare proforma. I røynda er det den amerikanske oppdrettsnæringa som merkar konkurransen frå den norske og treng eit påskott for å lage ein boikottaksjon.

Vil vere i Finotro

Finotro i Vardø er ein av dei tre bedriftene i Finnmark som har konsesjon for å kjøpe kvalkjøtt, og for dei to valkjøttprodusentane i Vardø betyr det tilsaman ei inntekt på omlag 2 millionar, og vel 100 arbeidsplassar i sesongen. Likevel er dei ikkje like avhengige av kvalkjøttet som Skrova i Lofoten. Det som har berga Finotro i Vardø siste åra er i første rekke lodde- og lodderognproduksjonen. Men her ser det svart ut framover ettersom det nesten ikkje er lodde igjen.
Finotro l Vardø er ingen høytideleg bedrift, der ein stakkars skribent må sende søknad på førehand og allernådigst blir innvilga audiens på eit kontor. Nei, det var bare å rusle ned på kaia og sjå kven ein traff og så prate etter som det falt seg. Da får det heller vere at vi i ettertid ikkje greier å skille heilt kva som blei sagt av tillitsmann Hugo Nilsen, av arbeidsformann Ulf Lorentsen, av produksjonsleiar Roger Kofoed eller av ein av dei andre. Disponenten sprang vi på kontoret og leita etter, før vi forsto at det var han vi hadde snakka med i full sving med å losse kvalkjøtt i kjeledress nede på kaia.
— Vi har det bra på Finotro. Her er eit godt forhold mellom arbeidarane og leiinga.

Krangle med staten

Så har ein da og i alle år saman vore nøydd å krangle med staten for å få dei naudsynte investeringane. Etter at delar av anlegget brann for nokre år sidan, var det meininga å bygge heilt nytt på Svartnes, på fastlandssida, men stortingsfleirtalet sa nei. Sidan har det gamle stykkevis blitt lappa på. Nå sto eit nybygg ferdig i vår, og her skal skjæremaskinane inn, men alt har stoppa opp fordi dei manglar nokre få kroner til flytting og montering.
— Veit du kven som klarer seg bra i fiskeindustrien? Det er dei som går konkurs. Sjå bare på nabobedriften her, Seafood. Dei bygde ein fabrikk til 28 millionar, gikk konkurs og kjøpte han igjen til 7 millionar. Da er det ikkje farlig.
— Ingen er meir interessert i å bevare ressursane enn vi. Nå har vi i mange år fått li for uforsvarlig beskatning. Men skal ein bestand fredas, så må det vere på eit vitskapelig grunnlag og ikkje som resultat av slik terrorisering/som Greenpeace driv med.

Vardø på pinebenken

Etter 7 år for torskefisket p.g.a. selinvasjon har Vardø i år igjen opplevd eit brukbart vårtorskefiske. Men så er det altså lodda og kvalen som forsvinn. Få plassar er Greenpeace mindre populære enn her, etter at dei først har gått mot selfangsten og så kvalfangsten. Som om ikkje Vardø hadde problem nok frå før, med eit stadig minkande folketal.

Til startsida

sveilund@online.no