Av SVEIN LUND, TROMSØ
- Skal småfisken kunne få vokse opp, må det regulering til. Havforskarane går nå bl.a. inn for å utvide maskevidda i trål og snurrevad frå 135 til 155mm. Men ka gjør så Norges Fiskarlag? Jo dei går istaden inn for at maskevidda i snurrevaden blir redusert til 125mm! Dette heng ikkje saman når Fiskarlaget hevdar å kjempe for bevaring av ressursane. Den som seier dette er Per Alf Andersen, Nord-Norges- sekretær i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeider- forbund. Han er fiskeindustriarbeidarane sin representant i Reguleringsrådet, som er rådgivande for Fiskeridepartementet når dei avgjør korleis fisket skal reguleras.
I regelen følger departementet fleirtalet i Reguleringsrådet, derfor kan samansetninga og den indre drakampen her ha svært mye å seie både for inntekta til fiskeribefolkninga, bevaringa av ressursgrunnlaget og ikkje minst fordelinga fartøy- og produksjonstyper og distrikt i mellom. I fleire tilfelle har Reguleringsrådet gått mot havforskarane sine råd, og tildels med katastrofale følger.
Vi har bedt Per Alf Andersen å fortelle litt om ka som skjedde i denne drakampen da Reguleringsrådet hadde møte sist i mai.
— Men kordan kan Fiskarlaget ha slik makt?
— I Reguleringsrådet har NNN og Sjømannsforbundet i representant kvar, Havforskningsinstituttet,
Fiskeridirektoratet og Fiskeindustriens Landsforening har 2 kvar, mens Norges Fiskarlag har 5. Da må det sjølvsagt bli ein drakamp mellom omsynet til ressursane, til industrien sitt behov for råstoff og til inntekta til flåten. Det eg syns er ille er at Fiskarlaget stiller med fastlåste meiningar, landsstyret deira har på førehand avgjort ka for reguleringar dei vil ha, og så hører dei ikkje på argument. Og styresmaktene lar seg presse.
— Reguleringsrådet har gjort vedtak om tilleggskvote til trålarane. Kordan rimar det med omsynet til ressursane?
- Kystfisket
har vore katastrofalt dårlig hittil i år pga selinvasjonen. Sjølv om kystflåten for resten av året skulle fiske 20 meir enn dei gjorde ifjor, så ville det stå 20-25000t igjen av den samla norske torskekvoten på 342000t. Derfor foreslo eg å overføre 25000t til trålarane, for å sikre råstoff til fiskeindustrien. Vedtaket blei 10000t. Dette skal fordelas likt på alle trålarar, dvs. at ein har gått bort frå at fabrikktrå. larane alltid skal ha 1.4 * ferskfisktrålarane si kvote. Eg hadde helst sett at ferskfisktrålarane fikk alt, men likevel er det eit steg i rett retning. Men veit du ka Fiskarlaget gjorde? Jo, først gikk dei mot tilleggskvote til trålarar i det heile, så gikk dei inn for at fabrikktrålarane fortsatt skal ha meir enn ferskfisktrålarane. Forstå det den som kan! Fabrikktrålarane blei jo bygd for å fiske på fjerne farvatn, men nå ligg dei og fiskar på dei samme områda som ferskfisktrålarane. Vi må ikkje glømme korfor vi skaffa ein trålarflåte; å skaffe stabil råstofftilgang til fiskeindustrien. Var det ikkje for det, hadde vi ikkje trengt trålarar.
Til startsida