Av SVEIN LUND, HAMMERFEST
Klassekampen, 28.03.1990
Underskotet var i fjor på 15 millionar. Bedriften har no starta hardhendte innskrenkingar, men møter motbør frå fagforeninga. 77 arbeidarar blei i slutten av februar sagt opp frå stillingane sine. 31 av dei har fått tilbod om andre jobbar ved bedriften, mens 36 må gå. Dette kjem i tillegg til at talet på tilsette alt er redusert frå 700 til 450 på tre år. Eit rasjonaliseringsfirma er no igang med å sjå på moglege innsparingar, og dei tillitsvalde fryktar at dei enno bare har sett byrjinga.
- Det starta for alvor i november, fortel Otto Skogheim, leiar for NNN-klubben. - Da fikk vi melding om at konsulentfirmaet IMPAC skulle gå gjennom heile bedriften. Samtidig sende dei ut ei liste over 65 arbeidarar som ville bli ramma av flytting eller oppseiing. Vi protesterte og krevde at det blei sett ned prosjektgrupper der arbeidarane fikk vere med. Men det ville ikkje leiinga. Først da vi tok brot og fikk forbundsforhandlingar, gikk dei med på prosjektgrupper. Prosjektgruppene dokumenterte at dei store innskrenkingane, særlig på verkstaden, ville føre til at mye meir måtte kjøpas inn utafrå og at redusert vedlikehald ville gå ut over produksjonen. Men leiinga ville ikkje ta omsyn til prosjektgruppene i det heile. Det blei nytt brot og forbundsforhandlingar, men alt vi fikk ut av det var at vi fikk trukke tilbake oppseiing av tre verkstadarbeidarar.
l.mars sto heile bedriften i fire timar. Arbeidarane i produksjon og vedlikehald streika i protest mot oppseiingane. Etter Hovedavtalen ein ulovleg streik. Om eit internasjonalt konsern med milliardoverskot tar levebrødet frå arbeidsfolk i Hammerfest er det heilt lovlig, men om arbeidarane streikar mot det i 4 timar er det ulovleg og kan bli straffa.
- Vi har kravd opplysningar om kva som er kva innafor dette talet, kva som reelt er underskotet ved fabrikken her, seier Skogheim. Men det har vi blitt nekta, sjølv om vi ved forbundsforhandlingane inngikk avtale om at vi skulle ha tilgang på all informasjon av betydning.
- Likevel er det ingen som har snakka om omstillingsmiddel til Hammerfest, seier klubbleiaren, og etterlyser større engasjement frå politikarane.
- Men bedriften har opplagt eit ansvar sjølv. Lokalsamfunnet og styresmaktene har gjort mye for å legge forholda til rette for Findus, og mye offentlige
middel er lagt inn i bygningar og produksjonsutstyr. Derfor meiner vi bedriften har eit ansvar for lokalsamfunnet.
- Nestlé er den einaste fiskeindustribedrift i landet med eit mekanisk verkstad som ikkje bare kan halde maskinane ved like, men og har laga heile produksjonslinjer. No skal konstruksjonsavdelinga leggas ned, mens verkstaden som for få år sidan hadde nesten 50 mann skal reduseras til 19. Da vil dei ha meir enn nok med det daglige vedlikehaldet. 14 er no sagt opp samtidig.
- Vi meiner bedriftsleiinga er veldig sneversynt, seier tillitsvald Åge Mauno. Dei fleste som er oppsagt er fagarbeidarar med lang praksis, nokre har jobba her i inntil 13 år i eitt. Vi veit at denne tappinga vil føre til problem for produksjonen, men det bryr dei seg visst ikkje om.
- Men når fiskekvotane er så redusert og produksjonen går ned, må det da bli mindre å gjøre for dokker og?
- Jo, det ser vi, og derfor la vi fram eit forslag om korleis vi kan utnytte den ledige kapasiteten. Vi foreslo at det blir oppretta eit eige selskap for dei
som blir overflødige på verkstaden. Dei skulle da kunne bruke maskinane der og lage produksjonslinjer og utstyr for andre bedrifter. Vi tenker særlig på fiskeindustrien i Nord-Norge, kanskje den sovjetiske marknaden og kan bli aktuell.
