Artikkel i Klassekampen 04.06.1988
Av SVEIN LUND, Hasvik
- Vi fiskar rogn!
- Vi fiskar rogn! Vi fiskar bare rogn, seier ein trålfiskar frå Hasvik. Det er
så smått at ein kan ikkje kalle det for fisk.
Vi må stoppe alt fiske i Barentshavet før det er for
seint, seier ein fiskar i Breivikbotn. Onsdag blei ein
ny allianse skapt i Hasvik, ein allianse mellom
fiskarlaget og naturvernarane. For å berge Barentshavet
og
fiskerinæringa.
Hasvik kommune på Sørøya i Vest-Finnmark har omlag 1400
innbyggarar. Talet minkar stadig, på ti år har
folketalet gått ned 16 prosent.
Alle veit at den norsk-arktiske torsken gyt på Lofoten.
Men ein del gyt på Lille Lofoten, eller
Breivikfjorden på Sørøya. Før kunne her ligge 2-300 båtar
her på denne tida, men dei
siste åra har her vore svært lite, og i år er det heilt
svart.
Hasvik er ein kommune i krise, men og ein kommune i
opprør. Det var her ordføraren i høst foreslo at
Finnmark Arbeiderparti skulle melde seg ut av Det Norske
Arbeiderparti. Da fiskeriministeren nylig var
på rundreise i Finnmark blei han møtt av 150 på folkemøte
i Breivikbotn.
Fullt så mange møtte ikkje da Norges Naturvernforbund
arrangerte møte i Breivikbotn i samarbeid med det
lokale fiskarlaget.
Omlag 30 møtte fram for å diskutere ressurskrisa i
Barentshavet, blant dei omlag halve kommunestyret. Møtet
var ein del av informasjonskampanja til Barentshavutvalet
i NNV.
Dei har og besøkt Vardø, Skjånes, Hammerfest og
Honningsvåg, og resultatet er fleire nye lokallag av
NNV.
Fiskeriministeren lyg
I 1986 sa havforskarane at torskebestanden ville doblas
fram til 1989. Kvotane har så blitt satt etter det.
Men istaden har bestanden gått tilbake, slik at han idag
er omlag halvparten av det dei for to år sidan
trudde han ville vere. I høst sa fiskeriminister Bjarne
Mørk Eidem at ressurssituasjonen for norsk-arktisk
torsk var svært god, og ga grunnlag for høge kvotar. Da
gikk NNV ut og sa at han førte Stortinget bak lyset.
Eidem visste godt at bestandsprognosane var blitt
redusert med 40 prosent. Men dette var like før
fiskeriforhandlingane, og regjeringa trengte ein grunn
til å gi eit lågt tilbod. Fiskeriministeren lyg for å
få ned fiskeristøtta, og brukar torskebestanden som
salderingspost.
Leiar for Barentshavutvalet Bente Aasjord gikk hardt ut
og traff fiskarane heime.
- Rovfisket bare aukar på, sa ho, og la fram statistikkar
som viser korleis forskarane sine råd stadig
er oversett, også på kvotane for i år. Det ulovlige
fisket går opp. Kystvakta har kontrollert omlag like
mange trålarar i år som til samme tid i fjor. Da
arresterte dei ein trålar, i år har dei tatt åtte, av dei
fem norske.
- Ka må så gjøras? spurte ho, og
svara:
- Styresmaktene må høre på forskarane, og det må bli meir
effektiv kontroll og strenge straffar. Vi må få ei
ressursoppbyggingsfase, der det blir gitt kompensasjon
til fiskarar og kystsamfunn for dei strenge
reguleringane som må til.
Til nå har kystfiskarane vore omtrent aleine om å advare
mot det som skjer. Nå vil Norges Naturvernforbund
vere med i denne kampen.
Ikkje noko Greenpeace
Miljøvern har blitt eit skjellsord mange plassar, svara
Bente Aasjord på spørsmål om ka NNV meinte om
Greenpeace sin kamp mot selfangsten. Og det må nok
Greenpeace ta sin del av ansvaret for. NNV meiner derimot
at alle fornybare ressursar skal kunne beskattas, så
lenge arten eller balansen ikkje blir truga. Derfor må
ein kunne drive selfangst i dag.
- Denne orienteringa var heilt i tråd med den utviklinga
vi fiskarar har sett, sa Oskar Pedersen.
- Eg fikk vere med på den siste innsatsen på silda. Først
tok vi storsilda. Så tok vi småsilda. Så gjorde vi
det samme med lodda. Båtane blei større og større, og
lodda vi tok blei mindre og mindre.
På 60-70-talet heiv vi oss på reka. Først på fjordane, så
ute i Barentshavet og ved Svalbard. Dei første åra
tok vi omlag 90 prosent stor reke. Så gikk andelen av små
reke opp mot halvparten. For eit par år sidan sa
vi frå til styresmaktene at rekefisket må begrensas, men
dei hørte ikkje på det øret.
