Artikkel i Klassekampen, 19.10.1987

Reguleringsjungel for fiskeriflåten

— Fiskeflåten er i dag utsatt for ein veritabel jungel av detaljreguleringar. Skal vi alltid måtte leve i denne jungelen? Slik spurte Gunnar Ægisson på fiskerikonferansen som Hammerfest Markedsforening arrangerte sist veke.

AV SVEIN LUND, HAMMERFEST

Ægisson er forskar på FTFI (Fiskeriteknologlsk Forskingsinstitutt) i Trondheim og er leiar for eit prosjekt med å vurdere den norske flåtestrukturen. — Korfor går norsk fiskerinæring med underskot år etter år når vi har dei rikaste fiskefelta i verda, spurte Ægisson, og ga sjølv dette svaret:
— Flåten er alt for stor for 'ressursane, og ikkje fleksibel nok til å møte variasjonane i fisket. Det er reguleringssystemet som formår flåtestrukturen. I dag har vi ei blanding av direkte og indirekte reguleringar. Det er regulering etter fiskeslag, reldskap, fartøylengde, tonnasje, kvotar, osv. Dette har ført til at mange båtar går konkurs eller blir solgt fordi dei bare får konsesjon for eit slags fiske, og det kan dei ikkje leve av. Det har og ført til ei rekke «paragrafbåtar», ein pressar f.eks. mest moglig lastekapasitet inn innafor ei maksimumslengde. Resultatet blir båtar med dårlige sjøeigenskapar, sikkerheit, arbeidsmiljø og driftsøkonomi.

— Måten norsk fiskeri er regulert på, fører til kunstig oppsplitting av flåten i interessegrupper, til ei kvar tid krise for ei eller anna gruppe, og ein ineffektiv flåtestruktur. I tillegg er alle disse reguleringane svært vanskelig å holde oversikt over, og ein får eit stort byråkrati. Vi må over på direkte regulering, sa Æglsson. På fartøykvotar innafor ein totalkvote for kvart fiskeslag. Så må fiskarane få ta sin kvote med den båttype og den reidskapen som er best egna. Kvotar må kunne byttas ogselgas, men bare innafor kvar region, og ein må sikre ei fornuftig regional fordeling, slik at ein unngår dagens situasjon der båtar og konsesjonar forsvinn frå Nord-Norge til Vestlandet.

Lær av Island

Forslaget frå Ægisson fikk stor oppslutning på konferansen. Fartøykvotar er eit gamalt krav frå Finnmark Fiskarlag, men ein har aldri fått gjennomslag for dette i Norges Fiskarlag. Thor Robertsen frå Vardø støtta fullt opp og fortalte frå Island, der han hadde vore for å studere korleis dei organiserer fiskerinæringa:

— På Island er fiskerinæringa omlag like stor som i Norge, og den absolutte hovudnæringa i landet. Gjennom totalkvotar og fartøykvotar har em full kontroll med ka som blir fiska. Dei har god lønnsemd og lite konkursar, og fiskeindustrien får ganske jamnt med råstoff året rundt. I tillegg er utviklinga minst like god i distrikta som i Reykjavik. Sjølv om ikkje alt kan samanliknas direkte, meinte han at Norge med fordel kunne bruke mye av det islandske reguleringssystemet. Dette gir og langt mindre byråkrati.

— Mens Island har 72 til sette i fiskeriforvaltninga, har ein i Norge 1352, fortalte han, og hevda at mange av dei norske fiskeribyråkratane bare flyttar papir.

Begrens kapasiteten!

Både fiskeflåten og fiskeindustrien i Norge har mye større kapasitet enn det er ressursgrunnlag for å ta opp. Dette har ført til overfiske, til at fiskeindustribedrifter overbyr kvarandre på fiskeprisen, og til konkursar både på sjø og land. Per Alf Andersen frå NNN var særlig bekymra for at mens kapasiteten på land er blitt bygd ned for å tilpassas ressursgrunnlaget, har den auka kraftig for produksjon ombord. Idag har fabrikkskipa kapasitet til å fiske 60000 tonn, eller nesten 1/5 av torskekvoten. Og det blir stadig fleire fabrikkskip. Det var mange som delte Andersens motstand mot ombordproduksjon, både frå fiskeindustrien og fiskarlaget. Det var faktisk bare to som snakka for at Nord-Norge burde satse på fabrikkskip. Den eine var stortingsrepresentant Nils O. Golten (H), tidligare fiskeskipper frå Hordaland. Den andre var forskar Torbjørn Trondsen. Han er medeigar i den største kolmuletrålaren i Norge, så heilt upartisk kan ein ikkje seie han er.

Positive signal

Fiskeridepartementet har nylig sendt ut til høring eit utkast til endring av Lov om saltvatnsfiskeri. Dette ser ut til å imøtekomme ein del av dei krava som fiskerinæringa i Nord-Norge lenge har kjempa for; regional fordeling av kvotar og strengare reglar for ombordproduksjon. Dette blei godt mottatt av dei fleste på konferansen. Men mange stiller spørsmål ved om dette vil gå gjennom i Stortinget. Golten ville i alle fall ikkje vere med på dette, og ein kan vente ein sterk motstand frå Vestlandskapitalen som vil tviholde på den dominerande stillinga dei har.


Til startsida

sveilund@online.no