Da vil disse fagarbeidarane fortsatt vere tilstades på Findus, slik at bedriften kan leige dei inn i eit knipetak. Om dei bare blir sagt opp, risikerer vi
at denne kompetansen ikkje bare forsvinn frå bedriften, men frå landsdelen. Det vi har her er erfarne konstruktørar og ekspertar på fiskeindustri.
Tilsaman så kan vi det aller meste, bare marknadsføring ville vi trenge hjelp til. Dette har vi utreia i samarbeid med eit lokalt konsulentfirma som
fagforeninga fikk til å sjå på saka, og dei meiner marknaden skulle vere ganske stor. For eksempel la dei om filetproduksjonen ute på Sørvær. Da måtte
dei kjøpe heile produksjonslinja frå Danmark. Det er slikt som vi kunne laga. Vi kunne og ta på oss arbeid som reisemontørar.
- Men dette var ikkje bedriftsleiinga interessert i?
- Det var tvert nei. Einaste dei grunnga det med var at Nestlé var her for å drive med fisk, dei akta ikkje å engasjere seg i noko anna.
- No har dokker hatt oppseiingar hengande over hovudet i snart eit halvt år. Korleis er stemninga på jobben?
- Det har blitt ei amper stemning og dårlig arbeidsmiljø. Det er mye forbigåing og brot på ansiennitetreglane. Det er klart folk som har arbeida på
verkstaden i 13 år ikkje vil finne seg i at dei må gå, mens folk i produksjonen med eit års ansiennitet får fortsette. Men dette har vi enno ikkje gitt oss på.
- Utsiktene for råstofftilgang er såpass dårlige i de nærmeste 4-5 år at det er urealistisk bare å permittere folk. VI må tilpasse bemanninga forholdene nå, sier assisterende direktør i Nestlé i Hammerfest, Bengt Nygard. På spørsmål om ledelsen planlegger å legge ned hele virksomheten, svarer han: - Ingen kommentar. Det tilligger ledelsen i Oslo å svare på slikt. Ledelsen i Oslo var imidlertid ikke tilgjengelig for svar.
- Vi vurderer nå hvor mange av de 24 oppsagte NNN-medlemmene vi skal ta ut rettslig stevning på vegne av. Vi aksepterer nemlig ikke disse oppsigelsene, verken utfra et bedriftsøkonomisk eller et samfunnsmessig syn, sier NNN-sekretær Per Alf Andersen.
Bedriften har tilbudt de oppsagte som slutter uten å gå til sak, 30 000 kroner samt at de får slutte nå med lønn i oppsigelsestida. --------------------
— Nestlé Norge har en enorm betydning for sysselsettinga her, ikke bare ved den direkte sysselsettinga, men også ved den indirekte, sier distriktsarbeidssjef Arne Kvam i Hammerfest.
— Når det er permitteringer og innskrenkninger på Nestlé merkes dette i form av avskallinger og permitteringer i all slags virksomhet i distriktet, sier Arne Kvam.
Arbeidsløsheten i Hammerfestdistriktet er høy. Av de 6700 yrkesaktive i distriktet, som også omfatter kommunene Sørøysund, Kvalsund og Hasvik, er nå 920 enten he!t arbeidsløse, på tiltak eller på innskrenket arbeidstid. Tilsammen er derfor nær 14 prosent rammet av arbeidsløshet.
l 1987 var Nestlé-konsernet i det 16. største konsernet totalt i verden. Omsetninga løp opp i en sum av 155 milliarder kroner og resultatet var på nærmere 8 milliarder kroner. Næringsmiddelbransjen seiler nå opp som et av de heiteste satsingsområda for den internasjonale storkapitalen. Innan denne bransjen ligg Nestlé som nummer to på verdsbasis, bare slått av Unilever. Konsernet er ellers mest berykta for sin markedsføring av morsmelkerstatning i den 3.vorden, en markedsføring som mange mener har ført til enorme tragedier for småbarn og småbarnsmødre i fattige land.
______________________________________________________________
Fleire artiklar om fiskerispørsmål
Til startsida