Svein Lund:
Det er marinbiolog Stig Skreslet som seier dette til Klassekampen. Skreslet er tilknytta prosjektet «Den norske kyststraumen», som mellom anna har undersøkt samanhengen mellom vassdragsreguleringar og oppvekstforholda for fisken i sjøen.
Den store tilførselen av ferskvatn i samband med vårflaumane fører til "gjødsling" av kyststraumen. Dels ved at ferskvatnet fører med seg salter, dels ved at flaumen sørger for sirkulasjon. Det næringstoffrike botnvatnet blir virvla opp til overflata, kor sollyset sett igang produksjon av plantestoffer.
— Eit av utgangspunkta for dette arbeidet er den klare samanhengen vi har sett mellom mengden av ferskvatn som kjem ut i fjordane og årsklassene av torsk på Vestlandet.
Dette får og følger andre plassar på kysten. Vi kan ikkje sjå ei vassdragsregulering isolert geografisk. Kyststraumen, av nokre havforskarar omtalt som riksveg nr. 1 for fiskelarvar, går frå Øresund til Barentshavet. Forandring av sirkulasjon til dømes som følge av regulering på Vestlandet, vil påvirke oppvekstforholda i Lofoten. Ei regulering i Alta vil påvirke forholda i Barentshavet, seier Skreslet.
Nordland Fylkesfiskarlag har i eit vedtak nyleg tatt opp forholdet mellom vassdragsutbygging og fiskeproduksjon. Her krev dei for det første meir forskning omkring desse spørsmåla, for det andre at forholdet må bli tatt med i framtidige konsesjonssøknader.
Til startsida