I forfjor merka vi for alvor at noko var gale i
Barentshavet. I fjor var omlag 10 prosent av fisken over
60 cm. I år er bare 3-5 prosent så stor. Eg er vettskremd.
Skal vi fortsette slik, har vi ikkje noko å fiske på
til neste år. Vi bør stoppe alt fisket i Barentshavet med
ein gong. Gjør vi ikkje det, er det daudt.
Ein etter ein sto fiskarane opp og fortalte ka dei har
vore med på. Historier ein kan høre overalt blant fis-
karar, men som sjeldan kjem på trykk.
- Eg var med i Barentshavet med flytetrål like før det
blei forbode, fortel Einar Johansen.
- Vi dro opp 40 tonn, men vi fikk bare 700 kg fisk av
det. Norsk fiskeripolitikk har vore ei endelaus liste
med feil som vi aldri har lært av.
Ikkje bare panda
- Det er flott at Norges Naturvernforbund nå har fått opp
auga for at det ikkje bare er ein panda å ta vare
på sa Odd Egil Simonsen, leiar for Hasvik Arbeiderparti.
- Eg hilsar dokker velkommen, og håper at NNV kan få ein
plass i reguleringsrådet. Der trengs nokon
nøytrale. I dag er det bukken til havresekken.
Havforskarane har ikkje makta å vere motvekt til
kapitalinteressene. Det virkar som norske styresmakter
manglar evne til å sjå økologiske sanningar.
Det er to store motsetningar i fiskerinæringa: Mellom
Vestlandet og Nord-Norge, og mellom kystflåten og
trålarane. Det er kapitalismen som styrer fiskerinæringa,
og kapitalismen sin natur er å søke
rentabilitet.
- Alle fiskeslag skal ein på død og liv ta opp på kortast
mogleg tid, seier Tormod Nystad. Sjå på
skjellskrapinga. Full fart og få år er det tomt. Nå er
rognkjeksa neste. Dette fisket kunne vore eit viktig
tilskot for kystfiskarane. Men nå kjem møringane oppover
med båtar så store som Hurtigruta. Det er snakk om
ein båt på 200 fot som skal rustas ut med 2000 - to
tusen - garn og vere
moderskip med 15 små båtar.
Interessa var stor for ka NNV meinte, og fleire
etterlyste konkrete regulerings-
tiltak.
- Dokker er for rund. Vi vil vite kem som skal reguleras,
og korsen.
Det var og skepsis til NNV sitt syn på selfangsten, NNV
vil holde den på dagens nivå, mens fiskarane ville ha kraftig auke.
Stole på forskarane?
Kan vi stole på forskarane? Spørsmålet blir stilt overalt
der fiskarar møtas og overalt der det blir
diskutert fiskeripolitikk.
- Det er ikkje rart dei gjør feil av og til, sa Bente
Aasjord. Dei må bygge på fangststatistikkane. Og vi
veit alle at det blir tatt mye som aldri kjem i
statistikken. Men det vi kan seie, er at hadde vi holdt
fisket under havforskarane sine tilrådingar, hadde
situasjonen vore mye bedre i dag.
- Det hender og at forskarane blir narra, sa Hilmar
Olsen. Eit eksempel er da forskarane merka makrell. Så
skulle fiskarane sende inn merke. Men nokre skipparar
underslo 7 av 10 merke. For jo større del av fangsten
som hadde merke, jo mindre var bestanden, og jo mindre
kvotar ville det bli.
- Vi må gjøre som Island, sa Bente Aasjord. Der slår dei
kraftig ned på tjuvfiskarane. Blir dei tatt ein
gong, mistar dei halve kvota, og to ganger er det rett ut
av fisket.
- Vi har ikkje alltid snakka samme språk, sa ordførar
Bjørnar Hågensen til slutt. Men nå gjør vi det, og nå
må vi stå saman. Og så teikna han medlemskap i
Naturvernforbundet. I lag med møteleiaren frå det lokale
fiskarlaget, og fleire til. Og Norges Naturvernforbund
får lokallag i Hasvik.
SLIK DREP VI BARENTSHAVET:
Beskatning av lodde i Barentshavet 1980-86:
Tilrådd kvote, ICES: |
9 500 000 tonn |
Fastsatt kvote: | 10 120 000 tonn |
Oppgitt fangst: | 10 153 000 tonn |
Reell fangst; | ? |
Beskatning av norsk arktisk torsk, 1981-85:
Tilrådd kvote, ICES: |
1 050 000 tonn |
Fastsatt kvote: | 1 340 000 tonn |
Oppgitt total fangst: |
l 656 400 tonn |
Oppgitt norsk fangst: |
1 238 400 tonn |
Reell fangst: ? |
Beskatning av norsk vårgytande sild, 1974-1984:
Tilrådd kvote, ICES: |
38 000 tonn |
Fastsatt kvote: | 100 900 tonn |
Oppgitt fangst: | 170 632 tonn |
Reell fangst: | ? |
Kjelde: Norges Naturvernforbund, Barentshavutvalet.
Til startsida
sveilund@online.no