Innafor omtrent all slags fiske eter nå fabrikkskipa seg inn.
I første omgang blir fiskeindustrien ramma, i neste omgang kystflåten. Overgangen til ombordproduksjon betyr ei storstilt overføring av
rikdom frå nord til sør i landet.
Grunnlaget for den spreidde busettinga langs kysten av Nord-Norge er i ferd med å forsvinne. Saman med den økologiske ubalansen i Norskehavet og Barentshavet kan dette gi grunnlag for ei fråflytting som saknar sidestykke i Norgeshistoria. Denne utviklinga skjer medstøtte av statsmiddel, og blir favorisert av regelverket. Dette skjer trass i at den offisielle fiskeripolitikken har som målsetting å bevare busettingsmønsteret. Den tekniske utviklinga har gjort det mogleg og lønnsomt å utnytte Norges fiskeriressurser utan at det bur folk nord om polarsirkelen.
Derfor må denne utviklinga stoppas nå. Det er knapt mogleg å stoppe all ombordproduksjon idag. Men om ikkje stoda skal bli drastisk
forverra, må dette vere eit minimum av tiltak:
Ingen prisstøtte til ombordproduksjon over fiskeriavtalen.
Gjeninnfør konsesjon på fryseanlegg på båtar.
Stopp adgangen til valutalån i
utlandet.
Arbeidsmiljøloven må og gjelde til sjøs.
Forbod mot at norske fiskebåtar leverer direkte til utanlandsk hamn.
______________________________________________________________
Fleire artiklar om fiskerispørsmål
Til startsida