Svein Lund:
Men ein fordel har Skarvåg-folket hatt av Nordkapp. På 50-talet blei det bygd veg til Nordkapp så turistane kunne kjøre fram og fotografere rnidnattsola eller sjå inn l elt grått skoddehav. Og da var styresmaktene så rause at del laga tre kilometer veg ned til Skarvåg mens del først var i gang. Men turisttrafikken kjem nå helst på sommaren, og derfor trengs det ikkje vinterveg til Nordkapp. Og dermed har heller ikkje Skarvåg fått heilårsveg.
I hundrevis av år er det fisken som har livberga folket her. Men i dag er det mørkt og stille på fiskebruket i Skarvåg. Sidan 17. september har dei 30 arbeidarane vore permittert, og fiskarane må gå til Kamøyvær eller Gjesvær for å få levert fangsten.
I fjor vinter hadde den tidligare eigaren Reidar Lund fått nok. Og 1. mars solgte han bruket til Nordkapp Sjøprodukter, eit nydanna firma der aksjonærane var Mørefirmaa Nordica Food og BTN Holding, samt Reidar Lund sjølv. Men Nordkapp Sjøprodukter hadde visst kjøpt katta i sekken, for etter ei tid trakk dei seg ut og kravde pengane tilbake. Trulig ender det i rettssalen. Nordkapp Sjøprodukter tilsette den berykta Harald Johansen frå Havøysund som disponent (tidligare omtalt her i avisa son NNN-sekretæren som hoppa over bordet), men han slutta og for etter tre veker. Og sidan september har ingen sett noko til eigarane.
Fiskeindustriarbeidarane i Skarvåg er organiserte i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund. Leiarene av NNN-avdelinga i Skarvåg og hovudtillitsvald på fiskebruket. Ann Eilin Hansen, har jobba her i sju år, og i fem av desse har ho vore leiar for fagforeninga. Med sine 28 år er ho nå den eldste i styret.
— Det er ein ganske fortvila situasjon, seier ho. I dag er det ingen som veit kem som eigentlig eig arbeidsplassen våres og når og om drifta kjem igang igjen. Da drifta stoppa i september kom Arbeidskontoret med tilbod om at vi kunne pendle til Kamøyvær (to mil) eller Honningsvåg (tre mil). Men etter 1,5 månad var dei pengane som var løyva til skyss brukt opp, så nå går vi her utan arbeid. Nokre får litt arbeid med å egne lina, men det blir ikkje så mye av.
— Ka har dokker gjort frå fagforeninga?
— Vi fikk jo sjokk da vi fikk melding først i september om at drifta ville stanse 14 dagar etter. Inntil vidare, som dei sa. Årsaka skulle vere misligheter med kjøpekontrakten, men ka dei besto i fikk vi ikkje høre. Vi heiv oss da rundt og tok kontakt med forbundet vårt og med kommunen. Kommunen kalla inn til eit møte i Honningsvåg. Vi var først ikkje innkalla, men greidde å komme oss med. Men dagen etter var det møte i Tromsø, der nådde ikkje vi å bli med, for vi fikk ikkje vite det før dagen før. Der blei det sått ned eit forhandlingsutval som skulle prøve å greie ut av floka og finne nokon som ville drive bruket. Fagforeninga fikk gjennom at dei tilsette skulle vere representert i utvalet, og så blei eg vald inn. Nå hadde Nordkapp Sjøprodukter sagt frå at dei trakk seg definitivt ut og aldri kom tilbake til Skarvåg. Utvalet fikk da annonsert bruket til sals, og vi fikk inn fleire bod. Disse har vi nå vurdert, og gitt tilråding til Reidar Lund. For juridisk er det enno han som sitt som eigar, fordi tinglysinga av salet til Nordkapp Sjøprodukter ikkje var i orden. Så nå venter vi på om han godtar bodet. Men det må og godtakas av Nordkapp Sjøprodukter, så det tar si tid.
Fiskebruket er einaste større arbeidsplassen i Skarvåg, og har dreve med filet- og rekeproduksjon. Ved sida av dei fastbuande arbeidarane har her vore opptil 10—15 tilreisande som har vore innkvartert i brakker. Måten bedriften har vore leia på har ikkje Ann Eilin mye godt å seie om:
— Etter at vi fikk rekeproduksjon i 1983 brydde dei seg ikkje meir om fisken, og gjorde ikkje noko for å få leveranser. Det er investert stort i rekepillemaskinar, men nå er det slutt på reka. I år har vi bare hatt rekeproduksjon i eit par veker. Det har vore mye permitteringar, eg kunne nesten seie eg har hatt staten som arbeidsgivar like mye som bedriften, så mye har vi gått på trygd.
