Boka er skreve av Einar Eyþórsson. Som namnet tyder på er han islending, men han har budd i Nord-Noreg sidan 1976 og tatt hovudfag og doktorgrad på studier av ressursforvaltning og levekår i sjøsamiske område. Han har klart det kunststykke å skrive ei bok som både held forskingsmessig mål og er lett tilgjengelig. Han oppsummerer både eiga og andre si forsking på sjøsamane og fiskeressursane, og kjem samtidig med informasjon som aldri før har vore offentliggjort.
Sjøsamane har vore diskriminert og usynliggjort, skriv han, både i forhold til den norske kystbefolkninga og i forhold til reindriftssamar og andre innlandssamar. Boka startar med korleis fornorskingspolitikken har ramma sjøsamane. Kommune for kommune viser han korleis andelen som rekna seg som samar gikk ekstremt ned frå 1900 til 1970. Denne statistikken har vore kjent før, det nye Eyþórsson gjør er at han ser fornorskingspolitikken og nedvurderinga av samane i samanheng med fiskeripolitikken. Nedvurderinga av den samiske kulturen medførte at sjøsamane sine kunnskapar om fiskeriforvaltning aldri blei vektlagt, i staden blei forvaltninga overlatt til havforskarar med teoretiske modellar og eit fiskarlag dominert av storreiarar som bare tenkte kortsiktig profitt.
Det er mange som har forska på sjøsamane, på kulturen og levemåten deira. Men dei fleste har gjort det med eit føreinntatt syn om at det var ein lite livskraftig kultur som var dømt til å gå under. Slik bidro forskarane til nedgangen for sjøsamane med sjølvoppfyllande profetier.
Sjølv om ein del av forskinga i dag kan gi oss verdfull informasjon, blei det gjort lite for å gjøre denne tilgjengelig for dei som blei forska på. Ofte publiserte dei på engelsk, og dei anonymiserte både personar og stader. Med denne boka bryt Einar Eyþórsson med denne forskingstradisjonen. Han brukar konsekvent namn på folk og stader, slik at alt kan kontrollerast, han publiserer på lettlest norsk og han lanserte boka midt i det området som er mest berørt: Indre Billefjord i Porsanger.
Det er ikkje bare den eldre forskingstradisjonen som får gjennomgå. Han hevdar også at jusprofessor Peter Ørebech ved Universitetet i Tromsø har forvrengt historia og ut frå det avvist samisk rett til fiske.
Boka sluttar med å referere Finnmark Fiskarlag sitt vedtak i mars 2008, der dei avviser Kystfiskeutvalget si innstilling om retten til fiske utafor Finnmark. Boka viser korleis dette vedtaket kjem som ein naturlig fortsetting av ein politikk Norges Fiskarlag har ført i fleire tiår. For den som har følgt litt med i fiskeripolitikken vil det ikkje vere noko nytt at Norges Fiskarlag står på dei største fiskebåtreiarane si side, men eg trur aldri det har vore så grundig dokumentert korleis laget direkte motarbeidar både interessene til fjordfiskarane og nødvendige tiltak for å bevare fiskebestandane.
På 1950-talet foregikk det eit eventyrlig sildefiske på Finnmarksfjordane. Eventyrlig for dei store sildesnurparane, men katastrofalt for fjordfiskarar som både blei jaga frå fiskeplassane sine og mista ressursgrunnlaget. Både Finnmark fiskarlag og Havforskingsinstituttet avviste alle protestar, og plutselig i 1969 var det slutt. Det var rett og slett ikkje sild igjen. Boka dokumenterer grundig korleis sjøsamar protesterte kraftig, men til ingen nytte.
Utover 60- og 70-talet kom nye trugsmål mot fiskebestandar og fjordfiskarar. No var det fiske med aktive reidskapar som seinot, snurrevad og reketrål. Igjen protesterte sjøsamane, og igjen forsvarte Fiskarlaget dei store båtane. Nokre av krava om fredning mot aktive reidskapar vann fram, men langt frå tilstrekkelig til å hindre at ein stadig meir effektiv havfiskeflåte sopa fjordane tomme.
I fleire tiår hadde knapt nokon snakka høgt om at dei fleste fjordfiskarane var samar, men rundt 1980 skjedde det ei samisk oppvakning. Når sjøsamiske fiskarar såg at dei ikkje vann fram i Fiskarlaget, måtte dei bruke andre vegar. Dei reiste krav om fjordfredning i Norsk sameråd og i dei samiske organisasjonane. Dei byrja å ymte om at dei som samar hadde rett til fiske ut frå alders tids bruk. Dette var ein raud klut både for fiskebåtreiarane i Fiskarlaget, men også for mange fjordfiskarar, som etter ein hard fornorskingsprosess ikkje lenger ønska å identifisere seg med den samiske bakgrunnen sin.
Det første resultatet av denne samiske vegen å fremme krava på var at frontane hardna. To fiskarar som hadde reist fjordfiskarane sine krav gjennom Samenes landsforbund blei suspendert av det lokale fiskarlaget, med støtte av Finnmark Fiskarlag. Fiskarlaget hevda det var "... uforenlig med medlemskap i Norges Fiskarlag og lokallagene å arbeide aktivt for reguleringer innenfor andre organisasjoner i strid med fiskernes interesser, slik disse til enhver tid fastlegges av fiskarlagene."
Når reiarane i Fiskarlaget hadde overkjørt eigne medlemmar, skulle dei ikkje ha noko av at fjordfiskarane fann andre utvegar til å forsvare levebrødet sitt. Det var sjølvsagt ikkje noko nytt at medlemmar av Fiskarlaget hadde jobba innafor andre organisasjonar, ingen møtte tilsvarande reaksjonar når dei jobba i politiske parti. Men samiske organisasjonar, det var farlig.
Som kjent førte seinare den havgåande flåten sitt rovfiske til ein kraftig reduksjon i bestanden av både torsk og andre fiskeslag. Men staten retta bakar for smed og innførte med støtte av Fiskarlaget kvoteordningar som stengte store delar av fjordfiskarane heilt ute av fisket. Seinare har omsettelige kvotar og strukturordningar peika i same retning.
Dei siste året har mange avisdebattantar avvist at samane har vore tvangsfornorska og undertrykte. Denne boka viser tydelig ei anna historie. Ho viser og korleis sjøsamane både har kjempa både for sitt eige levebrød og for ei økologisk forsvarlig ressursforvaltning. Blir dei no endelig tatt alvorlig?
Svein Lund
-------------------------
Einar Eyþórsson: Sjøsamene og kampen om fjordressursene
ČálliidLágádus 2008
240 s.
Til startsida