Artikkel i Klassekampen, 09.12.1986

PAPIR FOR Å SKJÆRE FISK?

Av SVEIN LUND, HAMMERFEST (Klassekampen)

— Fagbrev som fiskeindustriarbeidar? Nei eg har da ikkje hørt på makan til jåleri! Ein treng da vel ikkje nokka papir for å skjære fisk.

Omtrent slik reagerte mange da tanken først blei lagt fram, og det var både fiskeindustriarbeidarar og sjefar som rista på hovudet. Så undervurdert har fiskeindustriarbeid vore at da NNN for nokre år sidan ba fagforeningane i fiskeindustrien diskutere fagbrev, var det mange som meinte at 1/2 års læretid måtte greie seg lenge.

Men i dag er både fagplanar og læremiddel klare, og nyleg blei det presentert for styresmakter, organisasjonar og presse i Hammerfest. Nå ventar ein bare på godkjenning frå Rådet for Fagopplæring i Arbeidslivet, og i løpet av neste år kan vi ha fått dei første fagbrev i fiskeindustrifag.

100 ÅR ETTER

Fiskeindustrien ligg 100 år etter andre næringar når det gjeld utdannings- og rettleiingstilbod, sa Svein Krane frå Fiskeindustriens Landsforening. At ikkje det offentlege har tatt ansvar for opplæringa av fiskeindustriarbeidarar, har bidratt til at dette arbeidet har fått svært låg status, og blitt eit psykisk handicap for ei heil næring, sa han, men innrømte og at industrien nok må ta mye av skylda for at det har vore vanskeleg å rekruttere til dei få utdanningstilboda som har vore.

KOR ER KUD?

Det heiter seg at Kyrkje- og Undervisningsdepartementet har ansvaret for all yrkesutdanning i Norge. Men når det gjeld fiskeindustrien har dei konsekvent forsøkt å dra seg unna ansvaret. I dag fins det grunnkurs i fiskeindustrifag ved åtte vidaregåande skolar, men bare en har tilbod om vidaregåande kurs. Det er Statens Fagskole for Fiskeindustri i Vardø som har plass til 8 av 15 elevar på 2. og 3. årstrinnet!

Mye av grunnlaget for det fagopplæringstilbodet som nå blir satt i gang blei lagt på ein konferanse i Vardø hausten 1982. Der stilte alle partar opp, med unnatak av KUD. Da sa ein av deltakarane som så: — Nei, livet er for kort til å ha med statsadministrasjonen å gjøre.

Så satte organisasjonane i gang på eiga hand. Dei som nå er med i Opplæringstiltak innan fiskeindustrien er FL (Fiskeindustriens Landsforening), FÅ (Fiskeindustriens Arbeidsgiverforening), NNN (Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund) og IPG (Industriprosjektgruppen for Nord-Norge). Og fortsatt ventar ein på at KUD skal bry seg. Utdanningsprosjektet har fått positiv respons hos Fiskeridepartementet, men KUD er det verre med, fortel Per Alf Andersen i NNN.

NYE VEGAR I FAGUTDANNING

Det studieopplegget som «Opplæringstiltak innen fiskeindustrien» nå presenterer skil seg ut frå fagopplæringa i alle andre fag i Norge, og har alt vakt internasjonal oppsikt. Ein satsar i første rekke på dei som nå jobbar i industrien. Først seinare skal opplegget tilpassas til lærlingeordning, vaksenopplasringskurs og til den vidaregåande skolen.

Nordisk Video i Kirkenes står for utarbeidinga av læremidla, som består av 7 videofilmar med tilhørande teksthefte og instruktørhefte. Det som er ferdig dekker alle sider ved filetproduksjonen, etterkvart vil det bli utvida til tørrfisk, saltfisk, reke og klippfisk-produksjonm.m.

