Debattinnlegg i Klassekampen, 26.07.1986

Greenpeace har ansvaret

Greenpeace jublar nå over at regjeringa har blitt pressa til å stanse kvalfangsten. I Klassekampen 9.7. krev to «Greenpeace-kameratar» at AKP/RV må kjempe for kompensasjon for dei som blir ramma av stansen. Sjølvsagt er det rett at dei som nå mistar levebrødet må få kompensasjon, men AKP må ikkje la seg bruke i Greenpeace sitt spel. Tvert om må AKP ta skarp avstand frå Greenpeace sine kampanjer mot kval- og selfangst.

«Dei 7 magre åra» snakkar ein om i Aust-Finnmark. Frå 1979 til 1985 var torskefisket elendig, noko som har nær samanheng med invasjon av kobbe eller grønlandssel. Akkurat denne selarten er det Greenpeace har dreve si kampanje mot fangsten på. Selbestanden veks over alle grenser og et like mye fisk i Barentshavet som heile den norske fiskeflåten fiskar. Men selfangsten har omtrent stoppa opp fordi marknaden for selskinn er nesten borte. Og kven har ansvaret for det. Jo ingen andre enn Greenpeace med sitt rørande forsvar for dei søte små selungane. Dei som hevdar å stå for økologisk politikk og balanse i naturen har her klart å gjøre det stikk motsette. Dei bør spørre seg: Kvifor har Greenpeace knapt ein tilhengar i heile Nord-Norge? Kvifor har dei nå erta på seg alle organisasjonar som representerer kystfolket sine interesser, slik som fiskarlag, NNN og Norske Samers Riksforbund?

Greenpeace seier dei ikkje går mot den tradisjonelle fangsten til dei arktiske folkeslaga. Likevel er inuitane på Grønland hardt ramma av samanbrotet i marknaden for selskinn. Det er ikkje bare å vere idealistar, ein må og ta konsekvensan av handlingane sine. «Greenpeace-kameratene» håper AKP vil støtte eit permanent norsk kvalfangst-forbod etter 1990. Kvalen skal altså som prinsipp ikkje beskattas, uansett i korleis bestanden måtte utvikle seg. Dette er ein politikk stikk i strid med det kystfolket i Nord-Norge står for, og som særlig arktiske folkeslag som samar og inuitar har som tradisjon; at alle ressursar skal utnyttas, men på ein måte som sikrar balansen i naturen. Uvettig rovdrift og kortsiktig profitt har heilt eller delvis utrydda mange dyreslag på land eller hav, så som mange kvalartar, silda, torsken og lodda. Men Greenpeace sin politikk gjør dei ikkje til ein alliert for dei som vil ta vare på ressursane. Derimot blir det med rette av folk i Nord-Norge oppfatta som eit trugsmål på linje med den kapitalistiske rovdrifta dei seier seg å kjempe mot.

Om Greenpeace - «kameratene» meiner alvorlig med å støtte folk i Nord-Norge, bør del først gå i seg sjølv og sjå kva politikken deira har ført til.

Svein Lund, Hammerfest


Til startsida

sveilund@online.no