Artikkel i Klassekampen, 22.04.1988

Svein Lund:

Stortingsvedtak for kvinneflukt

— Stortinget sitt vedtak sist torsdag om å unnta fiskeindustrien frå loven om lønnsplikt under permittering er eit hardt slag mot vinnene i fiskeindustrien og dermed mot busettinga i Kyst-Norge. Dette seier Per Alf Andersen, Nord-Norgessekretær i NNN, til Klassekampen.

Av SVEIN LUND, TROMSØ

Stortinget vedtok sist torsdag at bedriftane heretter har plikt å å betale lønn til arbeidstakarane dei to første vekene av ein permitteringsperiode. Tidlegare ble dette dekt av trygd. Men trass hard motstand frå både Fiskeridepartementet og dei fagorganiserte i fiskeindustrien, blei denne næringa unntatt frå loven — mot SV sine stemmer.

- Alle snakkar om fiskarane. Men dei ressurskrisa i Finnmark har størst konsekvensar for, er kvinnene i fiskeindustrien, seier Andersen. Dei er bærebjelken i busettinga langs kysten. I Finnmark står fiskeindustrien for 70 prosent av industriarbeidsplassane. Vi kan ikkje bygge busettinga på lærarar, legar og sjukepleiarar mens bærebjelken er i ferd med å ruste opp.

Derfor er loven om permisjonslønn så viktig. Det er to ting som skal til for at folk skal bu i utkantane: Arbeid og inntekt. Men når fiskeindustriarbeidarar gjennomsnittlig- er permittert 10 veker i året, får dei ei gjennomsnittlig årslønn på 70 prosent av industrigjennomsnittet. Ein lov som gir bedriftane lønnsplikt i 14 dagar ved permittering ville vere til god hjelp med å minske avstanden til anna industri.

Eg kan ikkje forstå at Arbeiderpartiet kunne gå inn for dette. Først gikk Fiskeridepartementet inn for å unnta fiskeindustrien, men så snudde dei. Men kommunaldepartementet ville ikkje snu. Kommunalminister William Engseth kjem sjølv frå Nord-Norge og burde kjenne forholda. Eg kan ikkje forstå kvifor han skulle stoppe dette.

Nå har vi fått ei mengde med konsulentar og byråkratar som skal motivere kvinner for utdanning. Men dei snakkar aldri om fiskeindustrien. Det er kvinnene som flyttar først, og nå er det kvinneunderskot i alle kyst-kommunar. Men likevel snakkas det bare om fiskarar, og kvinnene i fiskeindustrien er ikkje verd ein tanke verken i NRK eller Stortinget eller for den saks skyld i Klassekampen.

- Men nå har Stortinget gjort vedtaket. Ka kan NNN gjøre da ?
- Vi har ikkje gitt opp. Alt dagen etter Stortings-vedtaket sendte vi brev til kommunalministeren og krevde at saka blir løyst på ein anna måte. Til nå er det alt for få som har reagert. Dette kan vi ikkje gi oss på, så det gjeld å auke presset for at fiskeindustriarbeidarar skal få samme rettar som alle andre arbeidarar.


Til startsida

sveilund@online.no