— Opplæring er framtida for Nord-Norge, seier ein oppglødd Knut Wisløff i Nordisk Video. Han er prosjektleiar for fiskeindustriopplasringa, og ikkje lite stolt over at den første serien med opplæringsmateriell nå er i hamn. Så har da og den første videofilmen deira om reinskjæring vunne fleire prisar, både i Norge og i Japan.

— Det har vore eit møysommelig arbeid å samle dei fakta vi trong. Det fins veldig lite fagstoff frå før. Den kunnskapen som er i bedriftene er ikkje systematisert, og ofte vert ulike faguttrykk brukt for det same. Fiskeindustrien er langt meir komplisert enn vi trudde. Vi kunne aldri gjort denne jobben utan å ha mange både arbeidarar og leiarar som konsulentar.

— Korleis har dokker blitt tatt imot på bedriftene?
— Eg vil seie vi har møtt stor forståing, dei har lagt forholda godt til rette. Men samtidig må eg få seie at det ikkje er alt som er like godt egna til å vise på film. Nokre gongar måtte vi vere nøye med å velge vinkel for ikkje å få med skiten på golvet.

Dei gamle haldningane heng mye igjen i fiskeindustrien; det som teller er å bryte på mest mogleg fisk på kortast mogleg tid, så får andre omsyn vike. Eit mål med opplæringa er å skape ei haldningsendring her, og i kvart program er det ved sida av det tekniske lagt vekt på hygiene, økonomi og arbeidsmiljø.

114 INSTRUKTØRAR

Men det er ikkje nok å ha studiemateriell. Det trengs og lærarar eller instruktørar. Og frå oktober 1984 til nå er det blitt utdanna 114 instruktørar, fordelt på 50 bedrifter. Det kan høras mye ut, men dekker likevel bare 1/4 av behovet. Tilsaman er det i Norge omlag 400 fiskeindustribedrifter med omlag 14 000 tilsette.

Ein av desse instruktørane er Solveig Fjeld Hansen, som jobbar på filetavdelinga på Nestlé i Hammerfest. Ho hørte til det første kullet som gikk instruktørkurs.

— Sjølv om eg hadde jobba med opplæring av nytilsette før, hadde eg stort utbytte av instruktørkurset, fortel ho. Pedagogikk og sånt var jo heilt nytt for meg. Ikkje minst lærte vi om ergonomi, korleis gale arbeidsstillingar gjør at vi slit ut kroppen. Med ei skikkeleg opplæring her vil ein kunne unngå mye av sjukefråver og at folk slit seg alt for tidleg ut. I tillegg til opplæring av arbeidarane må ergonomien komme med i planlegginga av arbeidsplassen. F.eks. regulerbare ståplatter er ein viktig ting som vi har, men som mange fiskeindustribedrifter enno manglar.

Sjølv om opplegget som er ferdig bare dekker filetproduksjon, vil dette tilbodet kunne nyttas av bortimot halvparten av fiskeindustriarbeidarane i landet. Om nå bedriftene og arbeidarane vil utnytte det. Solveig Fjeld Hansen er noko skeptisk til begge deler. Ho fortel at på jobben hos ho har dei nå fått alt materialet og startår opp over nyttår, men ellers har ho inntrykk av at bedriftsleiarar har lita forståing for vitsen med fagbrev. Svært få bedrifter har til nå bestilt undervisningsmaterialet.

— Men det trengs ei haldningsendring blant arbeidarane. Eller kanskje meir informasjon. Vi må få sjå i praksis at det er noko hjelp i. Det er ikkje nok at vi får eit fagarbeidartillegg på lønna. Fagarbeidarane må og få bruke kunnskapane sine og få meir variert og interessant arbeid. Da håper eg at dette kan bidra til at fiskeindustrien bli ein bedre plass å jobbe, der folk kan jobe i mange år utan å slite seg ut. Seier Solveig, men legg til at det ikkje er sikkert det går så lett.


Til startsida

sveilund@online.no