Artikkel i Klassekampen, 25.08.1986

Saneringsmoden mønsterbedrift

I denne veka kan fiskeridirektøren kome til å stenge Finotro i Honningsvåg. Bedriften er nå så nedslitt at Fiskeridirektoratets kontrollverk ikkje finn det forsvarleg å fortsette med fiskeforedling på bruket. Etter krigen danna staten Finotro-konsernet for at det skulle vere mønsterbedrifter for moderne fiskeindustri. I dag er Honningsvågsbedriften eit vrakgods, og heile konsernet si framid er høgst usikker.

Tekst og foto: Av SVEIN LUND, Honningsvåg

Da vi ba om å få ta bilde av produksjonslokala, ved Finotro i Honningsvåg, sa disponent Bjørnar Dreier tvert nei. Dette var ikkje noko å vise bort i avisene. Og noka ære å vise bort bedriften kunne det umogleg vere; Fleire stader lek det frå taket, og bitar har falt ned. Golvbelegget har i stor grad løsna. Mottaksavdelinga har vi gitt opp å finne ord for, men er i alle fall den klart verste i den 4 etasjers murbygningen frå 1952.

Bygg nytt!

I to år har bedriften søkt om å få bygge nytt mottak, men bare fått nei av Fiskeridepartementet. Nødvendig oppussing er berekna til 10 mill. for mottaket, + like mye for resten av anlegget.

— Det beste hadde vore å bygge heilt hytt, seler Alf Pedersen. Han arbeider på grillettavdellnga og er leiar for fagforeninga, NNN avd. 43. I 25 år har han jobba på Finotro og sett korleis bedriften har blitt meir og meir forfallen. Nå er han redd for kva som kan skje om Kontrollverket gjør alvor av å stenge bedriften, nå 5 år etter at dei første påboda kom om utbedrlngar som enno ikkje er gjennomført.

— Blir her stengt nå, trur eg det vil vere vanskelig nokon gong å komme igang igjen. Her fins ikkje anna arbeid å få, og mange vil nok flytte bort. Og da kan det vere vanskelig å få tak i kvalifiserte folk igjen.

Mønsterbedriften som blei vekk.

Finotro-planen, tanken om ein kjede statseigde foregangsbedriftar oppsto alt under krigen, som ledd i gjenrelsingsplanane for Finnmark og Nord-Troms.

Og eit godt stykke på veg blei han gjennomført. Men korleis vurderer Finotro-leiinga det i dag? Assisterende direktør Halvard Halvorsen seier det diplomatisk:
— Det kan ikkje vere stor uenigheit om at vi ikkje på alle område til ei kvar tid har klart å oppfylle målsettinga.

På ei dør i bedriften så vi det sto «Produktutviklingsavdeling». Så vi spør Halvorsen kva del driv med der.

— Nei, for tida er det-bare ein tilsett, og han skal samtidig drive med fiskeoppdrett, så vi må vel seie avdelinga ligg nede i øyeblikket.

Frionor ei hindrmg

Finotro-Honningsvåg er ein av svært få filetbedrlfter som har eiga ferdigvareavdeling. Vi legg merke til skiltet på døra: «Hørselvern påbudt». Maskinane-her har dei arva frå Friogrill i Trondheim, og dei er tydelig laga i ei tid da støydemping enno var eit ukjent fenomen.

Avdelinga er ganske lita, og bedriften ville gjerne utvide til dobbelt produksjon, forteller Halvorsen. Men til det trengs det 1.5 milioner, og ikkje minst samtykke frå Frionor. Dei har ikkje vore heilt avvisande, seier han.

Frionor er salsorganisasJon for Finotro og vel hundre private fiskeindustribedrifter, og har bygd opp eigne ferdigvareanlegg i Alta og Trondheim. Alf Pedersen hugsar godt da Frionor starta opp i Alta. Da var det konkrete planer om bygging av ferdigvareavdelingar både i Båtsfjord og Honningsvåg. Men dei blei hindra av Frionor, så derfor har vi gått imot tanken på at Frionor skal inn som medeigar i Finotro, seier han.

Privatisering

Det går snart ikkje ei veke utan at det i Finnmarksavisene blir lansert nye idear til løysing av «Finotro-problemet». For staten er tydeligvis ikkje lenger istand til å bære ansvaret. Sal av trålarar er ein gamal tanke som nå er framme igjen. I tillegg ønsker styrefleirtalet å selge Mehamn-bedriften og andelen i Berlevåg fiskeindustri. Finnmark Høyre sin stortingsrepresentant Steinar Eriksen vil selge heile Finotro til kven som helst så fort som råd, mens andre frir til Hydro, Fideco (Shell) og fleire.

Stortinget har nå løyva 30 mill. i driftskreditt til Finotro, men samtidig utsatt å behandle eigarstruktur og investeringar. Fagforeningane er lite begeistra for denne seigpininga. Klubbane på Finotrobedriftene og forbunda deira, NNN,NFATF og H&K, står saman om å kreve at konsernet forsatt må holdas samla. Dei er ikkje mot at private kan komme inn med tilskott, men meiner Staten skal ha aksjemajoriteten og ikkje stikke av frå ansvaret.

Dette er Finotro

FINOTRO: Namnet står for Finnmark og Nord-Troms Fiskeindustri
Hovudkontor i Honningsvåg
Bedrifter i Vardø, Båtsfjord, Mehamn, Kamøyvær, Honningsvåg og Skjervøy
Andel i Berlevåg fiskeindustri, 5 ferskfisktrålarar
Tilsette: 5-600
Eigar: Staten
Produksjon: Filet av torsk, hyse, sei og steinbit. Rundfrosen uer og blåkveite. Grilettar (ferdigvare). Reker, kvalkjøtt, lakseoppdrett.
Resultat 1985: 14,6 mill i underskot
Salsorganisasjon: Frionor, noko eige sal
Framtid: Skal avgjørast av Stortinget høsten 1986


Til startsida

sveilund@online.no