Artikkel i Klassekampen, 16.05.1988

Konkursbølge i fiskeriindustrien

Bugøynes, Skarsvåg, Hasvik, Kongsfjord. Fire tidligare livskraftige fiskevær på Finnmarkskysten. Fire ofre forkonkursbølgen som nå rammar fiskeflåten, fiskeindustrien, og anna næringsliv i fiskeristrøka.

Av SVEIN LUND

I 1987 var det 45 konkursar i fiskeindustrien (medrekna oppdrettsnæringa). Til samanlikning var det 10 i 1985 og 17 i 1986. I år kjem konkursmeldingane enno tettare, så lite tyder på vi har nådd toppen. For nokre bedrifter betyr konkursen bare nye eigarar, eller til og med gamle eigarar i ny frakk. Men for mange småstader kan dette bety slutten. Ein får ingen til å starte opp igjen ein bedrift som har gått konkurs 2-3 ganger, og som ikkje har noka sikkerheit for at dei får fisk å produsere på.

Det er ikkje bare småbedrifter som ryk. Ein av vinterens konkursar var Havøysund Fiskarsamvirkelag, ein av dei største fiskeindustribedrifter i landet. Dei har nå kome i gang igjen, med redusert arbeidsstokk.

Gjør ingen ting

Dei fleste fiskeindustribedrifter er organisert i Fiskeindustriens Landsforening. Ka gjør så dei for å stanse denne utviklinga? Vi stiller spørsmålet til informasjonskonsulent Arthur Olsen. — 11970 var det 891 fiskeindustribedrifter. I 1988 er det omlag 550. Dette er ein naturlig prosess, og vi gjør ingen ting for å stoppe denne. Vi reknar med at innan år 2000 vil vi ha kome ned på 250-300 bedrifter. Det er ein enorm overkapasitet i fiskeindustrien idag. Særlig ille er det i rekelndustrien, med ein produksjonskapasitet på 130000 tonn, mens ein bare fikk 30000 tonn råstoff i fjor. Da er det ikkje grunnlag for å holde oppe alle disse bedriftene. Den prinsippielle holdninga vår er at ved konkursar bør Råfisklaget trekke inn kjøpeløyvet, ikkje overføre dette til nye eigarar. Det gjeld i alle fall for reke, men må og vurderas for anna produksjon.

Vil ha kondemneringsstøtte

Rekeindustrien bør få ei liknande ordning som sildeoljefabrikkane. Da kunne ein fått ei meir fornuftig tilpassing av kapasiteten. Hovudårsaka til at bedrifter går konkurs er at dei ikkje har noko å gjøre, det vil seie dei får ikkje råstoff. Det er ei veldig alvorlig utvikling at ein stor del av det råstoffet som var kalkulert som råstoff til fiskeindustrien, blir produsert på sjøen og ført direkte til utlandet.

— Men ka når heile fiskevær ryk med bedriften. Dokker kan da ikkje sitte rolig og sjå på det?
— Det er ikkje FL si oppgåve å redde alle. Overprisar er ein uting, det einaste vi oppnår er å kappe hovudet av naboen.
Statsstøtta til fiskerinæringa er dei siste åra skore drastisk ned for kvart år. Mens ein tidligare hadde ein forhandlingsøkonomi, får vi nå ein rein marknadsøkonomi. Det blir eksporten og ikkje staten som bestemmer prisane.

Om bedriftene betaler meir enn dei har råd til, må det gå galt. Det er i dag 600 fiskekjøparar.
— Det er ein stor overkapasitet, og det er klart at vi må redusere. Spørsmålet er bare kor og kem. Vi må sjå ut frå medlemmane våre, som må få levere fisk utan å gå alt for langt. Ansvaret ligg på Råfisklaget sitt salsstyre, som kan inndra kjøpeløyve og la vere å utstede nye ved konkurs. Men om vi gjør det vil alltid lokalsamfunnet skrike opp. Så det er ikkje så lett.

Fiskeflåten

Fiskeflåten er i like stor grad ramma av konkursar som industrien. I 1987 var det 95 tvangsauksjonar, av disse heile 34 i Finnmark, 29 i Troms og 17 i Nordland. For heile 80-talet har 2/3 av tvangsauksjonane ramma Nord-Norge, i fjor kom andelen opp i 84 prosent.


Til startsida

sveilund@online.no