Artikkel i Klassekampen, september 1989 Svein Lund:

- Fiskeripolitikken er politisk kriminalitet

Dagens fiskeripolitikk er rett og slett kriminalitet legalisert av fiskeriministeren.

Av SVEIN LUND, TROMSØ

Dette seier Einar Edvardsen, stortingskandidat for Nordlandslista. Mandag deltok han på ein demonstrasjon som Kvinneinitiativet arrangerte i Tromsø.

I vår blei kystfiskarane jaga på land midt i beste fisket, mens trålarane fikk fortsette. På Moskenesgrunnen i Lofoten håva fabrikktrålarar inn så trålposen sprakk med 25 tonn gytemoden skrei. Em trålfiskar syntes dette var for ille å vere med på, så han ringte til Sjømannsforbundet og sa frå. Men Fiskeridepartementet reagerte ikkje og dette vanvittige fisket fortsatte til tråleigarane sjølv stoppa det. Men da var det nesten tomt.

— Distriktspolitikken er usynlig i valkampen, seier Gøril Julin Jakobsen, førstekandidat for Kvinneinitiativet i Troms.
— Dei fleste politikarane har gitt opp nord-norske primærnæringar og leitar desperat etter andre ting. No er det turismen som skal berge oss. Vi skal visst alle bli kafevertar eller vaskekoner på hotell. Fiskarane skal bli utstillingsfigurar på bryggekanten. Men ka skal turistane komme hit for å oppleve om vi ikkje har eit levande næringsliv og ein levande kystkultur?

— Fylkeslistene i Nord-Norge er skapt av oss som er umåtelig sinte fordi Nord-Norge ikkje kjem på sakskartet, seier Einar Edvardsen. Det er typisk at ein nå kan pøse på for å bygge ut Hurum i all hast, men Nord-Norge-banen har holdt på i 114 år utan å bli halvferdig.

— Vi ser det i valkampen på at det er Oslo-kandidatane som er interessante for media, seier Gøril. Dei har for eksempel svært vondt for å oppfatte at det er han Einar og ikkje han Jon Michelet som er hovudtalsmann for fylkeslistene.

Kvardagen

— Kvinneinitiativet er opptatt av å få politikken ned på eit kvardagsnivå. Men når vi seier at vi vil legge forholda til rette for at folk kan bli lukkelegare, da klør journalistane seg i hovudet og spør om dette er politikk. For dei er politikk bare å flytte pengar. Vi kan ikkje godta ein økonomisk politikk som kalkulerer med 200000 arbeidslause, som reknar på om det er for mange eller for få i forhold til kva som lønner seg. Da ser dei ikkje på kva det å gå ledig gjør med menneska. Om ein så hadde råd til å la halve folket gå og tvinne tomlar så kan det aldri forsvarast.

Fiskekrig

— Vi er livredde for EF når det gjeld fiskerinæringa, seier Einar Edvardsen. Dei utryddar ressursane godt dei kan, i lag med vestlandskapitalen. Nord-Norge er no nøydd å forsvare seg. Vi må vere villig å ta ein fiskekrig slik Island gjorde mot England, fabrikktrålarane må heilt bort. Vi kan ikkje heller godta at dei blir solgt til utlandet, for da har vi dei bare tilbake under anna flagg. Dei må hoggast opp til skrapjern.

— Og av det skal vi støype sviller til Nord-Norge-banen, seier Gøril.


Til startsida

sveilund@online.no