Artikkel i Klassekampen, 21.11.1986
DYSTERT BILDE
Ubalansen i Barentshavets økologiske system ei katastrofe for Finnmark
Heile det økologiske systemet i Barentshavet er ute av balanse fordi silda og lodda er fiska opp. Loddebestanden i Barentshavet har blitt så godt som utrydda dei siste 2—3 åra, liksom silda blei på 60-talet.
Av SVEIN LUND, VADSØ (Klassekampen)
Håpet om ei ny sildetid i 80-åra kan vi bare glømme, for dei rike årsklassane i 1984 og 1985 er alt spist opp av torsken. Reka er og kraftig redusert og torsken som alle trudde skulle gi fiskerinæringa eit nytt oppsving svømmer nå rundt sulten og mager. Enno ein gang har ei uvettig rovdrift øydelagt næringsgrunnlaget.
Denne dystre skildringa av stoda ga havforsker Johs. Hamre på ein fiskerikonferanse : «Mulighetenes Fiskeri-Finnmark» i Vadsø forrige veke.
Dei siste åra har ringnot- og loddetrålflåten ausa opp millionar av hektoliter lodde av Barentshavet. Det aller meste er gått til dyrefor, men dei siste åra har produksjonen av lodderogn og konsumlodde for Japan gitt eit viktig tilskot til mange fiskeindustribedrifter. Denne tida ser nå ut til å vere slutt, for nå meiner havforskarane at det i det heile ikkje er grunnlag for loddefiske neste år, og kanskje ikkje på mange år framover.
I FARE
Det viktigaste sesongfisket på Finnmarkskysten har alltid vore vårtorskefisket. På grunn av nedfiska torskebestand og selinvasjon har dette vore dårlig i mange år, særlig på Aust-Finnmark. Strenge reguleringar har fått bestanden på veg opp igjen, og gitt mange trua tilbake på el framtid for fiskerinæringa i Nord-Norge. Men til våren er det spørsmål om torsken i det heile vil komme til kysten av Finnmark, ettersom lodda er borte og det er loddestimane si vandring som har ført torsken med seg. Og kva skal torsken gjøre da? Jo, enten må han gå sørvestover og ete opp resten av silda på Nordlandskysten eller så må han trekke langt nord i Barentshavet og ete polartorsk. Men kem får tak i han der? Det er bare trålarar og andre store båtar som kan gå så langt, og dei har Finnmark og Troms få av, og færre og færre blir det. Da er nok det lettaste å fiske han med frysetrålarar og andre fabrikkskip. Og dei blir det fleire av. På Vestlandet.
TAR FISKEN
— Korleis skal «bedriften Finnmark» klare konkurransen frå fabrikkskipa? spurte Jan Abel Olsen frå Institutt for fiskerifag i Tromsø.
— Hadde Finnmark virkelig vore ein bedrift ville det ikkje vore noko problem, svarte han. For da hadde denne bedriften hatt eigedomsretten til sine eigne ressursar. I staden er det dei som har konseksjon og/eller kvotar som får ta fisken, og konsesjon er knytta til båt. Dei siste åra er mange båtar solgt ut av Finnmark, og konsesjonen har fulgt med. 11984 ble bare 37 prosent av fangstverdien av fisk brakt i land i Finnmark fiska av Finnmarksf låten. Fiskeindustrien i Finnmark er med andre ord heilt avhengig av om framandflåten vil levere der. Og det gjør dei sjølvsagt bare så lenge det er det som lønner seg best. Men det som lønner seg best idag, det er å produsere ombord.
PRODUKSJON
Lengst har dette kome i konsumloddefisket, der 40 prosent av produksjonen nå skjer på sjøen. Og mens 94 prosent av landproduksjonen skjer i Finnmark, sto fremmedflåten for 94 prosent av den produksjonen som skjer ombord. Ombordproduksjon av lodde innebærer ei inntektsoverføring frå landanlegg i Finnmark til framande fabrikkskip, slo Jan Abel Olsen fast.
Også i rekefisket er ombordproduksjon på veg inn. Hittil bare som rundfrysing, men fleire planlegg båtar med rekepillemaskinar. Samtidig er rekebestanden kraftig redusert, og det er overkapasistet ved landanlegga.
I torskefiskeria har ombordproduksjonen til nå vore konsentrert om nokre få store fabrikktrålarar. Men den teknologiske utviklinga har gjort det mogleg å produsere på båtar ned til 60 fot, og slike båtar står nå for 40 prosent av torskefisk
(torsk, sei og hyse) som blir levert til Finnmark. I tillegg vil denne prosenten trulig auke kraftig framover, dersom havforskarane sine spådommar slår til; at torsken må lenger nord i Barentshavet for å finne mat.
Produksjon av fiskefarse som omdannas til etterlikningar av krabbe, kjøtt o.a. er noko ein ventar seg mye av. Surimi og «Swansonmetoden» helter dei to aktuelle prosessane. Mens «Swanson» enno er på forsøksstadiet og ein kranglar om kor den første bedriften skal ligge, er det alt lyst ut 3 konsesjonar for surimiproduksjon ombord, utan at nokon anlegg i fiskeindustrien har satsa på dette.
FAVORISERAS
Dei reiarane som driv produksjon ombord har mange fordelar framfor dei som fører fisken til land, og framfor fiskeindustrien.
Arbeidsmiljøloven gjeld ikkje til sjøs, og Fiskeridirektoratets kontrollverk stiller heller ikkje samme krav, og har ikkje samme kontrollmuligheiter. Sidan ombordproduksjonen blir rekna for meir lønnsam vil bankane lettare gi lån til bygging av slike fartøy.
Innafor konsumloddefisket er det mange eksempel på at sjøprodusentane kastar mye råstoff på havet. Nokon påstår dei bare brukar 1/10 av det dei tar opp og dumpar resten. 9 Vestlands-snurparar blei tatt på fersk gjerning på Varangerf jorden mens dei dumpa lodde. Men dei greidde å vri seg unna med at dei bare spyla dekket!
— Korleis kan så Finnmark møte dette? spurte Jan Abel Olsen, og peika på 3 vegar å gå: Å stramme inn på retten til ombordproduksjon, å auke prisen på fisk levert til fiskeindustrien, og å sjølv satse på ombordproduksjon. Men staten har nylig liberalisert reglane, og ingen ting tyder på at det er hjelp å få. Ei auking av av fiskeprisane vil igjen forverre lønssnemda for fiskeindustrien. Så lenge marknadskreftene får rå i fiskeripolitikken spørs det om Finnmark har anna å stille opp med enn sjølv å hive seg med på galeien og vere med å knekke arbeidsplassane i fiskeindustrien, og med det busettingsgrunnlaget i kyst-Finnmark.
For om vi i ei setning skal oppsummere ka som skjer når produksjonen flyttas ombord er det at 2 kvinnearbeidsplassar på land blir ein mannsarbeidsplass på sjøen.
Til startsida
sveilund@online.no