Artikkel i Klassekampen, 26.11.1986

FISK OG BANK

Finnmark sponsar Kredittkassen

Tekst og foto: SVEIN LUND, VADSØ

Fylkespolitikarane i Finnmark har nå endelig begynt a oppfatte at det ikkje er i olja framtida ligg, men at det nå ein gong er fisken som er livsgrunnlaget på kysten. Derfor laga dei til ein fiskerikonferanse, den største som nokon gong har vore i Finnmark.

FISKERI

Dette er andre del av ein reportasje frå fiskerimessa i Vadsø. Første del sto fredag 21.11. Finnmark fylkeskommune, OUF (samarbeidsorgan for fiskeindustrien i Finnmark) og Kreditkassen/Fiskernes Bank sto som arrangører av konferansen.
— Kredittkassen er bare med for å finansiere det, forklarte dei frå fylket. En snill sponsor, med andre ord. Kredittkassen hadde sjølv ei anna framstilling av saka.
— Dette ser vi på som rein investering, sa Per Jarle Hellevik, møteleiar og informasjonssjef i Kreditkassen. Investeringa besto bl.a. i lunch og 3-rettars middag med vin og konjakk til alle 100, samt som ein ekstra gest å betale parkeringsbøtene til alle konferansedeltakarane som hadde feilparkert utafor hotellet i Vadsø. Nå nøgde dei seg ikkje med det. Som møteleiar greidde Hellevik å blande mye god reklame og forsvar for Kreditkassen inn i diskusjonen, så ein ikkje visste når det var møteleiaren og når informasjonssjefen som snakka.
Etter at Kreditkassen kjøpte opp Fiskernes Bank har dei satsa mye på fiskerinæringa. På grunn av dei alt for knappe lånerammene i Statens Fiskarbank er mange tvungne ut på den private lånemarknaden. Og der drivas ingen distriktspolitikk.

SKRYT

— Det er ikkje vår oppgåve, som Hellevik sa. Han skrøyt veldig av at dei ga lån til alle, men la etter kvart til at det var ein føresetnad at dei sikkert kunne betale tilbake og at dei hadde ein rimelig eigenkapital. Skal tru kem som har det i dagens Finnmark der store båtar stadig blir solgt fordi eigarane ikkje greier utgiftene. Derimot gir del nå mye lån til båtar som skal drive ombordproduksjon, altså til å fjerne hardt tiltrengte arbeidsplassar i fiskeindustrien. Fleire av deltakarane kommenterte etterpå at her var det nok heller fylket som sponsa banken enn omvendt.

Konferansen talte over 100 deltakarar, og alle slags byråkratar som kan komme borti noko om fisk i papira sine var godt representert. Derimot var det heller få aktive fiskarar. Produksjonsarbeidarar i fiskeindustrien var det heilt fritt for, alle NNN-medlemmane i forsamlinga var tilsette på verkstaden på Nestle i Hammerfest.

KVINNENE

I Finnmark står kvinnene i første rekke bare ein plass, og det er i flyttestraumen ut av fylket. Heller ikkje når «Mulighetenes Fiskeri — Finnmark» skulle diskuteres fekk del sasriig plass. Først på slutten av konferansen fikk ei einslig kvinne slippe til å Snakke til den sterkt manndominerte forsamlinga.

— Ka skal til for å utvikle fiskerisamfunna? spurte Inger Ann Hansen, daglig leiar av Hasvik Utviklingsselskap. Og svarte at kvinnene Sin situasjon var heilt avgjørande. Kvinnene si rolle er endra med mindre barnekull og større behov for arbeid utafor heimen. Men kommunane tar ikkje omsyn til det i planlegginga si. Del planlegg ut i fra mennene sine behov, og kvinnene flyttar. I dag er det kvinneunderskot i 19 av 20 Finnmarkskommunår og fiskeværa hører til del som er hardast ramma. Kvinnene finn vi i underordna stillingar, i fiskeindustrien har dei ofte det hardaste arbeidet og er oftast råka av permitteringar.

BLIR IKKJE FOR Å FØ BARN

— Nå snakkar alle om at kvinnene flyttar. Men spør dei kvifor vi vil at dei skal bli? Om nokon trur at vi vil bli her bare for å fø barn, og helst guttebarn som skal bli framtidas fiskarar, så tar del feil, sa Inger Ann Hansen, og fortalte om Karlsøy kommune i Troms, der det blei foreslått å premiere kvinnene med 5000 kr. pr. født barn.
Vil vi at kvinnene skal bli, må vi bygge ut eit bedre arbeidsplass- og barnehagetilbod, og vi må spørre ka dei sjølv ønsker. Derfor vil nå Hasvik Utviklingsselskap sette igang ei behovsundersøking blant alle kvinnene i kommunen.

— Men eit utviklingsselskap, ka er nå det, spør vi Inger Ann Hansen.
— Jo det er noko fleire Finnmarkskommunår har oppretta dei siste åra. I Hasvik er det eit samarbeid mellom bedriftane og kommimen. Dei har alt fått igang fleire prosjekt; dei bygger gjennomgangsboligar for fiskeindustriarbeidarar og egnebuer for linefiskarane. Del har fått igang oppdrettsnæring og rekneskapskontor for fiskebåteigarar.


Til startsida

sveilund@online.no