Konsesjonar til høgstbydande

Den havgåande fiskeflåten i Nord-Norge har blitt kraftig redusert dei siste åra. Mange båtar er kondemnert, mens ein stor del har blitt solgt sørover, og kon- sesjonane har fulgt med. Hardast har det gått ut over ringnotflåten i Nordland og Finnmark.

SVEIN LUND, TROMSØ
Klassekampen, juni 1987

I Finnmark er det nå bare tre ringnotkonsesjonar igjen. No står Troms for tur. I år vil sju ringnotbåtar bli kondemnert. Aust-Finnmark har bare seks ferskfisktrålkonsesjonar igjen av dei tretten dei hadde for ti år sidan. Konsesjonssystemet blei innført for å verne fiskebestandane mot overfiske og for å gi ei distriktsmessig rettferdig fordeling av flåten. Likevel er lodda så godt som utrydda og mange fiskeslag kraftig redusert. Og den geografiske fordelinga av fiskeflåten har aldri vore så skjelv som idag. Ka er det som har skjedd?

Bryt loven

— Det som har skjedd er at Fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet konsekvent har tildelt konsesjonar i strid med loven. Denne kraftsalva kjem frå Peter Ørebech, jurist ved Institutt for Fiskerifag ved Universitetet i Tromsø, og forfattar av boka « Konsesjoner i fisket».

Konsesjonssystemet

Konsesjonssystemet i fiskeria er eit ekstremt innvikla system av lovar og forskrifter som svært få har oversikt over. Ein må ha konsesjon frå styresmaktene for å fiske med visse reidskap dersom båten er over ein viss størrelse. Konsesjonane gjeld for bestemte fiskeslag, og ein båt kan ha ein eller fleire konsesjonar. Dei viktigaste konsesjonspliktige fiske er: Alt trålfiske, ringnot- og snurpenotfiske for båtar over 90 fot, reketrålfiske for båtar over 65 fot/50 bruttotonn, drivgarnfiske etter laks og garnfiske etter sild. Konsesjonen blir gitt til bestemt person og båt, og i prinsippet kan ein ikkje overføre konsesjonar verken til ny båt eller til ny eigar av båten som har konsesjon. Da må ein søke Fiskeridirektoratet om overføring og dei skal vurdere kvar konsesjon bl.a. ut i frå omsynet til ressursane og distriktsmessig fordeling. Men i praksis er det nesten alltid slik at den som har kjøpt ein båt med konsesjon får beholde denne. Det er denne praksisen Ørebech hevdar er i strid med loven.

Til høgstbydande

I Odelstingsproposisjonen til Deltaksloven (Lov om regulering av deltagelsen i fisket, 1972) står det: «Ihenhold til denne paragraf skal tillatelse til å gå ut på fiske bare gis til bestemt person eller selskap, og for et bestemt fartøy. Det vil således ikke være adgang til å overføre en tillattelse til en annen person eller selskap». Prisloven av 1953 seier: «Uten samtykke, av Prisdirektoratet er det forbudt å kreve eller ta vederlag for overdragelse av lisenser eller andre godkjenninger som er gitt eller ventes gitt en ervervsdrivende som et ledd i en offentlig regulering av ervervslivet. Dette gjelder også om lisensen eller godkjenningen overdras sammen med en bedrift».

I 1978 kunne Prisdirektoratet slå fat: «Direktoratet har ikke hatt til behandling søknader om tillatelse til å kreve vederlag for overdragelse av konsesjoner innen fiske». Det er heller ingen teikn til at det har skjedd etter den tid. Skjærer vi gjennom departementsspråket her står det: Om konsesjonar har blitt kjøpt og solgt er det ulovlig. Likevel har dette vore det vanlige, og er det fortsatt. Det er ikkje sjelden å sjå annonser som: «120 fots båt til salgs med lodde- og reketrålkonsesjon.» Meklarar har til og med prisliste for konsesjonar: marknadsverdien for ringnotkonsesjonar er nå omlag l mill. pr. 1000 hl lastekapasitet, dvs. at for dei største båtane er konsesjonen aleine verd omlag 10 mill.! Gamle vrak kan bli solgt til fleire millionar, bare for å få tak i konsesjonen. Det hender og at konsesjonar blir stykka opp og solgt i smått.
— Resultatet er at dei som byr høgast får retten til å utnytte ressursane i havet, slår Ørebech fast. Slik virkar konsesjonssystemet som skulle sikre desentralisering tvert om sentraliserande, dei store båtane blir samla der pengemengden er størst, i fiskeria vil det i første rekke seie Sunnmøre, innafor Nord-Norge vil det seie Tromsø.

