AP tillet vanvittig rovfiske i Barentshavet

Frå 1984 til 1988 blei det fiska 62,4 prosent meir torsk i Barentshavet enn det forskarane tilrådde. Hovudårsaka til dette er at Norge og Sovjet har sått alt for store kvotar. Trass i dette hevdar statssekretæren i Fiskeridepartementet at dei følger forskarane.

Av SVEIN LUND, HAMMERFEST
Klassekampen 18.08.1989

Vi har så lenge vi har hått ansvaret for fiskeripolitikken lagt avgjørende vekt på forskemes anbefalinger ved fastsettelsen av de årlige kvoter.» Dette seier statssekretær i Fiskeridepartementet, Asbjørn Rasch, i eit avisinnlegg nylig.
— Dette er systematisk desinformasjon, seier Jarl Hellesvik, leiar for Naturvernforbundet i Hammer- fest og førstekandidat på Finnmarkslista. Han har gått gjennom tala i ressursoversikten frå Havforskingsinstituttet, og kome til oppsiktsvekkande resultat.

Hellesvik har samanlikna dei fastsatte kvotane og oppfiska kvantum med det såkalla F-max, eit begrep havforskarane har innført som seier kor mye ein bør fiske for å få det best moglege langtidsutbytte. Fiskar ein meir, betyr det at ein prioriterer kortsiktige interesser framfor langsiktige. Tidligare var det F-max som var grunnlaget for havforskarane sine tilrådingar, men på 80-talet byrja dei ved sida av dette tallet å legge fram «alternative beskatningsmodellar» i tillegg. Disse har så blitt brukt til å tåkelegge at det har blitt fiska alt for mye.

— Dei siste åra har vi vore vitne til eit vanvittig rovfiske, seier Hellesvik. I løpet av ein 4-årsperiode har ein rasert dei to siste sterke årsklassane av norsk arktisk torsk. 83-og 84-års-klassen. To årsklassar er spylt på havet.

—I innlegget sitt seier statssekretær Rasch: «Både silde, forske- og loddebestanden var nedfisket før vi overtok i Fiskeridepartementet. Det er vårt ansvar å bygge disse opp igjen, og det er vi godt igang med.» Ka er din kommentar til dette?
— Ap-regjeringa har gjennomført visse positive tiltak, men i alle avgjerande spørsmål har dei svikta totalt. Eg vil trekke fram fire hovudfeil ved fiskeripolitikken deira:
• Dei har fastsett alt for store totalkvotar. Sjølv i l den desperate situasjonen torsken er i i dag blir kvota for 1989 sett heile 76.5 prosent over F-max.
• Dei har ikkje vore villige. til å følge havforskarane nårdet gjeld minstemål og maskevidde. Først no frå 1.1.90 vil minstemålet på torsk og hyse bli auka med 5 cm.: Men dette er enno for lite, og det kjem alt for seint. Kravet har vore reist frå mange hald i mange år Kvifor var det ikkje «politisk mogleg» å gjøre det før? Og maskevidda er fortsatt ikkje auka.
• Dei er ikkje villige til å kontrollere den havgåande .flåten. Dei er ikkje villige til å ta i bruk metoden med ambullerande kontrollørar, noko islendingane lenge har brukt med stor suksess. Ein kan ha bra mange kontrollørar før det svarer til utgiftene til eit kystvaktfartøy!
— Dei har ikkje vore villige til å skjerpe straffene for ulovlig fiske. I staden får tjuvfiskarane nærast ein klapp på skuldra. Eg vil igjen vise til islendingane, som inndrar konsesjonen ved gjentatte brot på reglane.
— Det er disse fire enkle tinga som trengs å gjøras for få ein heilt anna fiskeripolitikk, ein politikk for å ta vare på ressursane. Kvifor har så ikkje regjeringa vore villige til det? Det fins bare ei forklaring; ein har lytta mest til storkapitalen i fiskerinæririga, til dei som tenker mest kortsiktig.

— Nå har du snakka om den norsk-arktiske torsken. Gjeld det liknande for andre fiskeslag? — For hysa er situasjonen tilsvarande. For både torsk og hyse er totalbestanden i 1989 på eit historisk lågmål. Når regjeringa tillet eit fiske på bortimot det dobbelte av det forsvarlige og samtidig seier dei bygger opp igjen fiskebestandane, fins det bare ei ting å seie: Dei lir av total mangel på ansvar og total mangel på skamvett.

______________________________________________________________

Fleire artiklar om fiskerispørsmål
Til startsida

sveilund@online.no