Leiar i Klassekampen, 22.04.1988, skrive av Svein Lund

Ingen ting å vente på!

DET ER Sovjetunionen si haldning til maskevidde og minstemål som gjør det vanskelig å bevare ressursane i Barentshavet bedre. Det sa statssekretær Asbjørn Rasch i Fiskeridepartementet på ein miljøkonferanse i Tromsø sist helg.

Gjennom mange år har kravet blitt reist frå stadig fleire hold om at maskevidde og minstemål må aukas. Men rovfisket har fortsatt som før. Dei siste rapportane frå Barentshavet fortel at nå har og trålarane vanskelig for å finne fisk. Er vi i ferd med å ta knekken på torskebestanden igjen?

Norge har oppretta 200 mils økonomisk sone for å ha full råderett over ressursane der. Vi har tidligare utvida maskevidda frå 125mm til 135mm, utan at russarane blei med. Dengang skjedde utvidinga etter langvarig press på regjeringa, og motargumenta var nøyaktig dei samme som brukas nå. Det fins-inga orsaking for å utsette dette til det ikkje lenger er noko fiska verne.

Når det gjeld forvalting av fiskeressursane har Sovjet utan tvil mange svin på skogen. Men Norge har ei minst like svart historie. Vi har ansvaret for utryddinga av silda, nedfiskinga av seien og hovudansvaret for utryddinga av lodda. Torsken kan kanskje enno bergas. Da må Regjeringa slutte å skyve frå seg ansvaret og snarast gå til einsidig utviding av maske vidda til 155 mm og minstemålet for torsk til 50 cm.


Til startsida

sveilund@online.no