Artikkel i Klassekampen, 29.06.1988Svein Lund:

- Spis garnselen!

— Selkjøtt er kjempegod mat. Sjølv om selen er tatt på garn er han fullt brukbar. Det er umoralsk å behandle ein ressurs som forureining.

Av SVEIN LUND, VARDØ

Dette seier Ingar Iversen som er biologilærar ved Statens Fagskole for Fiskeindustri i Vardø og styremedlem i Finnmark Naturvern.

Under selinvasjonen i fjor vinter og vår gikk kanskje hundre tusen sel i garn langs norskekysten. 56 000 blei registrert i Norges Råfisklags distrikt (Nordmøre til Finnmark). Fleire tusen av disse selane blei tatt på land i Vardø. Ein del blei slakta og frose ned på fiskebruket Vardøfisk, for så å bli sendt til ein fabrikk i Troms for å bli dyrefor. Men mye blei liggande og rotne i store haugar og måtte til slutt dumpas på sjøen.

Hittil i år har godt over 20 000 sel gått i garn, og kysten av Aust-Finnmark har vore hardt ramma. Hyselinefiyket og seinotfiske har ikkje kome igang på grunn av selen som skremmer all fisken ut på djupet. Fiskarane i Vardøområdet har fått mengder av sel i torskegarn før i vinter og nå i rognkjeksgarn. Men i år har det ikkje vore noko mottak på land. Først mangla det høvelig lokale for mottak. Så kom ikkje selen når han var verna, men mye seinare, og Fiskeridirektoratets Kontrollverk seier nå at det ikkje er lov å ta selen på land når det er så varmt. Og istaden for å organisere ei fornuftig utnytting av selen, velger fiskeri- og miljøvernstyresmaktene den enklaste løysinga: Dumpe selen på sjøen.

Fordommar

— Det er bare tull at ein ikkje kan bruke selen om sommaren, seier Ingar Iversen. Selen rotnar ikkje meir enn fisk. Men fisken har vi lært oss å behandle slik at han held seg. Om ein parterer selen på sjøen og isar han, kan det gå heilt fint. Mesteparten av selen som druknar i garn har jo blitt kald når garna blir dratt, og sjøtemperaturen utafor Finnmark er enno ikkje meir enn 4-5 grader. Dessutan blir det meste av selen nå tatt på rognkjeksgarn som står like ved land. Det er godt mogleg å ta all selen på land og utnytte han.

— Og dette kjøttet meiner du at vi skal ete...
— I fjor vinter åt eg nesten ikkje anna enn selkjøtt til middag. Og alt var garnfanga, sel som var drukna og døydd med innmat og blod i. Eg la bare kjøttet ei tid i eddikvatn for å trekke ut blodet. Eg laga til kjøtt og serverte til dei tilsette på fagskolen, og alle syntes det var riktig godt. Det er bare ein fordom at ein ikkje kan ete garnselen. Folk forbind det med gamle dagar da folk var fattige og åt sel og måse. Før hadde jo fiskarane eigne kobbegarn som dei satte bare for å få sel. Og på 20-talet hadde Norge ein stor eksport til England og Tyskland av selkjøtt salta i tønner. Den dag i dag fangar dei sel til mat med garn på Grønland.

— Kvifor skjer så ikkje dette her?
— Først er det fordommane som er veldig vanskelige å få utrydda. Så er det ein veldig negativ innstilling hos styresmaktene. Eg har undersøkt med forskjellige instansar. I Helsedirektoratet sa dei at dei ikkje hadde nokon innvendingar mot omsetting av selkjøtt. Men hos veterinærstyresmaktene var det stor motstand. For dei fant ikkje noko regelverk som passa, og sa dei hadde ikkje ressursar for å drive kontroll. Landbruksdepartementet var negative til å tilby selkjøtt på marknaden fordi det var for mye kjøtt på den norske marknaden frå før(!)

Det som trengs er skikkelig marknadsføring. Mange er skeptiske til selkjøttet fordi det er så blodfyllt. Men «blodig biff» er jo eit positivt uttrykk, så kvifor ikkje «blodig selbiff»?

— Men ka skjer når store mengder sel blir dumpa?
— Ingen veit sikkert, for det er ikkje undersøkt. Når sel dør ein naturlig død, dett dei til botns og så sett havets renovasjonsvesen inn. Bl.a. er det mange krepsdyr som lever av daude skrottar. Det går bra når det gjeld ein og ein sel. Men ka når tusenvis blir dumpa? Da vil bakteriene bruke opp oksygenet, og krepsdyra vil ikkje kunne leve der. Når selen rotnar opp blir det utvikla hydrogensulfid og metan. Ved oppdrettsanlegg blir ofte mye forrester liggande på botn under mærene. Da skjer det samme med utvikling av hydrogensulfid og metan. Det har hendt det har utvikla seg store gasslommer som så har sprukke og at all fisken har blitt drept av hydrogensulfid. Derfor er det strenge reglar mot å dumpe sel nær oppdrettsanlegg, og mot å dumpe for nær kysten. Så innbiller ein seg at bare det er djupt nok er problemet løyst. Men der selen blir dumpa er i stor grad oppvekstområde for fisk. Blant anna kan det ramme gytefelt for hyse, og hyseyngelen tåler svært lite hydrogensulfid.

I dag er det opplagt at det er for mye sel i forhold til den maten han skal leve av. Vi må derfor opne for jakt på sel, men han må brukas til mat. Rg ser det som direkte umoralsk å behandle ein matressurs som forureining, seier Ingar Iversen.


Til startsida

sveilund@online.no