Artikkel i Klassekampen 17.06.1987

Svein Lund:

Rovfisket har skylda

Planktonproduksjonen i Barentshavet er heilt normal i år. Det er derfor ikkje grunnlag for å påstå at næringsgrunnlaget for lodda og anna planktonetande fisk er ødelagt. Derimot er det svært lite lodde i sjøen, og dermed lite mat for torsk og sjøfugl.

Av SVEIN LUND, HAMMERFEST

Disse konklusjonane kan forskarane på havforskningsskipet G.O.Sars trekke etter tokt i havområdet mellom Hopen og Bjørnøya. G.O.Sars er på eit 4-vekers tokt, men måtte bryte av for ein tur inn til Hammerfest da ein sonde var gått i stykker. Denne sonden registrerer saltinnhold og temperatur i sjøen. Ellers tar dei algeprøver og måler algeveksten i forhold til lyset. Dei forskar på kor t dyreplankton (raudåtekrill) et planteplankton incella algar) og på korleis ein kan måle avføring i dyreplankton i sjøen. Samtidig registrerer dei fiskebestandane med ekkolodd og trål.

Ombord på G.O.Sars ved kai i Hammerfest treff vi Egil Sakshaug og Hein Rune Skjoldal. Sakshaug er "algemann", som han seier; professor i marin botanikk ved Universitetet i Trondheim og leiar for havforskingsprogrammet Pro Mare. Skjoldal er toktleiar og marinbiolog ved Havforskingsinstituttet i Bergen. På dette toktet forskar vi mest på iskanten si rolle i planktonproduksjonen, seier Sakshaug, og forklarer:
— I open sjø er det vanligvis stor vass-sirkulasjon. Da blir algane dratt med ned i djupet, der dei får for lite lys. Eit vilkår for algeblomstringa om våren er derfor at det blir danna eit stabilt skikt av overflatevatn. Dette skjer først i iskanten. Etter som isen er nesten reint ferskvatn, får vi eit lag av lite saltholdig smeltevatn i overflata der isen trekk seg tilbake. Dette stabile overflatelaget er svært næringsrikt, og her kan algeblomstringa ta til i april. Så følger ho isen etter som denne trekk seg tilbake, og først seinare får vi algeblomstring lenger sør i Barentshavet, når vi får varmare overflatevatn der. Dette var før bare ein teori, først nå kan vi seie at vi har bevist samanhengen.

Stort prosjekt

— Pro Mare, ka er det for slags prosjekt?
— Jo, det er eit av del største havforskingsprogramma som har vore, også om vi ser internasjonalt på det. Dette er det 11. toktet, og tilsaman går det over 6 år, 1984-89. Det er eit norsk prosjekt, men vi har fleire utanlandske forskarar med, her ombord har vi folk frå Sverige, USA, Argentina og Japan. Til saman er 23 forskarar lønna av Pro Mare-budsjettet, og vi brukar fleire forskingsfartøy samt Kystvakta. Sjølv om Pro Mare-programmet konsentrerer seg om Barentshavet, er det mye av det vi driv med som kan komme til nytte i andre delar av verda. Det vi finn ut om iskanten vil vere gjeldande for heile Arktis og Antarktis.

— Så her ligg altså Norge i første rekke. Ka med russarane, forskar ikkje dei i Barentshavet?
— Så vidt vi veit driv del ikkje noko liknande forsking. Dei forskar bare på fisken. Ikkje på plankton som er livsgrunnlaget for fisken. Vi har forsøkt å få samarbeid, men del virkar ikkje særlig interesserte. Heller ikkje når det gjeld konsekvensar av oljesøl driv dei forsking. Dei meiner visst dei veit det dei treng.

Oljesøl

Mye av føremålet med studiet av livet i Barentshavet er å kunne forstå ka for virknlngar eit oljeutslipp får. Når nå heilårsboringa kjem i gang frå i år og boreplatformene samtidig eter seg nordover mot Bjørnøya må ein vel kunne seie det er på høg tid.

— Råolje er eit naturprodukt, seier Sakshaug. Nyare forsking tyder på at så lenge olja er i rom sjø kan ho brytas med av bakterier langt raskare enn ein før rekna med. Dei største problema kjem om olja når land eller ho når iskanten. Dette med iskanten har vore svært lite framme i oljedebatten. Verst vil det vere om vi får ei oljeutblåsing på våren, når det er ganske kort veg frå borefelta til iskanten og algeblomstringa skjer der. Ellers vil oljesøl på ein måte vere farligast i den lyse årstida. For da kan vi få ei fotokjemisk nedbryting som dannar giftige mellomprodukt.

Lodda er vekk

— Ja, vi har sett svært lite lodde, seier Skjoldal. Og vi har vore i eit område der det har brukt å vere mye av ho på denne tida. Så vi må bare slå fast at loddebestanden er nesten borte.

— Ka meiner dokker er årsaken til svikten i lodda, er det overfiske eller er det torsk og sel som har knekt ho?
— Det er nok ein kombinasjon. I 1983 fikk vi samtidig sterke årsklassar av både torsk og sild, og desse har beita kraftig på lodde og loddelarver. Samtidig har det vore eit klart overfiske, i strid med havforskarane sitt råd. Og resultatet av at lodda er borte ser vi nå: Mager torsk og sel. — Alle er ute etter lodda, seier Sakshaus, — menneska, sjøfuglen, torsken, selen og kvalen. Lodda spelar ei nøkkelrolle som mellomledd mellom plankton og større fisk. Derfor skulle li nok heller fått spele denne rollen i større grad, istaden for å bli malt til mjøl og olje, lågprisprodukt som gir svært lite igjen i forhold til om lodda fikk vere føde for større fisk.

Oson-laget

— Det har den siste tida vore spekulert mye på ei svekking av oson-laget i Arktis kan vere årsak til svikt i planktonproduksjonen.
— Nå er det altså ingenting som tyder på svikt i planktonproduksjonen ute i Barentshavet. Langs kysten har det vore snakk om lite åte, men det kan ha samanheng med forhold lenger sør, utan at eg vil uttale meg for sikkert om det. At forureining kan føre til hol i oson-laget er skremmande. Men teorien om at dette skulle kunne truge planktonveksten i havet stiller eg meg skeptisk til. Årsaka er at dei ultrafiolette strålene som fin er rpcldi for ikkje trenger langt ned i vatnet. Eg tviler på dei kan trenge meir enn 2-3 m ned. Derfor skulle ei svekking av osonlaget ramme livet på landjorda før det rammar livet i sjøen.

Ingen krise?

Det var ikkje bare Klassekampen som fatta interesse for G.O.Sars sitt Hammerfest-besøk. DNA-organet Finnmark Dagblad har vore ombord og serverer derpå overskrifta «Ingen krise i Barentshavet». Den konklusjonen ser vi ingen grunn til å trekke sjølv om det nå er påvist at plankton produksjonen er normal. Når lodda er borte er det utvilsomt ei krise som rammar både sjøfuglane, torsken og sjøpattedyra og folket langs kysten som lever av det havet gir. Når DNA-organ prøvar å nekte for dette, må det vere tillatt å spørre om det som ligg bak er eit ønske om å komme unna at krisa er der og at ho er eit resultat av ein fiskeripolitikk Arbeidarpartiet sjølv må bære mye av ansvaret for.


Til startsida

sveilund@online.no