— Korleis har så dette kunna skje?
— Det er ei enkel ordning som har blitt institusjonalisert, ein brukar bare eit kriterium og slipp å vurdere. Byråkratiet måler effektivitet i minutt pr. søknad. Dei ser ikkje på at ein havgåande båt kan vere heilt avgjørande for eit lite kystsamfunn. Slik kan dei utradere eit heilt fiskevær med eit pennestrøk. Problemet er at folk ikkje trur meg når eg seier at Departementet og Direktoratet konsekvent bryt loven, og at loven bare er til for å kaste blår i auga på folk.

— Det har nå kome nokre få rettssaker rundt konsesjonstildelingar, fortsetter Ørebech. Men det burde ha vore eit skred. Men alle rettssaker mot statsorgan må føras for Oslo Byrett, noko som gjør det mye dyrare og vanskeligare for ein fiskar enn om saka hadde gått i heimkommunen. Og juristane i Oslo forstår gjerne ingenting av fiskerispørsmål. På jusstudiet er det ingen undervisning i fiskerirett. I heile landet er det knapt ein handfull juristar med nemneverdig kjennskap til fiskerirett.

— Er det så noko bedring å spore om vi ser på dei nye fiskeria som har vokst fram siste åra, slik som kolmule og skjelltråling?
— Nei, snarare tvert om. Det går etter prinsippet: Den som kjem først til mølla får først malt. Så kjem staten og stenger døra. Til nå har kolmulefisket vore ope for dei som har fiska lodde og sild, men nå blir det eigen konsesjon der bare dei får fiske kolmule som har gjort det frå før. Det samme har vi sett med skjelltrålarane. Før styresmaktene hadde fått sukk for seg hadde vi 12-14 skjelltrålarar, så måtte dei gå inn og seie stopp. Istaden burde dei ha planlagt; kor mange fartøy treng vi? Kor bør dei vere? Og så utlyst konsesjonar. I staden går politikken ut på å la dei luraste og mest pengesterke ture fram for så å gripe inn og gi dei privilegier. Heile tida kjem dei for seint til å kunne styre.

— Ka meiner så du bør gjøras for å endre på dette?
— Eg fikk spørsmål frå Finnmark fylkeskommune om å utreie ka dei kunne gjøre for å hindre konsesjonsflukten ut av fylket. Da sa eg at det kan ein seie i ei setning: Få Departementet til å følge loven. Så vil eg slutte meg til kravet frå Finnmark om at kvart fylke må få eit visst antall konsesjonar, og at fylket sjølv deler ut disse og avgjør søknadar om overføring. Her ser eg eitt positivt trekk, det er dei nye småtrålkonsesjonane der det er slått fast at dei ikkje kan selgas over fylkes grensene.
— Etter at frysekonsesjonsloven blei oppheva i 1984 og forbodet mot å bygge nye trålarar og ringnotbåtar blei oppheva i 1985, har vi sett ei gigantisk overinvestering, særlig i fabrikktrålarar, og vi er i ferd med å få det i kolmuletrålarar. Her er det strid innad i regjeringa. Fiskeridepartementet vil bruke Eksportloven til å styre pengemengden som går til fiskebåtfinansiering, mens Handelsdepartementet seier: «Hold dokker unna, det er våres lov.»

Informasjonssjef Trond Wold i Fiskeridepartementet har følgende kommentar påstanden om at FID bryt loven i konsesjonsspørsmål.
— Trur ikkje det er vits i å kommentere det, er .svaret vi får.

______________________________________________________________

Fleire artiklar om fiskerispørsmål
Til startsida

sveilund@online.no