Ann Eilin har tru på at fagopplæringa må til om ein skal bedre forholda i fiskeindustrien. Sjølv har ho ilag med ei anna frå Skarvåg gått kurs for instruktørar i fagopplæringa for fiskeindustrien som NNN har tatt initiativ til ilag med Fiskeindustriens Landsforening. Skal ein få heva statusen til fiskeindustriarbeid nyttår det ikkje at folk bare står og gjør samme jobben heile tida.
— I vår tok vi og søkte om middel til bedriftsintern opplæring på skjæremaskinane, men fikk avslag av fylkesarbeidskontoret. Men da vi blei permittert kom arbeidskontoret og sa at dokker kan jo søke om kurs. Jo takk, sa vi, det har vi gjort. Men da var det for seint, vi hadde ingen bedrift å søke for. Så for del er det visst ikkje interessant med opplæring så lenge det fins arbeid.
(Frå Fylkesarbeidskontoret får Klassekampen opplyst at dei ikkje kan gi støtte til bedriftsintern opplæring, det må gå om Arbeidsdirektoratet!)
— Eg er lei for at vi ikkje greidde å få til noko i Skarvåg, seier Breivik. Eg meiner vi fikk vist overfor lokalbefolkninga at vi virkelig ville satse. Vi hadde kjøpt oss inn i ein trålar for å sikre leveransar, og vi hadde gjennomført utbedringar av anlegget for 3/4, million. Men selgarane sine mange brot på kontrakten gjorde at vi ikkje såg oss i stand til å fortsette. Det var gitt fleire gale opplysningar. I kontrakten sto det at fiskebruket var i driftsklar stand, godkjent av offentlige styresmakter. Men i det halvåret vi dreiv fikk vi stengingsvarsel frå heile fire offentlige kontrollinstansar. Vi venta da at selgaren skulle ta det økonomiske ansvaret for dette, men det har han blankt nekta. Vi hadde enno ikkje fått tinglysinga i orden, vi hadde bare stilt bankgaranti og ikkje overført pengane. Så derfor trakk vi oss ut mens vi kunne, seier Breivik, som ikkje ser anna utveg enn at det ender med rettssak mellom Reidar Lund og Nordkapp Sjøprodukter.
— Det er ikkje lett for oss fiskarar nå som fiskebruket har stoppa, seier leiar for fiskarlaget, Thor Hansen. Dei har tatt strømmen på bruket, så det er mørkt på kaia og vi må gjøre alt med handmakt, som å hive ombord linestampar og andre tunge ting. Og så må vi gå lange vegar for å få levert fisken. Men eg har nå tru på at det må gå å få solgt fiskebruket. Ellers blir her ikkje levande i Skarvåg. Eg brukar å seie det slik at fiskebruket er hjertet i været, og vegen er hovudblodåra. Men nå har hjertet stoppa, og blodåra er kraftig innsnevra. Og da må noko gjøras ganske raskt!
Liv Turid Skau er sekretær i både idrettslaget og NNN-avdelinga. Ho representerer idrettslaget i vegkomiteen.
— Ein kveld i juni gikk vi til aksjon. Oppe i Skarvågkrysset satte vi oss i vegen og stoppa heile turisttrafikken til Nordkapp i 2,5 time. Da kom politiet og sa vi måtte fjerne oss. Men da syntes vi at vi hadde oppnådd nok, så da gikk vi. Da hadde vi forsinka turistbussar i 1,5 time. Vi delte ut løpesedlar på norsk, engelsk og tysk, og langt dei fleste av turistane sympatiserte med oss.
— Oppnådde dokker noko med aksjonen?
— Vi fikk i alle fall gjort saka kjent. Og så fikk vi fart på kommunen. Dei reagerte ikkje da vegen blei stroke av vegplanen, men da vi aksjonerte, blei det i alle fall sått ned ein kommunal komite som skulle arbeide foi å få fortgang på vegbygginga. Og vi får bra Informasjon frå komiteen. Dei har hatt møte med departementet og fylket, og det ser ut til at det løsner.
— I fjor vinter var vegen stengt opptil ni døgn i strekk. Sidan vi ikkje har noko lokalbåtrute hit blir vi jo temmelig isolert. Ikkje får vi post, ikkje ferske va rer. Eg har sjølv opplevd å sitte her med sjuk unge og ikkje komme fram til doktoren. Nokre gonger har det gått bandvogn. Men for å sitte og slamre og riste og fryse i ho må ein virkelig ha jemhelse. At dei kan sette inn slikt viser bare kor lite respekt dei har for oss som bur her ute. Det har og hendt det har gått båt hit med varer når vegen er stengt, men når vegen er blåst igjen er det gjerne ikkje noko særlig på sjøen heller.
Like etter vi for frå Skarvåg meldte NRK-Finnmark, at det kanskje kunne bli overført pengar til bygging av Skarvågvegen i 1988. Men noko sikkert i det veit ingen
Til startsida