Artikkel i Klassekampen 22.03.1988

Ingen fisk - ingen skatt

1987 var eit botnår for fiskerinæringa i Finnmark. 1988 tyder så langt til å bli enno verre. For kommunane betyr det at botn fell ut av på førehand skrapa kommunekasser.

Av SVEIN LUND

Dei to første månadane i år var skatteinngangen 6 millionar eller 7 prosent mindre enn i fjor. Ved utgangen av februar hadde Finnmark ei registrert arbeidsløyse på 4,2 prosent. I tillegg kjem nesten halvparten så mange delvis ledige.

Lodda er borte. Torsken er skinnmager, utan rogn og lever. Selen har jaga fjordtorsken ut på djupet, og for kystflåten fins det knapt ein fisk å få, han går til trålarane og autolinebåtar frå Vestlandet. Trålarane sin andel av torskefisket auka frå 19.3 prosent i 1984 til 57 prosent i fjor.

I følge ein oversikt Finnmark Dagblad har laga, har ein femdel av fiskebruka i fylket ikkje tatt imot ein fisk hittil i år. Dei to første månadane i år tok 40 prosent av fiskebruka i fylket mot mindre enn 100 tonn fisk. Ei rekke bruk er nedlagt eller konkurs, og omlag 250 fiskeindustriarbeidarar er heilt eller delvis permitterte.

Ingen skyld!

På 60-talet blei silda så godt som utrydda. På 70-talet holdt torsken på å gå samme vegen. På 80-talet er lodda i Barentshavet redusert til ein mikroskopisk rest, og det er heilt uvisst om bestanden i det heile kan byggas opp igjen.

Eit resultat av overfiske, av profittjakt og utilstrekkelige reguleringar, vil del fleste seie. Men alle deler ikkje denne oppfatninga. Fiskebåtredernes Forbund er samanslutninga for dei store fiskebåtane. Generalsekretæren deira heiter Leiv Grønnevet og var statssekretær i Fiskeridepartementet under Willoch-regjeringa. Han seier det slik:
- Ein kan ikkje seie at fiskarane har skyld i at det er fiska for mye. Kollapsen i loddebestanden kjem verken av fastsettinga av kvotane eller at fiskarane har tatt kvotane, men av heilt andre årsakar.
- Kva for årsakar, da ?
- Spør ein biolog. Når det gjeld lodda, er det klart at denne i stor grad har blitt spist opp av den aukande torskebestanden. Det er alt for enkelt å gi fiskarane skylda for nedfiskinga. Fins ikkje fnugg av dokumentasjon for at fiskarane har utrydda ressursane i strid med forskarane sine tilrådingar. Det er ikkje grunnlag for å seie at det hadde vore sild i 70-åa om vi ikkje hadde fiska i 60-åra. Det kom som eit sjokk på oss da loddefisket måtte stoppas. Vi trudde det var sjølve paradegreina for forskarane.

Nei til fordeling

Etter langvarig press frå Finnmark la Fiskeridepartementet i haust fram forslag til endring av saltvatnsfiskelova, slik at ein viss del av fiskekvotane kan bli dirigert dit fiskeindustrien treng han mest. Fiskebåtredernes Forbund har saman med Norges Fiskarlag gått sterkt mot disse endringane. Dei går og mot forslaget om at fabrikktrålarane må holde seg utafor 12-mils- grensa.

Ingen skyld?

Ein kan ikkje gi fiskarane skylda, seier Leiv Grønnevet. Vi har plukka fram nokre eksempel på reguleringssaker det har vore strid om. Fiskebåtredernes Forbund og Norges Fiskarlag har konsekvent stå t på den sida som ville ha mest fritt fiske.

* Frå 1980 til 1986 blei det fiska 805 000 tonn meir lodde enn det forskarane hadde tilrådd. I 1986 ville forskarane ha full stans i loddefisket. Men fiskarlaget pressa på og fikk fiske. Kanskje for siste gang.
* For 1988 tilrådde det internasjonale havforskingsrådet ICES ei kvote på 530 000 tonn norsk-arktisk torsk. Resultatet blei 590 000 tonn. Nesten kvart år har kvotane blitt satt høgare enn tilrådingane.
* I dag er det så godt som bare 83-årsklassen igjen av silda. I både 1982 og -83 blei det fiska trass i at ICES gikk mot.
* I haust gikk Fiskarlaget mot eit forslag frå NNN i reguleringrådet om utvida maskevidde i trål. Dei siste fangstoppgåvene viser at 63 prosent av trålfanga torsk no er på under 500 gram!
* Mot havforskarane si vilje fikk Norges Fiskarlag i vinter gjennom ein reduksjon i maskevidda for snurrevad frå 135 til 125 mm.

Lista kunne vore gjort mye lenger, vi kunne nemnt rovfisket på småsei, rekefiske på fjordane osv. osv. Og enno har vi bare nemnt det offisielle, lovlige fisket. Ikkje all småfisken som blir spylt på sjøen, ikkje den som blir øydelagt når snurparane tar så store kast at nota blir sprengt.

Rovfisket held fram. Finnmarkskysten avfolkas. Men årsmeldinga for Fiskebåtredernes Forbund i 1987 kan oppsummere ... en vesentlig bedring av driftsresultatet for trålerne.


Til startsida

sveilund@online.no