Av SVEIN LUND, HAMMERFEST (Klassekampen)
Finotro eller Fi-No-Tro tyder Finnmark og Nord-Troms Fiskeindustri. Finotro-planen blei klekka ut av London-regjeringa under krigen. Den nye fryseteknologien skulle gi moderne fiskeindustribedrifter på 10—12 stader etter kysten av Finnmark, og med ei rekke ferskfisketrålarar skulle ein sikre jamn tilgang på råstoff. Men det er nå eingang ikkje så lett å drive planøkonomi under kapitalismen. Først var folket i disse krigsherja områda trassige. Dei ville bygge på gamle tomter og ikkje samle seg akkurat der staten hadde bestemt det skulle vere ein Finotro-bedrift. Så hadde dei private fiskebrukeigarane fått krigserstatnmg og satte igang og kom staten i forkjøpet. Men fem bedrifter blei reist, og seinare blei eit par mindre kjøpt opp. Om nokre av dei har vore mønsterbedrifter så har det snarare vore unnataket enn regelen.
Likevel gikk det etter måten bra til opp i 70-åra. Nå hadde Finotro sine trålarar i lag med norske, russiske, engelske og spanske kolleger nær tømt Barentshavet for torsk. Og i eit anna hav lenger sør hadde eigaren til Finotro funne noko langt meir lønnsamt å bruke pengane på. Og det blei underskot og refinansiering og underskot igjen.
Men det var ein annan bedrift midt oppe i det heile som heile tida gikk med overskot. Det var Findus i Hammerfest, i 60-åra kjøpt opp av det sveitsiske kjempekonsernet Nestlé. Ka var det Findus hadde som ikkje Finotro hadde? Del hadde sitt eige distribusjonsapparat. Staten hadde nemlig innvilga eksportløyve for det sveitsiske storkonsernet, men ikkje for sin eigen kjede av «mønsterbedrifter».
Finotro måtte selge gjennom Frionor Norsk Frossenfisk A/L. Og dette Frionor var eigd av vel 100 private fiskebruk. Om eit av desse eller ein av Finotrobedriftene ville satse på eit nytt produkt, måtte dei få det godkjent av Frionor. Og det var ikkje alltid like lett. For den mektige Frionor-leiinga hadde byrja å få eigne interesser. 11965 starta dei sitt eige vidareforedlingsanlegg i Trondheim (Friogrill), og i 1973 i Alta. I samband med etableringa i Trondheim blei vidareforedlinga lagt ned ved fleire av medlemsbedriftane. Finotro greidde å halde på ei lita avdeling for griljerte produkt i Honningsvåg, men forsøk på å utvide denne har møtt motstand i Frionor. Det har hendt Finotro i Honningsvåg måtte stanse ferdigvareproduksjonen, mens Frionor sine eigne anlegg gikk for fullt. I ein slik situasjon i 1981 kravde NNN i Honningsvåg at Finotro måtte gå ut av Frionor. Fra både Vadsø og Båtsfjord fortellas historier om at planar om å starte vidareforedling har blitt stoppa av Frionor. Derimot har Frionor etablert ein eigen produksjon i USA, basert på halvfabrikata frå Norge. Dei har ein bedrift i Thailand, og planlegg nå å starte opp i Frankrike.
Dette Frionor er det altså som har fått kjøpe statsbedriften Finotro. Om ein da kan kalle det handel. Frionor har så godt som gratis fått dei sju bedriftane og fem trålarar som hører til Finotro. Nå har Frionor lova å investere for 50 millionar, men kor mye som ligg i dette står igjen å sjå. Til samanlikning skal det investeras 90 millionar ved det nye anlegget i Frankrike.
Dei tillitsvalde i Finotro har gitt uttrykk for sterk skepsis til å få Frionor som eigar. Det kan vi så godt forstå.
Til startsida