Artikkel i Klassekampen, mars 1987

ALDRI SETT MAKEN TIL SEL

Av Svein Lund, BERGSFJORD (Klassekampen)

- Nå har eg fiska i 50 år, men aldri har eg sett maken til svart sesong som i vinter. Her er omtrent ikkje ein fisk å få. Om ein får ein torsk, er han så mager at levra ikkje er brukande å koke mølje på. Det einaste vi får er sel.

Disse orda frå Sigurd Johnsen (63), fiskar i Bergsfjord i Loppa i Vest-Finnmark seier det meste om den situasjonen store deler av kysten nå har hamna i. Klassekampen har besøkt fiskeværet Bergsfjord for å sjå ka for virkningar selinvasjonen har på livet her.

Båten blir løfta opp som om han skulle lette frå sjøen. For så å bli slått hardt ned i den neste bølga. Vi kjenner korleis veret tar tak i kroppen og. Vi svettar, skjelv, og snart har dagens middag frå Øksfjord Gjestehus tatt den uungåelige vegen til Finnmark Fylkesrederi sine hendige og lett tilgjengelige reisesjukeposar. M/S Hornøy er ein Westamaran, ein båtype som går fort og har forkorta reisetida kraftig mange stader, men som ein skulle tru var sponsa av ein produsent av sjøsjuketabletter. Etter ein times tid kjenner vi at sjøen blir roligare, og vi er i Bergsfjord. Sjøvegen er einaste vegen til Bergsfjord. Sjølv om fiskeværet ligg på fastlandet, er det få her som har særlig håp om at staten vil rive i dei omlag 160 millionane det er berekna å koste å få vegsamband. Derimot er det planar om ferjekai. Frå neste haust håper dei å kunne ta ferje over til naboane i bygda Sør-Tverrfjord og inn til kommunesenteret Øksfjord. Til da må dei knappe 200 Bergsfjordværingane nøye seg med 8 anløp i veka av westamaran eller av «lokalen» innover til Øksfjord, og omlag like mange utover til dei andre småstadane i kommunen.

Om ikkje kommunikasjonane er dei beste, er ellers ikkje Bergsfjord eit avhol som er blitt liggande etter. Her er eit forholdsvis nytt fiskebruk med 25-30 arbeidarar og filetproduksjon. Her er 2 oppdrettsanlegg, og dei lagar sjølv laksefor av fiskeslog. Her er ein slipp som kan ta opp til 50 fots båtar innadørs. Likevel har her vore ei radikal fraflytting, og det er særlig ungdommen som drar.

I dag er det bare fisken folk i Bergsfjord lever av. Tidligare var kombinasjonsdrift jordbruk/fiske vanlig her som så mange andre stader. I 50-åra var her både hestar og kyr, nå er det bare ein familie igjen som har nokre få sauer.

Mesteparten av været er eigd av firmaet Cort Buck A/S, ein nessekonge-familie som har styrt her i 3 generasjonar.

Bergsfjord i Loppa Sigurd Johnsen bøter garn heime i stua Bergsfjord med fiskebruket

33 kg sidan jul

- Etter jul har vi ikkje fått meir enn 300 kg, fortel Sigurd Johnsen. Dei er 2 mann i ein 26 fots sjark og fiskar med line.
- Januar brukar jo å vere ein god månad på lina, vi tar gjerne borti 100 kg. på stampen eller 500 kg på sjøværet. Nå er det ikkje lønt å gå på sjøen i det heile for oss med småbåtar som ikkje kan gå så langt ut. Det blir reint tap.

Nå ligg dei aller fleste båtane her inne. Det er to garnbåtar som er store nok å gå lenger ut. Og så er det to som er gått til Lofoten for å prøve der. Det er ingen som er i tvil. Det er selen som har jaga torsken ned på djupt vatn. Reketrålarane har funne han igjen nede på leira, på 4-500 meters djup. Lenger oppe er det bare sel å få.

- Ifjor var vi og plaga med denne selen ei tid, men det var ingenting mot dette. Vi ser han stadig ute på fjorden her. I går var det ein som fikk 6 på garn, og i førre veka fikk vi ein på lina og.

- Ka gjør dokker med selen? Nei, ka skal vi gjøre? Her er ikkje noko mottakssystem for han. Ofte er kobben så stor og, at vi ikkje får han ombord i båten. Da er det bare å skjære av forsveivane og la resten gå til botns. Sveivane tar vi med på fiskebruket, så attesterer dei, så vi får søkt om erstatning. - So lever dokker av selskadeerstatninga da? - Å nei, ho er ikkje meir enn knapt til å dekke skadane på garna.

Redusert minstelott

- Enn minstelotten, han skal vel sikre ei rimelig inntekt?
- Nå er det først etter 7 veker at minstelotten begynner å gjelde, og han er avgrensa til maks 170.000,- for ein 4-månaders periode. Styresmaktene har jo redusert minstelotten etter at fiskeriavtaleforhandlingane braut saman.

Kordan ser så Sigurd Johnsen på utsiktene framover?
- Kobben burde jo forsvinne på denne tida. Da må vi da tru at torsken sig opp. men så lenge kobben blir her er det svart.

- Er det fare for at mange må gi opp og selge båtane?
- Det er klart det leiter på for mange. Men eg kan ikkje skjønne anna enn at bankane må gi etter og gi utsetting på avdraga. Dei kan jo ikkje føre heile kystflåten på auksjon? Men det er klart at får vi fleire slike selinvasjonar, da ligg vi dårlig an. Derfor må vi få igang ein kraftig beskatning av selen før neste vinter.

Utsulta torsk

Det er ein ting som bekymrar Sigurd Johnsen misnt lik mye som selplagen. Det er at torsken er så mager.
- Det verste som har skjedd var at ein fiska opp lodda. Nå har ikkje torsken mat. Det er så lettvint å fiske opp ein ressurs. Nå fiskar dei alt for hadt på silda igjen. Trålarane er han lite begeistra for.
- Veit du ka tid fisket var best her? Det skal eg seie deg. Det var rett etter krigen. For under krigen blei det bare fiska med passive reidskap her. Det kan vere noko å tenke på.

Rømte frå Lofoten

Når vi kjem ned på kaia tirsdags morgonen er dei i full gang å losse ein båt. Det er den 49 fot lange garnbåten «Kamsvåg» frå Halsa på Nordmøre som har kome inn med ein fangst. Vel 1800 kg, mest torsk, mye uer og litt brosme og hyse. For å få opp dette har dei hatt 150 garn i sjøen i 2 netter. Nede på 400 meters djup på sørsida av Sørøya fann dei såvidt plass til garna på eit djup ein normalt aldri sett torskegarn, like innafor grensa for reketrålarane sitt område.

- Vi skulle ha vore på Lofoten, fortel Terje Larsen, som kjem frå Narvik og har tatt hyre som mannskap ombord på «Kamsvåg» for sesongen. Nå ser det dårlig ut for at det blir meir enn minstelotten, som for dei blir omlag 5000,- i månaden.
- Nei, vi prøvde med 3 veker på Lofoten, men da måtte vi bare rømme, Ein gang hadde vi 100 kg torsk og 40 kg sei på eit sjøvær. Det skulle bli l kg fisk på garnet. Meir enn 500 kg fikk vi aldri. Det er jo ingenting når vi er 5 mann ombord.

Dei 5 er 3 nordmøringar, 1 nordlending og l finnmarking. Kordan går det, spør vi, med tanke på dei store motsetningane som tradisjonelt er mellom fiskarar frå Møre og Nord-Norge.
- Nei vi har kjempeforhold ombord, svarer dei i kor. Det hadde vore verre med sunnmøringar!

Permittering på fileten

Inne på mottaket blir fangsten frå «Kamsvåg» sløyd og vaska, og seinare blir han salta. Fangsten er for liten til å sette igang filetproduksjon, og dessuten er fisk som har stått 2 netter i garna dårlig egna til filetproduskjon. Så kvinnfolka på fileten vil fortsatt vere permittert, som dei har vore sidan først i desember. Ka tid dei kan komme i arbeid igjen tør ingen å spå om.

"Grinpeisen"

Ka fiskarane og fiskeindustriarbeidarane her meiner om Greenpeace si kampanje mot selfangsten, treng vi ikkje spørre om. Det kjem utbedt, med ei rekke saftige uttrykk.

- Nei «Grinpeisen», vi skulle fått dei hit nå. Så skulle vi lånt dei ein sjark og bedt dei å livberge seg som best dei kunne. Så kanskje dei hadde forstått, og slutta å ta levebrødet frå folk.

Staten si handtering av dei siste fiskeriavtaleforhandligane treng vi heller ikkje spørre om.
- Tenk dei påsto vi ikkje trengte støtte i år, for det var så mye torsk. Jo, eg syns eg ser det! Når vi skal tilbake får vi oppleve ei anna side ved det som er dagliglivet til folket i Bergsfjord. «Lokalen» er 3 timar forsinka, og vi får vente i pauserommet på fiskebruket til gamle, gode M/S Sørøy sig inn og vi legg kursen mot Øksfjord i lag med 3 pallar uer frå Cort Buck A/S, og ei tom argongassflaske frå slippen. Men idag, når vi har tatt sjøsjuketablett, er det bare finværet.


Til startsida

sveilund@online.no